Hopp til innhold

10 spørsmål og svar om Breiviks psyke-rapport

Her finn du svar på 10 viktige spørsmål relatert til rettspsykiatrane sin dom over Anders Behring Breivik.

Rapporten om Behring Breiviks psyke

Rettspsykiater Torgeir Husby er ein av forfattarane bak rapporten der Anders Behring Breivik blir erklært sinnssjuk.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Dei sakkunnige rettspsykiatrane har erklært terrorsikta Anders Behring Breivik som psykotisk og følgjeleg strafferettsleg utilrekneleg.

1. Kva betyr konklusjonen til rettspsykiatrane?

Ein gjerningsperson som blir erklært utilrekneleg skal få straffefritak. Det vil seia at han ikkje kan dømmast til fengselsstraff. Når gjerningspersonen blir vurdert som farleg for samfunnet, blir han i staden underlagt tvunge psykisk helsevern.

2. Kvifor har dei konkludert slik?

Rettspsykiatrane meiner Behring Breivik lir av sinnssjukdomen paranoid schizofreni. Dei meiner massedrapsmannen var psykotisk, både på tida for ugjerningane han er sikta for og under observasjonen dei har hatt av han i ettertid.

3. Kva er paranoid schizofreni?

Paranoid schizofreni er ei av dei mest alvorlege psykiske lidingane som finst. Sjukdomen gir seg utslag i vrangførestellingar og hallusinasjonar om til dømes opphøging av eigen person og forfølging.

Personen kan likevel ha intellektuell kapasitet og normal oppførsel på mange område, men vil ha ein tendens til å isolera seg frå andre personar og kan vera aggressiv.

Sjukdomen kjem av ein blanding mellom arv og miljø. 30 prosent av dei som har diagnosen kan bli tilnærma friske, medan 30 prosent kan bli gradvis verre.

Paranoid schizofreni er den mest klassiske sinnslidinga som gjev straffefritak.

Dikemark sykehus

Den regionale tryggingsavdelinga ved Dikemark sjukehus i Asker vil truleg ta imot Anders Behring Breivik.

Foto: Asker kommune

4. Kva er tvunge psykisk helsevern?

Eit tilbod som samfunnet gir til personar med mentale lidingar gjennom spesialisthelsetenesta. Målet er ikkje å straffa personen, men å gjera han frisk gjennom riktig behandling og pleie.

Ein dom på tvunge psykisk helsevern må forlengast av retten kvart tredje år og kan vara livet ut. Blir personen på eit tidspunkt erklært frisk, vil han kunne bli dømd til å sona i fengsel.

5. Kvar vil Behring Breivik eventuelt få behandling?

Tvunge psykisk helsevern kan berre skje under ansvar av ein institusjon som har særleg godkjenning for det. Han vil bli plassert på ein av dei regionale tryggingsavdelingane i Noreg, truleg på Dikemark avdeling i Asker.

6. Korleis er tryggingstiltaka på slike institusjonar?

Dei regionale tryggingsavdelingane er dei sikraste i landet, og har eit omfattande tryggingssystem.

Behring Breivik vil først bli innelåst på ei lukka avdeling, og tryggingsvurderingane vil bli oppdatert fortløpande av den fagleg ansvarlege ved institusjonen.

Dei tilsette trenar kvar veke på gisselsituasjonar, utagering og fluktforsøk.

7. Kva type behandling vil han få?

Paranoid schizofreni blir behandla med miljøterapi, samtalar med psykolog og antipsykotiske medikament. Medisinane kan bidra til at personen innser at han sjølv er sjuk.

Miljøterapi skal gje pasienten ei føreseieleg tilvære ved å halda stressnivået lågt, matvanane gode og søvn- og døgnrytmen normal. Psykologane skal kartleggja valdsrisikoen og finna ut kva som utløyser psykosen.

Behring Breivik vil ha eit team rundt seg som består av ein overlege som er spesialist i psykiatri, psykolog, sosionom, sjukepleiarar og miljøterapeutar

8. Kva skjer med Behring Breivik no?

Han sit framleis i varetekt i Ila fengsel, men kan bli flytta til psykiatrisk sjukehus når Den rettsmedisinske kommisjonen har gått gjennom rapporten frå dei sakkunnige rettspsykiatrane.

Rettssaka mot Behring Breivik skal etter planen starta den 16. juli 2012.

9. Kva skjer med psykiater-rapporten no?

Rapporten er no sendt til gjennomlesing i Den rettsmedisinske kommisjon, som skal vera ferdig med sitt arbeid rundt jul.

Kommisjonen skal kvalitetssikra arbeidet ved å sjekka om konklusjonen er i tråd med premissane, og at rapporten er i tråd med god norsk rettspsykiatrisk praksis.

Rapporten er dessutan berre ei fagleg tilråding frå psykiatrane. Det endelege vedtaket om tilreknelegheit er det retten som skal fatta. Det er likevel svært sjeldan at retten underkjenner konklusjonen til dei sakkunnige.

10. Vil psykiater-rapporten få følgjer for gjennomføringa av rettssaka mot Anders Behring Breivik?

Rettssaka skal i utgangspunktet gå som planlagt, og sjølve bevisføringa vil ikkje bli påverka. Behring Breivik vil få høve til å uttala seg om handlingane sine.

Men dersom retten tek rapporten til følgje, vil ikkje aktoratet kunne leggja ned påstand om fengselsstraff eller forvaring.

Den terrorsikta må uansett bli kjend skuldig i terrorhandlingane den 22. juli for at retten skal kunne avseia dom om tvunge psykisk helsevern.

Video Her offentliggjøres ABB-rapporten

SJÅ VIDEO: Anders Behring Breivik blir erklært psykotisk og utilrekneleg i psykiatar-rapport.

AKTUELT NÅ