Hopp til innhold

– Opposisjon kunne vore bra for Frp no

Christian Tybring-Gjedde (Frp) meiner at Siv Jensen må presentere store sigrar for partiet i kveld, for at dei skal bli verande i regjering. – Å sitje i opposisjon kunne vore bra.

Christian Tybring-Gjedde i Vandrehallen

Stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde deltek på landsstyremøtet i ettermiddag.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Om vi hadde gått ut av regjering på denne saka, så hadde vi synt at vi meiner alvor. Og då trur eg at vi ville ha henta tilbake mange av dei røystene som vi har mista til bompengepartiet, seier Christian Tybring-Gjedde.

Han er stortingsrepresentant og sentralstyremedlem i Frp.

Klokka 16 onsdag møter Frp-leiar Siv Jensen sitt eige landsstyre for å diskutere bompengeopprøret.

– Eg ser fram til å møte landsstyret. Det er ei fin moglegheit til å gi ei orientering om korleis situasjonen er. No skal vi gå gjennom og ha god debatt, seier Jensen til pressa før ho går inn i møtet.

Ho seier at partileiinga er samstemt i kva dei meiner om saka.

– Det er ingen grunn til krisemaksimering. Vi har starta ein prosess og har samtalar med dei andre partia, seier Hans Andreas Limi, parlamentarisk leiar i Frp.

Tybring-Gjedde understrekar at møtet vil vere avgjerande for kva han meiner om framtidig regjeringsdeltaking.

Han har drøfta det å forlate regjeringa tidlegare, men ikkje gått så langt som no. Årsaka er bompengeopprøret. Han kallar situasjonen i byane for «katastrofal».

– Vi mister stemmer i aust og vest, og det må vi gjere noko med, seier han om at partiet mister oppslutning i både Oslo og Bergen på dei siste meiningsmålingane.

– Kva må til for at de ikkje skal gå ut av regjering?

– Då må vi få sigrar av typen nedbetaling av bompengegjeld ved å bruke oljepengar, eller ei heilt ny finansiering av bompengeprosjekt, seier han.

Tybring-Gjedde meiner at det er alvor for partiet no.

– Eg får mange e-postar, og det er veldig få som skryter av kva vi får til i regjering. Eg trur det kunne vore bra å sitje i opposisjon no, slik at vi kan byggje oss opp før lokalvalet om tre månadar, seier stortingsrepresentanten.

Kona til Tybring-Gjedde, Ingvil Smines Tybring‐Gjedde, er samfunnssikkerheitsminister i regjeringa.

Limi: – Ingen enkel sak

Limi seier at dei på møtet i ettermiddag skal sjå på tiltak dei kan få til på kort sikt, men at dei kan trenge meir tid ut over dette møtet.

– Det er ein akutt situasjon der ute no. Ein skal vere rimeleg politisk blind om du ikkje registrerer opprøret. Det er mange døme på at det er dumt ikkje å lytte til folks engasjement. Så vil ein sjølvsagt ha ulik oppfatning av kva som er rett tiltak og kva som er nok, seier Frps parlamentariske leiar.

Han understrekar at dei må vere realistiske og finne tiltak dei kan få fleirtal for på Stortinget.

Ifølgje han, ser dei tre andre regjeringspartia også utfordringane og vil finne løysingar.

– Men til dømes Venstre har eit anna utgangspunkt enn oss, særleg på bypakkane, så det er ingen enkel sak, seier Limi.

– Kor mykje gjennomslag må de ha for å unngå at bompengepartia stel veljarar frå dykk til hausten?

– Det er litt vanskeleg å seie. Først må vi som parti vurdere kva som er tilstrekkeleg. Så må veljarar i neste omgang sjå om dei meiner at Frp, som får gjennomslag og resultat på reduserte bompengar, er eit betre val enn eit einsaksparti som bompengepartia er, seier han.

Han meiner det likevel er bra at bompengepartia bidreg til å skape merksemd og medvit rundt bompengane.

Venstre: – Håper på sterkt samarbeid framover

Mens Frp er samla til på partikontoret like ved Stortinget, tok Venstre-leiar Trine Skei Grande seg ein tur på ein kafe i same bygning.

– Kor godt hadde det passa med å gi ein siger til Frp på verdas miljødag?

– Det viktige for Venstre er å få gjennom det vi har i Granavolden-plattformen.Vi skal alltid prøve å finne gode løysingar, seier Skei Grande.

– Eg håper vi uansett får til eit sterkt samarbeid på borgarleg side framover, held ho fram.

Diskuterer løysingar

Dei siste dagane har det vore hektisk møteaktivitet både internt i Frp og med dei andre regjeringspartia for å finne ulike løysingar.

Partiet treng nemleg noko dei kan vise fram til veljarane i kommunevalkampen.

I forkant av landsstyremøtet onsdag samla fleire fylkesleiarar seg til eit eige møte på Stortinget for å samordne seg og snakke saman.

Klokka 14.30 var det ordinært gruppemøtet for Frp på Stortinget, der stortingsrepresentantar og fleire fylkesleiarar var til stades. Bompengar var ikkje tema der, ifølgje dei ordknappe møtedeltakarane. Dei viser til gruppemøtet om bompengar som blei halde tysdag.

Vil bruke oljepengar

Fleire fylkesleiarar er særleg opptekne av å følgje opp landsmøtevedtaket frå i vår om å bruke pengar frå oljefondet til å betale ned bompengegjelda på eksisterande og planlagde prosjekt.

Dersom dei ikkje får gjennomslag, har éin fylkesleiar foreslått å auke skattane i staden, slik at ein blir kvitt bompengestasjonane. Det har så langt fått lite gehør i resten av partiet.

Andre løysingar kan vere å redusere bompengedelen i ulike bypakkar.

Store problem i dei store byane

Det er særleg frå Oslo og Bergen at dei strengaste krava til partileiinga no kjem. Her betalar folk mykje i bompengar, og Framstegspartiet slit.

I Oslo Frp har valkampsjefen nett gått av, tre månadar før valet. Tysdag hadde fylkeslaget eit ekstraordinært styremøte som gav fylkesleiar Tone Ims Larsen eit klart mandat for korleis ho skal representere Oslo sitt syn på landsstyremøtet.

– Mitt mandat er at folk forventar at det blir brukt oljepengar på å redusere bompengane i hovudstaden. Vi er verdas rikaste land, og det har vi råd til, seier ho.

Larsen meiner at det ikkje er vanleg i andre land at staten gjer så lite for å finansiere samferdselen.

Også i Bergen kjem det krav om at staten må bidra med meir pengar, og at regjeringa må sørgje for at utvidinga av bybanen til Åsane bydel blir skrota.

I Bergen fekk partiet 2,7 prosent på den siste lokale målinga, og førstekandidaten er upopulær i delar av lokallaget.

– Det må mykje pengar på bordet for at vi skal bli fornøgde, seier ein sentral person i Bergen Frp til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger