Hopp til innhold

– Kan få flytta heim innan sju år

Anders Behring Breivik kan gå fritt etter fem til sju år dersom han blir dømd til tvunge psykisk helsevern, seier ein tidlegare overlege ved sjukehuset som truleg vil ta imot den terrorsikta.

Granli Dikemark

Dikemark sjukehus i Asker er blant dei sikraste psykiatriske avdelingane i landet. Om Behring Breivik hamnar her, vil han ikkje bli innesperra på livstid, trur tidlegare overlege ved sjukehuset, Thor Kvakkestad.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Thor Kvakkestad, overlege og psykiatrispesialist

Overlege og psykiatrispesialst Thor Kvakkestad har 17 års erfaring med paranoid schizofrene pasientar. Han trur ikkje Behring Breivik kan bli sperra inne på ein institusjon for resten av livet.

Foto: Christian Grotnes / NRK

Dei sakkunnige rettspsykiatrane som har utarbeidd rapporten om sinnstilstanden til Anders Behring Breivik har konkludert med at han er paranoid schizofren og utilrekneleg.

Utilreknelege lovbrytarar kan ikkje få fengselsstraff, men blir i staden underlagde tvunge psykisk helsevern ved ei regional psykiatrisk tryggingsavdeling (RSA).

Thor Kvakkestad er psykiatrispesialist og tidlegare avdelingsoverlege ved observasjonsposten på Dikemark RSA i Asker, som truleg vil ta imot Behring Breivik dersom retten tek utilrekneleg-konklusjonen til følgje.

Han spår at Behring Breivik vil kunne bevega seg fritt og bu i eigen bustad om fem til sju år dersom han blir erklært utilrekneleg av retten.

Sjeldan innesperra på livstid

Kvakkestad har 17 års erfaring med behandling av pasientar som er psykotiske og lir av paranoid schizofreni.

Han fortel at det er svært uvanleg at pasientar med psykiske lidingar blir sperra inne i psykiatrien for resten av livet.

– Erfaringa mi er at pasientar med psykopati og schizofreni vil kunne vera ute i samfunnet igjen og bli følgt opp av den lokale poliklinikken etter fem til sju år, seier Kvakkestad.

– Det finst nokre få unnatak der pasientane har ei kronisk liding og ein ikkje får respons ved medisinering, men det skjer svært sjeldan, legg overlegen til.

– Rett til å prøva seg i samfunnet att

Sakkyndigrapport fra rettspsykiatere om Anders Behring Breivik

Rettspsykiatrane sin konklusjon om sinnstilstanden til Anders Behring Breivik blei offentleg tysdag.

Foto: NRK

Årsaka til at ein kan gå fritt sjølv om ein er dømd til tvunge psykisk helsevern, er at det finst ulike former for tvunge vern – med og utan døgnopphald.

Med døgnopphald blir personen sperra inne på institusjonen, og kan haldast der mot eigen vilje.

Tvunge vern utan døgnopphald, som Kvakkestad trur Behring Breivik omsider vil få, tyder derimot at pasienten bur heime eller på ein institusjon, men må kvar tredje eller fjerde veke møta på poliklinikken for å få nye injeksjonar med eit antipsykotisk medikament.

Sjølv om dommen om tvunge psykisk helsevern ikkje blir oppheva før gjerningsmannen er frisk og ikkje lenger utgjer ein fare for samfunnet, vil ein altså kunne vera under tvunge vern utan å vera innesperra.

– Ein pasient som samarbeider, reagerer positivt på medisinane og blir relativt symptomfri, har rett til å forsøka seg ute i samfunnet att. I psykiatrien er ikkje målet å straffa, men å gjera pasienten frisk slik at han kan fungera blant oss andre, seier Kvakkestad.

Meiner politikarane må revurdera lovverket

Tor Langbach

Direktør i Domstoladministrasjonen, Tor Langbach, stiller spørsmål ved bruken av tvunge psykisk helsevern som reaksjon mot utilreknelege lovbrytarar.

Foto: NRK

Direktør i Domstoladministrasjonen, Tor Langbach meiner det er på tide å gå gjennom lovverket og vurdera om også psykotiske personar bør kunne stillast til ansvar for eigne handlingar.

– Politikarane bør sjå på om det systemet me har i dag er godt nok. Det eg særleg tenkjer på er om ein dom på psykisk helsevern reflekterer alvoret i det som har skjedd på ein god nok måte, seier Langbach.

– Psykisk helsevern kan jo føra til at gjerningspersonar berre er internerte i eit par år, legg direktøren til.

Han meiner politikarane ikkje har diskutert problemstillingane rundt bruken av tvangsbehandling som einaste reaksjon for drapsmenn som blir erklært utilreknelege.

– Breivik-saka gir all grunn til å setja seg ned og sjå på det no. Politikarane må gjera jobben sin som lovgjevarar og diskutera desse reglane om utilreknelegheit, seier Langbach.

Spesiell sak

Sjølv om overlege Kvakkestad ikkje trur Behring Breivik blir sitjande innesperra på institusjon resten av livet, understrekar han at den terrorsikta skil seg frå tidlegare pasientar med same diagnose.

Mannen bak dei grufulle terrorhandlingane som tok 77 menneskeliv den 22.juli og såra mange, kjem ikkje til å sleppa ut av institusjonen med mindre dei ansvarlege fagfolka er heilt sikre på at dette er eit betre alternativ for pasienten sjølv og forsvarleg overfor samfunnet.

– Dette er ei spesiell sak som truleg vil bli vurdert meir grundig enn andre saker. Dei ansvarlege vil nok vera påpasselege for å unngå rutinesvikt, men Breivik vil få ei god fagleg oppfølging av psykiatrien i Noreg, meiner Kvakkestad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger