Hopp til innhold

- Umogleg å stoppe drapsmannen

Psykiataren Ulf Åsgård meiner mannen som tilsto drapet på Engla hadde oppførsel som ein automat.

Engla (10) Juncosa-Höglund. 42-åringen på bildet har tilstått.

Den svenske psykiataren fortalde i Redaksjon EN i kveld at mannen har seriemordaråtferd og oppførsel som vitnar om tvang.

Umogleg å stoppe

- Når folk som han fyrst har fått slike lyster, held dei fram utan kontroll og klarar ikkje stoppe, forklarar han.

Åsgård karakteriserer mannen som ein samfunnstapar.

- Han er ein stakkar som har mista kontrollen over livet sitt. Ein person som har vanskar med kvinnelege relasjonar, derfor utøvar dei makt ved å bruke vald, seier psykiataren.

- Menn som overfaller og voldtar kvinner og går etter småjenter, blir aldri friske, meiner leiar for rettspsykiatri, Yngve Ystad.

Ville vald ein mann

Tidlegare leiar for mordkommisjonen i Kripos, Ola Thune, er litt overraska over at det er to kvinner som leiar avhøyret av mannen.

- Det er mogleg eg er fordomsfull, men eg ville nok vald ein mann. Ein mann ville kanskje ha fortstått han betre. Men det viktigaste er sjølvsagt å få han til å fortelje på eige initiativ, understrekar Thune.

Svensk politiet melder om at det har vore spesielt vellukka å bruke desse kvinnene i denne saka. Dei viser til at tilståinga kom veldig raskt.

Bjørn Tvedte-Berge er tidlegare etterforskar i Kripos. Han meiner det er svært viktig å skape ei trygg stemning under avhøyra.

- Etterforskarane må vere kompetente og dei må gje av seg sjølv. Dei må respektere mannen og skape eit trygt klima for han. Tryggleik smittar og ein er avhengig av at han må få lyst til å forklare seg, seier han.

Foreldre må fylgje med

Marianne Borgen arbeider i Redd Barna og har jobba med barn, internett og misbruk lenge før dei fleste andre begynte å ta tak i problemet.

- Mykje tyder på at det er eit aukande problem, men vi veit for lite om det fordi det er så få som blir avslørt for det. Det er veldig enkelt å bruke nettet for å sirkle inn offeret sitt, seier ho.

Borgen oppmodar foreldre til å fylgje betre med på kva borna driv med på internett.

- Foreldre er veldig flinke til å fylgje borna på fotballtrening, dans og andre aktivitetar. Dei bør bli flinkare til å fylgje opp ungane når det gjeld bruk av internett også, seier ho.

NETT-TV: Sjå Redaksjon EN

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger