Hopp til innhold

Eklund forklarer seg om Engla

Av respekt for familien til Engla, går saksgangen bak stengte dører.

Rettsaka mot Anders Eklund er i gang for andre dagen i Stockholms Tingsrätt.

Rettsaka mot Anders Eklund er i gang for andre dagen i Stockholms Tingsrätt.

Foto: ROGER VIKSTRÖM / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Rettargangen mot Anders Eklund er i gang for andre dagen.

Mor gret

I dag handlar det om mordet på ti år gamle Engla Juncosa Höglund, medan gårsdagen dreia seg om drapet på 31-åringen Pernilla Hellgren for åtte år sidan.

LES: - Ikkje meininga å drepe

Mor til Engla gret høglydt i det skildringa av hendinga vart lese opp. Ansiktet til Eklund viste ingen kjensler.

Aktor Patrik Säflund innleia rettsmøtet med å fortelje at Engla spelte fotball i Stjärnsund i Midt-Sverige laurdag 5. april. Ho ville sykle heim sjølv etterpå.

LES: Englas bortføring dag for dag

- Men Engla kom ikkje heim, sa Säflund. Han fastslo at det same dagen vart innleidd ein omfattande leiteaksjon, og fortalde om arrestasjonen av den 42 år gamle lastebilsjåføren Anders Eklund.

Storstilt leiteaksjon

Då Engla ikkje svarte på telefonen, sette mora seg i bilen og reiste ut for å leite etter henne. Ho fann sykkelen til dottera i ei grøft i skogen.

Det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon. Fleire hundre menneske leita etter Engla i fleire dagar.

LES: Letingen etter Engla er avsluttet

To dagar etter at Engla forsvann blei Anders Eklund pågripen.

Ein amatørfotograf som var ute og testa det nye spegelreflekskameraet sitt, hadde med 46 sekunds mellomrom fotografert Engla på sykkel og Eklund som køyrte på same vegen med bilen sin.

LES: Her er bildene som førte til arrestasjonen

Blodspor i bilen

Etter åtte dagar tilsto han å ha drepe Engla. Aktor seier det er funne blodspor etter Engla i bilen til Eklund.

Eklunds forsvarar, Leif Silbersky, sa i retten måndag at Eklund innrømmer å ha gjort det han er tiltala for. Silbersky meinte at tiltalepunktet om grov voldtekt mot Engla blir fullstendig overskygga av drapet, og at Eklund dermed ikkje kan dømmast for valdtekta.

Etter framlegget til aktor forklarar Eklund seg om drapet. Forklaringa kan bli detaljert, og retten held fram med saksgangen bak lukka dører i respekt for familien til Engla.

LES: Eklund knyttes til norske kvinner

SISTE NYTT

Siste nytt