Hopp til innhold

Palassrevolusjonen

I dag er det 30 år sidan Gro Harlem Brundtland blei statsminister fyrste gong, og den fyrste kvinnelege statsministeren i landet. 4. februar 1981 byrja hennar meir enn femten år lange tid heilt på toppen av norsk politikk.

Gro Harlem Brundtland, Norges første kvinnelige statsminister.

ARKIVBILETE: Gro Harlem Brundtland vart den første kvinnelege statsministeren og den første leiaren i Arbeidarpartiet. Biletet er frå då regjeringa Harlem Brundtland vart utnemnd i 1981.

Foto: Scanpix

Maktovertakinga skjedde på dramatisk vis etter langvarige vanskar og stridar på toppen av Arbeidarpartiet.

Ho tok over etter ein svekka statsminister Odvar Nordli. Han fekk ikkje regissere sin eigen avgang slik han ynskte.

Dramatikken blei utløyst på eit møte heime hjå parlamentarisk leiar og tidlegare statsminister Trygve Bratteli den 1. februar.

Støtte frå alle kantar

I slutten av januar 1981 sende Arbeidernes Pressekontor ut ei melding om at statsminister Odvar Nordli ville gå av. Nordli prøva å dementere meldinga. Men no rulla alt fort. Det var ein lynaksjon.

Det kom stønadserklæring for Gro Harlem Brundtland som ny statsminister frå mange kantar i partiet. Partileiar Reiulf Steen forsto at han ikkje eingong kom til start i kapplaupet.

Nordli sjølv ville ha partiveteran og miljøvernminister Rolf Hansen som etterfylgjar. Og han hadde stønad mellom anna frå LO-leiar Tor Halvorsen.

Det var ein intens periode med meir eller mindre opne kampanjar og intrigespel i krokane. Kløyvinga var djup.

Video Brundtlands første regjering

VIDEO: Brundtlands første regjering på Slottsplassen.

Klimaks

Nordli trudde at Rolf Hansen hadde sagt seg viljug til å bli statsminister.
I sluttfasen var det ikkje rett, og difor blei klimaks i denne palassrevolusjonen så dramatisk.

Det heile skjedde i partiets såkalla samordningsutval. Der sat statsminister Odvar Nordli, partileiar Reiulf Steen, nestleiar Gro Harlem Brundtland, partisekretær Ivar Leveraas, parlamentarisk leiar Trygve Bratteli og LO-formann Tor Halvorsen.

Då det avgjerande møtet den 1. februar byrja var det etter det hardnakka påstandar sier berre statsministeren og LO-leiaren som ikkje visste at Rolf Hansen alt hadde nekta å bli statsminister.

Odvar Nordli sa at Hansen skulle bli statsminister. Rolf Hansen svara med å peike på Gro Harlem Brundtland.

Dermed var det gjort – og resten var sandpåstrøying i dei formelle partiorgana.

Okkupasjon

Alt dag ein i statsministerstolen baud på ekstra utfordring for Gro Harlem Brundtland. Nokon hadde organisert eit møte med ei gruppe samekvinner.

Dei ville leggje fram sine kritiske synspunkt om Alta-utbyggjinga. Kanskje hadde dei voner til den tidlegare miljøvernministeren Gro.

I alle fall – etter kvart blei det klårt at dei hadde tenkt å gje seg til. Dei okkuperte rett og slett kontoret hennar. Og det blei både kveld og natt før dei gjekk med på å dra seg attende.

Brundtland gjest hos Fredrik Skavland

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland var gjest i talkshowet Skavlan i fjor.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

All makt

Folka rundt Reiulf Steen meinte at Gro Harlem Brundtland hadde gjennomført eit kynisk maktspel for å koma til topps.Men Steen måtte på landsmøtet trekkje seg som partileiar, delvis etter trugsmål frå landsfader Einar Gerhardsen om offentleg å be han trekkje seg.

Så blei Gro Harlem Brundtland partileiar også. Toppverva var på nytt samla.
Høgre-bylgja feia ut regjeringa hennar alt hausten 1981.

Men ho sette i gang opposisjonstilværet med høg energi. ”I have been, and I shall be the prime minister of Norway”, skal ho sagt i ein festleg samanheng i Washington. Det slo som kjent til.

– Pantsett bondedreng

Bakgrunnen for dramatikken var langvarig. Gro Harlem Brundtland kom inn i Brattelis regjering i 1974. Alt året etter blei ho nestleiar i Arbeidarpartiet.

I 1975 var det harde rivingar om kven som skulle fylgje etter Bratteli som partileiar. Det blei så vanskeleg at partiet valde Reiulf Steen til leiar, medan Odvar Nordli blei sett til å bli statsminister då Bratteli trekte seg.

– Eg var som ein pantsett bondedreng, har Nordli sagt.

Bratteli trekte seg i 1976. Men ordninga med å dele toppverva i partiet blei etter kvart krevjande. På eit vis blei det ein vedvarande arvestrid.

Generaldirektør for Verdens helseorganisasjon

Gro Harlem Brundtland vart valt til generaldirektør for Verdas helseorganisasjon WHO i 1998. Ho hadde stillinga til 2003.

Foto: Donald Stampfli / AP/Scanpix

Plaga av lekkasjer

Mot slutten av 1970-talet var toppleiinga farga av mistru mellom statsministeren og partileiaren.

Mange har vitna om eit statsberande parti som rotna på toppen. Partiet blei plaga av lekkasjar frå de indre sirklane.

Lekkasjar som det lenge etterpå blei godtgjort at partileiaren var opphav til (gjennom samtaler som den seinare så vidgjetne møbelhandlar Arvid Engen gjorde opptak av og formidla vidare).

Politisk vanskar

Under Nordli dreiv regjeringa med ”motkonjunkturpolitikk”. Lånefinansierte hjelpepakker til næringslivet for å tryggje arbeidsplassar .

Denne forskotteringa av oljeinntekter blei kalla ”Kleppe-pakker”, etter finansminister Per Kleppe. Men mot slutten av tiåret kom det tilstrammingar, og det kom løns- og prisstopp.

Samstundes blei det strid om NATOs vedtak om utplassering av mellomdistanserakettar i Europa. Og regjeringa fekk dei sterke reaksjonane mot utbyggjing av Alta-vassdraget.

Partileiaren hadde personlege problem (som han seinare også sjølv har skildra). Statsminister Odvar Nordli blei sliten, og etter kvart sjuk.

Han ymta internt om at han tenkte å gje seg, men fekk altså ikkje styre sin eigen avgang og kven som skulle fylgje etter.

Det var både personlege og politiske trengsler rundt leierskapen i Arbeiderpartiet da Gro tok over.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger