Hopp til innhold

– Unngå å hamne på sjukehus i Hellas og Italia

Nye antibiotikaresistente bakteriar er oppdaga på sjukehus i fleire land i Europa. Norsk professor ber nordmenn vere forsiktige på ferie i utlandet, slik at dei ikkje hamnar på sjukehus.

Superresistente bakteriar på europeiske sjukehus.

Bakteriar som er resistente mot alle former for antibiotika blir eit stadig større problem på europeiske sjukehus.

Foto: Jorge Dirkx / AFP

Professor i medisinsk mikrobiologi ved Noregs arktiske universitet, Ørjan Olsvik, vil ikkje åtvare nordmenn mot å reise til Hellas og Italia, men han oppmodar alle om å vere forsiktige. Ikkje finn på noko som kan føre til at du blir innlagt på sjukehus, seier han.

– Hald deg unna risikoframferd, slik som å køyre skuter gjennom tronge gater i Hellas med shorts. Eller andre typar aktivitetar som kan føre til skadar. Det er fort gjort å skrape seg opp og å få opne sår, seier han til NRK Nyhetsmorgon.

Fri flyt av pasientar

Ørjan Olsvik

Ørjan Olsvik er professor i medisinsk mikrobiologi ved Noregs arktiske universitet i Tromsø.

Foto: David Jensen / UiT Norges arktiske universitet

Ørjan Olsvik trur ikkje det er mogleg å få kontroll over spreiing av multiresistente bakteriar før det blir slutt på fri flyt av pasientar mellom helseinstitusjonar i europeiske land.

– Når ein har vore innlagt på sjukehus i utlandet blir ein kontrollert når ein kjem tilbake til Noreg, men ikkje om ein reiser vidare til eit anna land, seier professoren.

Dei første multiresistente bakteriane vart oppdaga i Sverige i 2008. Opphavet var truleg i India, og bakterien spreidde seg som følgje av såkalla medisinsk turisme.

Fleire sjukehus i Toscana

Det er snakk om den superresistente bakterien Klebsiella pnemunoiae, som den siste tida har spreidd seg frå sjukehus til sjukehus i Toscana i Italia . Derfrå har bakterien spreidd seg vidare til andre europeiske land.

– Det er viktig å setje i verk tiltak. Det blir svært ressurskrevjande, og det kjem nok til å gå med menneskeliv, seier Ørjan Olsvik.

Han fortel at bakterien fører til infeksjonar som er vanskelege å behandle. Dette fordi bakterien har opparbeidd seg eigenskapar som gjer at han er motstandsdyktig også mot den siste generasjon av antibiotika, karbapenemar.

Det var i november i fjor at legar på eit sjukehus i Toscana oppdaga at fleire pasientar var smitta av Klebsiella pnemunoiae-bakterien. Det viste seg at bakterien var motstandsdyktig mot så å seie alle tilgjengelege typar antibiotika.

350 tilfelle i Italia

Ifølgje forskning.no er bakterien no funnen hos 43 pasientar med urinvegsinfeksjonar, 15 med lungebetennelse, 50 blodforgiftingar, pluss i avføringa til 242 pasientar. Berre i Italia er det hittil rapportert rundt 350 tilfelle av bakterien.

Helsestyresmaktene i EU ber no om at sjukehusa i EU og EØS vurderer å registrere alle internasjonale reiser og tidlegare sjukehusinnleggingar for alle som blir lagde inn på sjukehus. Dei ber også sjukehusa om å vurdere å leggje pasientar i isolat, der som dei har vore innlagde på sjukehus der den aktuelle bakterien har vore oppdaga dei siste 12 månadene.

Dei foreslår også å teste alle pasientar som kjem frå andre land, og at det blir teke prøver av internasjonale pasientar regelmessig under sjukehusopphaldet.

Folkehelseinstituttet opplyser at rundt 70 menneske døyr årleg her i landet som følgje av resistente bakteriar.

Ny studie: Flere av verdens elver inneholder alarmerende mengder antibiotika

AKTUELT NÅ