– Alle privatistar skal få ta eksamen

Kunnskapsminister Guri Melby (V) lovar at alle privatistar får ta eksamen i god tid før inntaket til høgare utdanning.

Videre tiltak for å håndtere koronapandemien. Utdanningsminister Guri Melby.

Utdanningsminister Guri Melby (V) lovar at alle privatistar skal få ta eksamen i løpet av våren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Vi jobbar med å finne gode løysingar for privatistane, og saman med fylkesutdanningssjefane i alle fylka er vi samde om at ingen eksamenar skal avlysast. Vi har ei arbeidsgruppe som ser på konkrete tiltak, som tek omsyn til smittevern, seier Melby til NRK.

Topp prioritet

Ho forsikrar om at privatistane har høg prioritet både for henne og fylkeskommunane.

Dei eksamenane i Oslo som var tidfesta til april, er utsette. Men kunnskapsministeren ber alle privatistar som er oppsette med eksamen i mai, om å førebu seg som om eksamen skal gå på den datoen dei har fått tildelt.

– Det kan bli ytterlegare utsetjingar, men det er viktig at dei førebur seg til den oppsette datoen, seier Guri Melby.

NRK har tidlegare snakka med privatistar som er urolege for om eksamen blir avlyst . Melby svarte då at dei jobbar med å finne løysingar for privatistane, men no kan ho altså love at alle skal få ta eksamen innan opptaket til høgare utdanning.

Mange privatistar har etterlyst alternative måtar å gjennomføre eksamen på, slik som heimeeksamen eller videokonferanse. Kunnskapsministeren synest ikkje dette er tida til å eksperimentere med eksamensform.

Praktiske ordningar

– Vi må sjå på praktiske ordningar slik som å gjennomføre eksamen i mindre rom med færre til stades, men dette er ikkje tida for å gjere store endringar i den praktiske gjennomføringa av eksamen, seier ho.

Datoen for første søknad til høgare utdanning, 15. april, gjeld framleis. Ho minner om at det er mange sjansar til å gjere endringar på søknaden, sidan det endelege opptaket ikkje skjer før godt ut i juli.

– Det er viktig at alle privatistar les hardt til eksamen og førebur seg godt, oppmodar ho.

Når det gjeld innsending av dokumentasjon, så jobbar ei gruppe med folk frå departementet og fylkeskommunane med å sjå til at eksamen skal gjennomførast etter dei oppsette fristane.

– Vi skal få gode svar frå denne gruppa etter påske, avsluttar Guri Melby.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 16.01.2022
57 847
Smittede siste 7 dager
231
Innlagte
1 381
Døde
4 298 830
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger