Hopp til innhold

Økokrim skal vurdere om det er grunnlag for etterforsking av Finnes-saka

Medan Økokrim vurderer om Finnes sine aksjehandlar treng etterforsking, krev fleire nok ein gang strengare reglar for aksjehandel.

Pål Lønseth, sjef Økokrim

Pål Lønseth, sjef for Økokrim, seier dei skal vurdere om Finnes-saka skal bli etterforska.

Foto: Tore Linvollen

I dag møtte Erna Solberg pressa og fortalde om ektemannen Sindre Finnes sine 3650 aksjetransaksjonar i tida då ho var statsminister.

Ein gråtkvelt høgreleiar fortalde om korleis Finnes har vore uærleg med henne, og at ho har vore inhabil.

Les også Sindre Finnes hadde 3650 transaksjonar då Solberg var statsminister

– Økokrim har følgt med på informasjonen som har kome fram i offentlegheita rundt Finnes sine aksjekjøp dei siste vekene, no seinast under pressekonferansen til Erna Solberg, seier Økokrim-sjef Pål K. Lønseth.

– Vi kjem til å vurdere om det er grunnlag for opne etterforsking av mogleg brot på reglar i verdipapirhandellova. Det kjem vi til å vurdere i haust, og kjem tilbake til med ei avgjersle.

Liknar på Huitfeldt-saka

Morten Kinander, jusprofessor ved Handelshøyskolen BI, seier det er mange like trekk mellom sakene til ektemannen til Huitfeldt og Finnes.

– Berre i større omfang. Det er ikkje nødvendigvis ei meir alvorleg sak, det kjem an på om det er snakk om innsideinformasjon eller ikkje. Risikoen for at han har brukt innsideinformasjon, aukar på grunn av omfanget.

Bør Økokrim sjå på saka?

– Dei har i alle fall fått eit dilemma fordi dei sa dei ikkje ville etterforske Huitfeldt. Med tanke på Borten Moe-saka er det kanskje ei forventning om at Økokrim bør gjere noko.

Professor Morten Kinander, BI

Morten Kinander er jusprofessor ved BI.

– Mykje må bli rydda opp i

Professor i rettsvitskap og advokat, Mads Andenæs, meiner Statsministerens kontor har eit stort ansvar i saka og seier også at det er ein ukultur der.

Det vitnar om ukulturen på SMK at dei ikkje har lage reglar for politikarne som me har for advokatar, revisorar, tilsatte i finansforetak og styremedlem i børsnoterte selskap. Blant dei er det heilt andre reglar. Slik kan det ikkje halde fram.

Erna Solberg snakker med Joe Biden

Erna Solberg og Sindre Finnes saman med Joe Biden.

Foto: Heiko Junge / NTB

Andenæs meiner det trengst klarare og strengare reglar. Det er Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika eining i.

– Vi må få strengare reglar. Det er mykje som må bli rydda opp i.

Andreassen meiner det er ein systemfeil som gjer at Finnes og andre handlar aksjar.

Eg ber om ein systemdebatt, og ikkje ein persondebatt.

Anniken Huitfeldt har tidlegare innrømma at ho har vore inhabil etter at mannen hennar Ola Flem, hadde kjøpt aksjar i fleire selskap. Det var same periode som Huitfeldt var utanriksminister.

Då gjorde statsminister Jonas Gahr Støre endringar i retningslinjene.

Les også Endrer retningslinjene etter Huitfeldt-innrømmelse

Hennes ektemann har handlet aksjer på Oslo Børs – blant annet i våpenprodusenten Kongsberg Gruppen – mens hun har vært utenriksminister.

Treng ei vurdering

Professor i selskapsrett, Tore Bråthen, seier at det er ytterlegare behov for ein skikkeleg gjennomgang av reglane.

– For det første er det om han har gjort noko alvorleg. Økokrim vil vurdere om det er grunnlag for etterforsking. Arbeidsgivar seier han ikkje har brote nokon interne reglar.

Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri, der Finnes arbeidar seier at det ikkje aksjehandelen ikkje er problematisk for arbeidsplassen til Finnes.

– Hovudregelen for våre tilsette er at dei må følge norsk lov, og ikkje komme i konflikt med eventuell børssensitiv informasjon.

Bråthen seier saka viser at ein bør vurdere om ektefellane til politikarar skal kunne handle aksjar.

Jusprofessor Tore Bråthen ved Handelshøyskolen BI

Jusprofessor Tore Bråthen seier

Foto: Tore Meek / SCANPIX

– Eg tenker kanskje at det kan vere lurt å vurdere det i ein annan samanheng enn akkurat no, i meir ro og mak. Det er mange former for aksjehandel, og nokon former bør ein vurdere strengare enn andre.

Han håper på ein skikkeleg gjennomgang av reglane.

– Om politikarar skal kunne handle aksjar, bør det vere omfattande ordningar om meldeplikt, men eg er ikkje sikker på at politikarar sine ektefellar skal ha ei absolutt forbod i alle samanhengar, seier jusprofessoren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger