Hopp til innhold

– Negative lærarar øydelegg for nynorsken

Det er ikkje vanskelege rettskrivingsreglar, men dei dårlege haldningane til lærarar og foreldre som tek livet av dei unge sin motivasjon for å læra nynorsk, meiner Grete Riise i Språkrådet.

Klasserom

Lærarane i den norske skulen er prega av majortitetstenkinga som rår i det norske samfunnet. Deira negative haldningar til nynorsk smittar over på elevane, meiner Grete Riise som er leiaren for Rettskrivingsnemda til Språkrådet.

Foto: Åserud, Lise, Lise Åserud / SCANPIX

Grete Riise

Grete Riise er utdanna lærar, tilsett som rådgjevar for fylkesmannen og var leiaren av rettskrivingsnemnda som har utforma dei nye rettskrivingsmalen i nynorsk.

Foto: Språkrådet

NRK har tidlegare i dag avslørt forslag om sidemålskutt, som Utdanningsdirektoratet har sendt til kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

Sjølv om forslaga gjeld sidemål generelt, har debatten rask utvikla seg til ein diskusjon om eksistensen til nynorsken som eit likestilt skriftspråk i Noreg.

At nynorsk rettskriving er for vanskeleg og tidkrevjande for skuleelevane, er eit argument som går att i debatten:

«(..) det er en del som sliter med skole i utgangspunktet, å det å lære seg nynorsk grammatisk riktig blir en ekstra belastning (..)», skriv ein av lesarane i kommentarfeltet på nrk.no.

«Jeg vet om veldig mange som sliter på grunn av vurdering i sidemål, og at dette ødelegger for dem (I forhold til å komme inn på VGS og lignende)», kommenterer ein annan.

I strupen på lærarar, foreldre og riksaviser

Den 1. august i år trer den nye rettskrivingsmalen for nynorsk i kraft. Då skal nynorsken bli «enklare, tydelegare og strammare», opplyser Språkrådet.

– Som mange andre er eg svært uroa over forslaga til Kristin Halvorsen. Men trøbbel med rettskriving er ikkje årsaka til at elevane slit med nynorsk som sidemål, seier Grete Riise.

Riise var leiaren for rettskrivingsnemnda som i fjor fekk gjennomslag for sine forslag til nye rettskrivingsreglar hjå Kulturdepartementet.

– Sidemålsdebatten handlar uansett ikkje om språket i seg sjølv, men om fleirtalstenkinga i samfunnet som går igjen i haldningane til foreldra og lærarane. I tillegg har dei store riksavisene i Noreg eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. Den språklege toleransen i samfunnet er generelt låg – dermed blir sidemålsfaget vanskeleg og demotiverande for elevane, meiner Riise.

(Saka held fram under biletet)

skoleelev

'(..) det er en del som sliter med skole i utgangspunktet, å det å lære seg nynorsk grammatisk riktig blir en ekstra belastning', skriv ein av lesarane i kommentarfeltet på NRK.no (Illustrasjonsfoto).

Foto: Unspecified / SCANPIX

– Ny rettskriving øydelegg for nynorsken

Stipendiat i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo Klaus Johan Myrvoll er nynorskbrukar, men er likevel sterkt kritisk til den nye rettskrivingsmalen som Riise har stått i spissen for å utvikla.

Klaus Johan Myrvoll

Stipendiat i norrøn filologi Klaus Johan Myrvoll meiner dei nye rettskrivingsreglane som kjem i år ikkje gagnar nynorsken.

Foto: Arthur Sand

«Den nye rettskrivinga forverrar situasjonen til nynorsken», skreiv Myrvoll i ein kronikk i Aftenposten måndag denne veka.

Han meiner den nye malen ikkje gjer nynorsken «tydeleg, enkel, stram» – tvert imot. Myrvoll peikar blant anna på større valfridom og at bokmålspåverka skrivemåtar blir lyfta fram til offisielle former.

Med den nye rettskrivingsmalen kan til dømes setninga «Me ynskjer dykk velkomne» skrivast på 16 ulike skrivemåtar. I tillegg blir ord som «svømma» likestilt med «symja» etter den 1. august.

– Nynorsk anno 2012 har blitt for omfattande, uhandterleg og utvatna. Når éin setning kan skrivast på 16 ulike måtar, er det ikkje ei målnorm lenger. Elevane greier ikkje å gjetta kva som er lov og ikkje lov, seier Myrvoll til NRK.

Evig stridsspørsmål

– Myrvoll ville nok helst hatt ei veldig stram rettskriving. Å fjerna alle valfrie former er ei endring som eg meiner er altfor drastisk, seier Riise i rettskrivingsnemnda til Språkrådet.

Riise, som til dagleg jobbar som seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Hordaland, trur heller ikkje at det er ønskjeleg med så strenge reglar for skriftspråka.

– Dette er og blir eit stridsspørsmål. Nokon står på Myrvoll si side og vil ha veldig lite valfridom. Andre meiner at mangfald er viktig, og at me må kunne farga språket sterkt etter eiga dialekt, seier Riise.

Ho peikar på haldningsendringar, betre tilrettelegging av opplæringa og ei styrking av nynorskkunnskapen til lærarane som viktige tiltak for å heva nynorsken sin status blant elevar i grunnskulen og på vidaregåande.

– Det verste med forslaga som Halvorsen vil ha gjennom, er signalet som kunnskapsministeren sender ut om at eitt av språka våre er viktigare enn det andre. Å fjerna karakterar og eksamen indikerer at ein ikkje har forventningar til elevane, då vil i alle fall motivasjonen stupa, meiner Riise.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger