NRK kunne sist veke fortelje om forholda i den vesle kommunen Steigen i Nordland. Det er 438 born i kommunen, og barnevernet har teke 19 av desse borna bort frå foreldra. Dette er fem gonger så mange som gjennomsnittet i norske kommunar.
Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) trur større kommunar kan hjelpe på problema i barnevernet.
Foto: KulturrådetForeldre som har opplevd å miste borna sine til barnevernet i Steigen, ein kommune med vel 2500 innbyggjarar, seier til NRK at barnevernet har laga sine eigne oppfatningar av sanninga.
Fordobling på to år
– Dei gjer ting vi ikkje forstår, kvifor gjer dei det? Det blir berre verre og verre, seier ein av fedrane som har opplevd at barnet har vorte henta ut av barnevernet.
Det har vore ein stor auke i talet på meldingar til barnevernstenesta i Steigen dei siste åra,
.Kulturminister Linda Hofstad Helleland trur profesjonaliteten til barnevernet har med storleiken på kommunen å gjere.
– Dei små barnevernstenestene seier at dei har større utfordringar med å gi eit godt tilbod til borna. Det er heilt avgjerande at kommunereforma no får halde fram med full kraft, slik at vi får sterkare kommunar og ei barnevernsteneste som har brei kompetanse, god innsikt gjennom å ha erfaring frå mange saker, seier ho.
– Sentralisering er ikkje svaret, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
Foto: Lotte Olsen Jessa / NRKHofstad Helleland meiner dette vil gjere barnevernet i stand til å setje i verk mange ulike tiltak på eit tidleg tidspunktet, slik at det ikkje blir nødvendig å ta eit barn ut av familien.
VIDEO: Der borna blir henta av barnevernet.
– Sentralisering er Høgres svar
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har ikkje tru på barneministeren sin medisin.
– Same kva problem det er, så er Høgre skrudd slik saman at sentralisering er svaret. Det har vore utfordringar i barnevernet i både store og små kommunar, og hadde regjeringa brukt like store ressursar på å styrkje barnevernet som dei gjer på prosessen med kommunesamanslåing, så kunne dei ha gjort masse, seier Vedum til NRK.
Kvaliteten på barnevernet har ingenting med storleiken på kommunen å gjere, seier leiar i Fellesorganisasjonen, Mimmi Fiskvik.
Foto: FellesorganisasjonenOgså leiar i Fellesorganisasjonen (FO), Mimmi Kvisvik, reagerer på utspelet om at større kommunar vil gi betre barnevern. FO organiserer mange barnevernspedagogar og sosionomar.
– Ei avsporing av debatten
– Å bruke problema i Steigen som eit kronargument for kommunesamanslåing er ei avsporing. Det er ingen tvil om at barnevernet treng fleire tilsette, men det betyr ikkje større barnevernstenester. Barnevernet må også vere nær, til stades i lokalsamfunnet og i tett samspel med andre tenester, seier ho.
Mimmi Kvisvik seier at trass i at det har kome meir pengar til barnevernet i 2018, så er etaten framleis underfinansiert.
– Medlemene våre fortel om ein hektisk arbeidskvardag der dei må jobbe med altfor mange born samstundes. Vi kjenner til tilfelle der tilsette har hatt ansvar for å følgje opp 40–50 born på same tid, seier FO-leiaren.