Hopp til innhold

– WHO vurderer å endre råd om bruk av munnbind

Verdas helseorganisasjon WHO har hittil ikkje tilrådd at vanlege menneske skal bruke munnbind som eit smittehindrande tiltak. No kan dei vere i ferd med å endre meining.

Syklist med maske ved Brandenburger Tor i Berlin.

Er det naudsynt for friske menneske å bruke munnbind når dei er ute? Her ei kvinne som brukar munnbind på sykkelturen i sentrum av Berlin.

Foto: Odd Andersen / AFP

Ben Cowling er professor i epidemiologi ved Universitetet i Hongkong og rådgjevar for WHO. Han seier til den britiske avisa The Guardian at WHO kan vere i ferd med å lage nye retningsliner for bruk av munnbind.

Dette er dei gjeldande råda frå WHO

Han trur at ei ny tilråding vil tilrå at dei såkalla kirurgmaskene, altså dei mest avanserte munnbinda, berre skal brukast av helsearbeidarar. Men trur at det kan bli aktuelt å tilrå heimelaga masker og andre enklare tøymasker til bruk som eit smittehemmande tiltak.

Noreg er eitt av landa som følgjer WHO i munnbind-spørsmålet, men også her er det mange som meiner at helsestyresmaktene no bør be innbyggjarane bruke munnbind når dei er ute blant folk.

Heimelaga munnbind

Fysikar Jørgen Karlsen.

Jørgen Karlsen meiner Noreg straks bør innføre påbod om bruk av munnbind utandørs.

– Landa som ber innbyggjarane sine om å bruke munnbind opplever at det er effektivt mot koronaviruset. Det må vi straks gjere her i landet også, meiner fysikar og tidlegare forskingsdirektør i selskapet A-viral, Jørgen Karlsen.

Han har gått ut med bodskapen sin både i Ytring på NRK.no , og seinast torsdag kveld i Dagsnytt 18. Han meiner vi må kunne lage munnbinda sjølve, eller prøve å få tak i rimelege munnbind frå til dømes Kina.

– Vi veit at dropesmitte gjennom luft er hovud-smittekjelda. Om du går med maske vil det ta av spruten frå munnen din. Om andre brukar maske vil det beskytte deg. Om alle blir pålagde å bruke maske offentleg så er det ein effektiv, fornuftig og billeg måte å hindre smitte på, seier Jørgen Karlsen til NRK.

Folkehelseinstituttet (FHI) har ikkje gått ut og oppmoda folk om å bruke munnbind, blant anna fordi dei meiner det er ikkje er tilstrekkeleg bevist at det har effekt.

Ser ikkje effekten

Hanne-Merete Eriksen-Volle er avdelingsdirektør i FHIJ.

Hanne-Merete Eriksen-Volle er konstituert avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet FHI.

Foto: NRK

– Vi gir råda våre ut frå ei heilskapsvurdering, og vi tek utgangspunkt i tilgjengeleg kunnskap om smittespreiinga i samfunnet. Slik det er i dag ser vi ikkje ein effekt av å bruke munnbind ute i samfunnet, men samstundes ser vi at munnbind har ein svært stor effekt i helsetenesta. Hittil har vi heller ikkje hatt nok munnbind tilgjengeleg til alle, slik at vi må prioritere dei som jobbar i helsestellet, seier konstituert avdelingsdirektør i FHI, Hanne-Merete Eriksen-Volle.

Ho seier også at det kan bli aktuelt å sjå nærmare på dette med maskebruk når vi kjem i ein situasjon der vi har så god tilgang på masker at det kan bli aktuelt. Ho kjenner også til at WHO fortløpande vurderer dette spørsmålet.

Fungerende assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Espen Rostrup Nakstad er fungerande helsedirektør.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen

Konstituert helsedirektør Espen Rostrup Nakstad har stor forståing for at folk må bruke maske i land der folk bur langt tettare enn i Noreg, men han støttar FHI sitt syn på at det ikkje er forsking som viser at maskebruk har ein effekt i eit samfunn med få smittetilfelle.

– Vi kan risikere å kome i ein situasjon der vi brukar millionar av munnbind og masker til inga nytte. Det er noko heilt anna i land der det er mange smitta, og der dei kanskje står som sild i tønne på T-banen. Då ser eg behovet for å beskytte seg, seier Rostrup Nakstad.

Har innført påbod

Også internasjonalt er det stor usemje om det er eit godt smittetiltak å be friske menneske om å bruke munnbind når dei er ute blant andre. Ein del land, slik som Austerrike og Tsjekkia, har innført påbod om at folk skal bruke munnbind når dei går i butikken.

USAs president Donald Trump har også gått ut og bede innbyggjarane i landet om å bruke munnbind eller skjerf når dei er utandørs . I Kina og Japan har styresmaktene også bede folk om å bruke munnbind.

Forskaren Jeremy Howard frå University of San Francisco har starta ein internasjonal aksjon på sosiale medium for å få folk til å beskytte seg ved hjelp av munnbind. Kampanjen har fått namnet #Masks4all.

Han seier til The Guardian at det er klart at koronaviruset først og fremst spreier seg gjennom dropesmitte. Han minner også om at ein person er smittefarleg dei første sju dagane etter vedkomande sjølv er smitta, og at personen som oftast er utan symptom på sjukdom i denne perioden.

– Alle burde tenkje at vi i utgangspunktet utgjer ei livsfare for folk rundt oss, og at vi kan slenge dropar og mikroorganismar fleire meter rundt oss. Om vi har munnbind på oss, så kan vi dramatisk redusere spreiinga av viruset, seier han.

AKTUELT NÅ