– Dette er første gong eg har gleda meg til noko sidan Odin døydde

Det er litt over eitt år sidan 13 år gamle Odin tok sitt eige liv. I dag vart det arrangert MC-parade mot mobbing over heile landet. Dette var første gongen far til Odin greidde å glede seg over noko sidan dagen då livet vart snudd på hovudet.

Created by InfoDispatcher

I dag vart det arrangert MC-parade mot mobbing over heile Noreg. Overskotet går uavkorta til Odin-stiftinga som jobbar mot mobbing.

– Det er som 17. mai, julaftan og bursdag på ein gong. Det er vanskeleg å skildre kor stort dette er, seier Espen Andersgård.

Han er far til 13 år gamle Odin, som for litt over eit år sidan tok sitt eige liv som følgje av mobbing.

Fleire tusen motorsyklistar over heile landet deltok søndag ettermiddag i ein storstilt parade for å markere avstand mot mobbing. Hovudparaden gjekk frå Odin si heimbygd Aurskog-Høland til Lillestrøm, der opp mot 2500 MC-førarar var med.

Odin Olsen Andersgård

For litt over eit år sidan tok Odin sitt eige liv som følgje av mobbing.

Foto: Privat

– Det største smilet eg har hatt på over eitt år

Espen Andersgård er spent. Han fortel at det er over eitt år sidan han hadde gleda seg til og over noko sist. Det er første gong han har kjent på dette sidan sonen døydde.

– Eg kjem til å ha det største smilet eg har hatt på over eitt år. Å køyre av garde i denne paraden med dottera mi bakpå, det er stort, seier han.

Det var Odins sambygding, Håvar Haaby, som først fekk ideen til MC-paraden.

– Eg flytta frå Oslo då eg var 10 år gammal. Eg vart mobba nesten dagleg for dialekta mi og for at eg var overvektig. Eg vart usikker, hadde lite vener og gjorde det dårleg på skulen, seier Haaby.

Håvard Haaby

Håvard Haaby fekk ideen om ein parade mot mobbing etter at han sjølv vart mobba då han var liten.

Foto: NRK

Ideen fekk han då han gjekk i fakkeltog mot mobbing i fjor. Då strøyma minna frå barndomen fram.

Odin har vekka kjensler over heile landet

MC-paraden mot mobbing vart arrangert fleire andre stadar i landet i dag. Kring 300 menneske frå MC-miljøet i Kristiansand møtte opp på Torvet for å markere si avsky mot mobbing.

Også i Hedmark har historia om Odin vekka engasjement. Eit massivt MC-tog frå Kongsvinger til Elverum og Hamar var beviset på det. Liknande parader med fleire hundre deltakarar vart også arrangert i Trondheim, Sogn og Fjordane og Vestfold.

Initiativtakar Håvard Haaby fortel at felles for alle MC-paradane er at dei samlar inn pengar til Odin-stiftinga, som arbeider mot mobbing.

Odin Olsen Andersgård ble 13 år. Han tok sitt eget liv etter å levd med mobbing på to skoler

Etter VGs dokumentar om mobbeofferet Odin Andersgård Olsen har mobbing i skulen igjen hamna på nasjonal dagsorden. Sjå innslaget om Odin i Dagsrevyen her.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger