Hopp til innhold

Hjeltnes rasar mot sidemål-kutt: – Språket blir som ein dårleg frosenpizza

Forslaget om å kutte i sidemålsundervininga vil vere dødsstøyten for nynorsken, fryktar målforkjemparane.

Arne Hjeltnes på Høyres landsmøte

RASER: Nynorskforkjempar og Høgre-politikar Arne Hjeltnes mener forslaget om å kutte i sidemål er en lettvindt måte å handtere problemet på.

Foto: Tomas Moss (med tillatelse fra Høyre)

Reaksjonane er sterke blant målforkjemparar, etter at NRK i dag avslørte at sidemålsundervisninga kan bli kraftig kutta i læreplanen for neste år. I eit brev til kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) blir det skissert fleire forslag som vil gjere sidemål meir marginalt på bekostning av hovudmålet.

  • DISKUTER: Hva syns du om forslaget? Vil det styrke norsk som fag? Si din mening i kommentarfeltet nedenfor!

– Trudde SV var på parti med minoritetane

Skriftleg sidemål blir ståande på ungdomstrinnet og på studieførebuande linje på vidaregåande. Samstundes skal talet på standpunktkarakterar i norsk ned frå tre til to både i ungdomsskulen og på vidaregåande.

Forslaga inkluderer også at elever på ungdomstrinnet slepp ein eigen eksamensdag i skriftleg sidemål, medan eksamen på vidaregåande i sidemål får ei anna, mindre omfattande form.

– I ein skule der ein tek vekk ting som er vanskelege i staden for å gjere det meir interessant, blir språkundervisninga vassen, som ein dårleg frosenpizza, seier nynorskforkjempar og Høgre-politikar Arne Hjeltnes til NRK.

Han er overraska over at SV går god for eit forslag som etter hans meining vil få svært negative konsekvensar for nynorsken sin plass i det norske språket.

Høgre gjekk saman med regjeringspartnarane Ap og SV til val på å jobbe for ei meir reell likestilling mellom nynorsk og bokmål.

Kristin Halvorsen og skoleelever

– GODE GRUNNAR: Kunnskapsministar Kristin Halvorsen meinar det er gode grunnar for å nedprioritere sidemålet.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Soga om nynorsk er soga om Noreg. Nynorsk er ein del av kulturforståinga vår. Kvifor skal ein ha norsk – norsk fotball, norsk mat og så vidare.

– Det er viktig å lære om både språket og kulturen vår. Eg trudde SV var på parti med minoritetane, men no ynskjer eg meg tilbake til den tida då Kristin Clemet var underviningsminister, legg Hjeltnes til.

Jens Kihl, tidlegare leiar i Norsk Målungdom og medlem av SV, er einig.

– Vert museumsspråk

– Det kan ikkje vere slik at me i norsk språkpolitikk berre held oss for øyro. Kvar gong vi diskuterer sidemål er løysinga at vi berre fjernar det. Det må vere grep me kan ta for å gjere nynorsk relevant og spanande for elevane, seier han til NRK.

Redaktør i lokalavisa Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard, fryktar at dette er byrjinga på slutten for nynorsk.

– Det er jo klart. Dersom nynorsken ikkje er i særleg stor bruk, vil den jo døy ut. Resultatet vert at ein får ein nynorsk som ein berre får høyre på norske teaterscenar og av omvisarar på norske museum. Men nynorsk er ikkje eit museumsspråk - det er eit bruksspråk, seier han.

Leder i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård

– UAKTUELT: Leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag vil ikkje akspetere forslaget.

Foto: Kjartan Helleve

Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, avfeiar forslaget frå Utdanningsdirektoratet som «uaktuelt».

– Dette vil svekkje statusen til nynorsk og sidemål på ein måte som vil gje negative konsekvensar utover skulen. Me veit at karakterar er undervisnings- og læringsstyrande for prioriteringa til elevane. Difor må me ha ein eigen karakter i sidemål, både på ungdomsskulen og på studieførebuande linje på vidaregåande, seier Øvregård.

– Framleis berre eit forslag

Kristin Halvorsen understrekar at forslaget på langt nær er vedteke, men meiner det ligg gode argument til grunn. Ho meiner tilbakemeldingar fra både elevar og lærarar viser at norskfaget i skulen er blitt for omfattande og arbeidskrevjande. Det er urealistisk at elevane skal vere like dyktige i begge målformer.

– Dette er først og framst forslag til endringar i læreplanen for å styrkje norsk som fag, seier ho til NRK.

AKTUELT NÅ