Hopp til innhold

– Mykje farlegare å røyke litt enn å ikkje røyke

Talet på unge vaksne menn som seier dei røyker av og til har aldri vore høgare. – Det er ein illusjon om at det ikkje er så farleg, seier lungelege.

Røyking av og til øker blant unge menn, melder FHI

Røyking aukar blant unge menn.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sjølv om fleire har slutta å røyke til dagleg aukar talet på unge som røyker av og til. Det viser den ferske rapporten «Tobakk i Noreg» frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Det er spesielt unge menn som har fått denne vanen, viser rapporten.

Heile 19 prosent av denne gruppa svarte at dei røykte av og til.

Dette er det høgaste talet FHI har registrert sidan målingane om røykevanane til nordmenn starta i 1973.

Blant unge vaksne kvinner var talet litt lågare, med 13 prosent som sa dei røykte av og til.

Festrøyk

NRK møter fleire ungdommar på ein vidaregåande skule i Arendal som fortel at dei ikkje røyker til dagleg, men at dei kjenner ei forventning om å røyke på fest.

Kent Ellefsen og Håkon Evensen

Kent Ellefsen og Håkon Evensen røyker ikkje til dagleg men lar seg lokke til fest.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

– Eg tenkjer at om det hadde vore vanleg kvardag hadde det gått fint å takka nei, men på fest og i helger er det mykje lettare å seia ja, seier Kent Ellefsen til NRK.

Både Kent og kameraten meiner dei passar på at det ikkje blir ein vane men har vondt for å avslå når vener byr på.

– Eg synest det er vanskeleg å seia nei, for det er ofte vener som kjem med den røyken og då vil eg gjerne seia ja og ta ein prat med han medan me røyker, seier Håkon Evensen.

– Meir akseptabelt

Funna om av og til-røyking må sjåast i samanheng med at det stadig blir færre som røyker dagleg, meiner seniorforskar på rusmiddel og tobakk, Tord Finne Vedøy i FHI.

Tord Finne Vedøy, seniorforsker FHI

Forskar Tord Finne Vedøy i FHI meiner det er vanskeleg å vita kva som skal til for å få ned av og til røyking blant unge.

Foto: Lin Beate Gabrielsen / NRK

– Det er nærliggjande å tru at denne fordelinga i ei viss grad reflekterer at av og til-røyking blir rekna som meir akseptabelt enn dagleg røyking, seier Vedøy.

I fjor var det berre éin prosent av unge vaksne i alderen 16–24 som sa dei røykte dagleg.

I staden er det altså blitt fleire som røyker av og til.

– Ein illusjon

– Det er ein illusjon om kontroll ved å berre røyke av og til. Ein illusjon om at det ikkje er så farleg. Det stemmer ikkje, seier lungelege ved Sørlandet sjukehus, Frode Gallefoss til NRK.

Han fortel at det ikkje finst ei trygg nedre grense for røyking.

Det å røykje ein til fem sigarettar dagleg utgjer ein større risiko for tidleg død enn å stumpa røyken heilt.

–Det er mykje farlegare å røyke litt enn å ikkje røyke i det heile. Den største risikoen er hjarte- og karsjukdommar som åreforkalking, åtvarar Gallefoss.

Frode Gallefoss

Lungelege Frode Gallefoss seier det er mykje farlegare å røyke litt enn å ikkje røyke i det heile.

Foto: Lars Gunnar Eie / NRK

Samansett

Dei som røyker av og til er ei samansett gruppe, fortel Vedøy.

– Nokre er på veg ut av dagleg røyking og trappar ned. Andre er på veg inn i dagleg røyking utan å vita det sjølv. Dei startar med av og til-røyking og sklir inn i dagleg røyking, seier Vedøy til NRK.

Han meiner det er vanskeleg å vita kva ein kan gjera for å få ned av og til-røykinga, fordi biletet er samansett.

– Me veit at ein god del unge som byrjar som av og til-røykarar, sluttar etter ein del år. Det er veldig ulik intensitet i røykinga. Nokre røyker mykje av og til, andre svært lite, seier Vedøy.

Heller ikkje Gallefoss har ei god forklaring på utviklinga, men meiner me kanskje står overfor kombinasjonseffektar.

– Det er ein del som både snusar og røyker, eller både røyker og bruker e-sigarett. Ein får fleire nikotinavhengige unge via e-sigarettar og snus, som hos nokon kan føre til av-og-til-røyking, seier lungelegen.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka vart talet på unge vaksne som røyker dagleg feil. Dette er no retta.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger