Høybråten meiner det er god grunn for fleire kommunar til å vurdere å slå seg saman, og nemner at omsynet til kvaliteten i tenestetilbodet og ei betre samordning av transport, bustad- og arealpolitikken er viktige i denne samanhengen.
– Men å tenkje at ein kan leggje heile Noreg på teiknebrettet i Oslo, og dele det inn på ny, minner om måten kolonimaktene delte Afrika i førre århundre, seier Høybråten.
– Typisk Ap-tenking
Reaksjonen mot Arbeiderpartiet kjem etter at nestleiar i partiet, Helga Pedersen, tidlegare i dag føreslo å få fart på kommunesamanslåinga ved å sette ein sentral kommisjon til å teikne Noregs-kartet på nytt.
- Les:
– Det er typisk Arbeiderpartiet å tenkje at ein kan teikne eit nytt kart over Noreg med nye kommunegrenser på Youngstorget. Dette er gamaldags sentralisme som Noreg forlet på 60-talet, seier Høybråten.
Kraftigare gulrøter
Høybråten meiner dette er ein forelda tankegang, og at det ville vore betre å gi betre lokkemiddel til kommunane for å få dei til å slå seg saman frivilleg.
– Gi heller langt kraftigare gulrøter til dei kommunane som gjer dette, seier han.
KrF-leiaren meiner reknestykket for kommunane som vurderer samanslåing fort gir negativ eller liten gevinst, og at det då for mange kommunar ikkje er bryet verd.
- Les også:
- Les også: