Hopp til innhold

– Torsdag kveld kjem dei verkeleg store regnbyene

Få av landets vassdrag toler mykje meir nedfør før det kan føre til flaumliknande tilstandar, ifølgje meteorologar. Torsdag kveld kjem dei verkeleg store byene frå Petra inn over Agder-fylka, før det beveger seg nordover.

Se direkterapporteringen fra Kongsberg

Nybrufossen i Kongsberg.

Noregs vassdrags- og energidirektorat NVE har sendt ut flaumvarsel for fleire stader i landet. Samtidig skyl ekstremvêret Petra inn over landet i løpet av dei neste døgna.

Kombinasjonen av overfylte vassdrag og mykje varsla nedbør er årsaka til at Meteorologisk institutt har sendt ut ekstremvêrvarsel.

Flaumen i Numedalslågen ved Kongsberg er onsdag morgon på raudt nivå.

Kjempevått

– Få av landets vassdrag toler mykje meir nedfør før det kan føre til flaumliknande tilstandar. Det er ei vurdering av det moglege skadeomfanget som ligg til grunn, seier meteorolog Øyvind Johnsen til NTB.

– Reint vêrmessig har det ikkje skjedd så mykje i løpet av natta, det er først torsdag kveld at dei verkeleg store byene frå «Petra» vil kome, seier han.

– Ver varsam

– Tenk over kva stader som vart råka av flaumen sist, og unngå å til dømes sette bilen i den garasjen som sist vart overfløymd. Det seier statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt Rafael Løvdahl.

Meteorologen minner folk om å ta flaumen på alvor og åtvarar om å gå for nære elvar.

– Skienselva, Numedalslågen og Nidelva i Aust-Agder spesielt vil ha svært høg vasstand i dei to komande dagane, seier Løvdahl.

I går oppgraderte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) flaumfaren rundt Numedalslågen til raudt nivå, det aller høgste på skalaen.

Tysdag byrja det å fløyme over fleire stader på Austlandet, og det er venta store oversvømmingar også onsdag. Det er fylka Buskerud og Telemark som førebels ser ut til å verte hardast råka, men det er sendt ut flaumvarsel også i andre fylke.

Flom i kjeller i Notodden

Ein kjellar i Notodden er alt oversumt. Vatnet står om lag 1,5 meter opp etter veggen.

– Sikre eigedelane

Også politiet minner folk om å tenke tryggleik i møte med ekstremvêret.

– Det er vanskeleg å føresjå når og kvar det kan råke, difor oppmodar vi folk til å tenke tryggleik og følge godt med, seier operasjonsleiar Olav Myrvold i Søndre Buskerud politidistrikt.

Han ber folk sikre eigedelane sine og tenke godt igjennom kva dei bør gjere i møte med naturkreftene.

– Gi beskjed til oss dersom noko vert farleg, eller dersom ein oppdagar vegar som vert vaska bort eller flaum ved bruer, seier han.

Hit kjem ekstremvêret «Petra»

  • Varselet gjeld Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Østfold, Oslo, Akershus, samt sørlege delar av Buskerud og Oppland.
  • Frå tysdag vil det komme regnbyer, lokalt 20–40 mm på 30 timar.
  • Torsdag kjem eit nytt lågtrykk, og det er venta lokalt 30–70 mm nedbør på 24 timar.
Ekstremværet Petra

Ekstremvêret «Petra».

AKTUELT NÅ