Hopp til innhold

– Uklokt av regjeringa å selje SAS-aksjane

Både LO og opposisjonen på Stortinget kritiserer regjeringa sitt sal av dei norske SAS-aksjane. – Det verkar som om dei sel berre for å selje, seier Terje Aasland (Ap).

VIDEO: Sjå debatten i Dagsnytt 18.

Aasland, som er næringspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, skuldar regjeringa for ikkje å ha langsiktige planar for utviklinga av SAS. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kallar det ein urimeleg påstand. Dei to møttest til debatt i Dagsnytt 18 onsdag kveld.

Terje Aasland vedgår at også Arbeidarpartiet har vore opne for å redusere den statlege eigarskapen i SAS .

– Men for oss har det vore viktig at det må finnast ei langsiktig industriell løysing for SAS for å kunne vidareutvikle selskapet, styrkje rutetilbodet i den norske og nordiske marknaden og å ta vare på arbeidsplassane, seier han.

Langsiktig eigarskap

Aasland får støtte frå SV og Senterpartiet. SV-leiar Audun Lysbakken deltok også i debatten i Dagsnytt 18, og han var klar på at staten ikkje hadde behov for å selje akkurat no.

– SAS treng eigarar som tenkjer langsiktig og som tek samfunnsansvar. Gjennom eigarskap i SAS har staten hatt ei stemme, blant anna om arbeidsforholda i selskapet, sa Lysbakken.

Røe Isaksen viste til at det er eit stort fleirtal på Stortinget for å selje seg ut av SAS, og dermed er ikkje staten ein god og langsiktig eigar. Stortinget vil ikkje putte meir pengar inn i SAS, seier han, og då ser han ingen grunn til å vente med å selje.

Han kritiserer Arbeidarpartiet for å kritisere salet berre fordi det er ei Høgre-regjering som gjennomfører det.

– Kjøparar står ikkje i kø

– Det har vore kjent sidan 2014 at Noreg vil selje seg ut av SAS, men dei langsiktige og industrielle eigarane som Ap og SV etterlyser har ikkje akkurat stått i kø for å kjøpe, sa Isaksen blant anna.

Det er ikkje kjent kven som kjøpte dei norske SAS-aksjane i dag, men det skal ha vore både norske og utanlandske investorar. Det danske finansdepartementet opplyser at den danske staten ikkje er blant kjøparane.

NTB melder at prisen for dei 37,8 millionar aksjane var om lag 597 millionar kroner. Den norske stat har vore deleigar i SAS sidan oppstarten i 1945.

VIDEO: – Uklokt av regjeringa, seier Peggy Hessen Følsvik, nestleiar i LO.

– Ei uklok handling

Nestleiar Peggy Hessen Følsvik i LO, som har lang fartstid som kabinmedarbeidar både i Braathens SAFE og SAS, kallar salet av SAS-aksjane for ei «uklok» handling.

– No har regjeringa selt ut alle moglegheitene til å påverke det nettverksselskapet vi har her i landet. Det må vi ha om vi skal klare å sikre busetnad og næringsliv rundt om i landet, seier ho til NRK.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen forsikrar at SAS kjem til å halde fram som før, trass i salet.

– Alt vi gjer for å sikre ruter der det ikkje er mogleg å drive lønnsamt, vil halde fram. Dei rutene som får statleg støtte vil framleis få pengar, seier han.

AKTUELT NÅ