NRK Meny
Normal

Facebook til NRK: – Umogleg å få innsyn i sletta Breivik-kontoar

Facebook tvilar på at det er mogleg å gjenoppretta dei sletta brukarkontoane til Anders Behring Breivik, som politiet har bede om innsyn i.

ABB_gutterom_BRUK

Anders Behring Breivik brukte mykje tid på internett og sosiale nettsamfunn då han frå 2006 førebudde terroren frå guterommet i bustaden til mor si i Oslo. Facebook seier ei misforståing må vera årsaka til at politiet framleis ikkje har fått svar på alle førespurnader om innsyn i Facebook-profilane til den terrorsikta.

Jan Fredriksson

Jan Fredriksson er talspersonen til Facebook i Norden.

Foto: Privat

Eit halvt år etter 22.juli-terroren ventar politiet framleis på svar frå Facebook om tilgang til Anders Behring Breivik sine sletta og stengde brukarkontoar, ifølgje Aftenposten.

Politiet er særleg interessert i to kontoar som Breivik sjølv sletta i 2010. Facebook ber no om orsaking for at norsk politi har venta «unormalt lenge», men seier det truleg lite dei kan bistå med.

– Det kjem an på kva måte Breivik har fjerna desse kontoane. Er dei deaktiverte, finst det framleis ein sjanse for at ein kan finna tilbake til informasjonen. Har han sletta dei fullt og heilt, så er informasjonen borte, seier Facebook sin talsperson i Norden, Jan Fredriksson til NRK.

Brukarprofilen som framleis var aktiv då Breivik gjennomførde terrorhandlingane, stengde Facebook av få timar etter at namnet på massedrapsmannen blei kjent. Denne kontoen er det framleis håp om å kunne henta ut informasjon frå.

– Nyttig for etterforskinga

I samband med 22.juli-etterforskinga er det sendt ut mange rettslege førespurnader om ulike former for bistand frå styresmakter i andre land.

Per i dag står 8-10 slike kravsmål ubesvarte.

Fleire av kravsmåla gjeld innsyn i Breivik sine mange nettkontoar, som han brukte han mykje i forkant av åtaka, til å kommunisera med andre, spreia informasjon, henta inspirasjon og finna fram til meiningsfeller.

Allereie to dagar etter den 22.juli sende politiet rettslege førespurnader om innsyn til blant anna Google.com, Ask.com, Anonymizer.com, viser etterforskingsmateriale som NRK kjenner til.

Informasjonen dei ber om er søkjeord, besøksloggar, IP-adresser, lenkjer og andre relevante elektroniske spor.

Breivik Facebook

– Terrorsaka i Noreg er ekstrem. Eg kan ikkje forstå anna enn at den ligg høgt på prioriteringslista, seier ein Facebook-talsmann om den lange ventetida for innsyn i brukarkontoane til Anders Behring Breivik

Foto: NRK/SCANPIX

Venta i 3,5 månader

Politiet har også bede om å få utlevert identitetane og kontaktinfoen til seks brukarar av online-spelet World of Warcraft, frå selskapet Blizzard Entertainment SAS.

I tillegg ønskjer dei utskrifter av samtalar som Breivik skal ha hatt med andre spelarar. Særleg to spelarar den terrorsikta har hatt kontakt med via spelet har politiet merka som høgt prioriterte

– Me har fått innsyn i ein del, som har vore nyttig for etterforskinga. Internett er ei sentral kjelde til informasjonsinnhenting i denne saka, opplyser informasjonsansvarleg i politiet si 22.juli-eining, Roar Hanssen.

Likevel venta politiet til november før dei bad amerikanske styresmakter om å få utlevert informasjon frå Breivik sine Facebook-kontoar.

Byråkratisk propp

Hanssen seier det tok tid fordi etterforskinga gradvis har avdekt nye spor og koblingar. Han påpeikar også at å få svar på slike innsynsbegjæringar er ein møysam prosess.

Facebook får stadig vekk kravsmål om innssyn frå politi rundt om i verda. Det er ein domstol i delstaten California som handsamar kravsmåla, ettersom selskapet Facebook Inc. har sitt hovudkvarter der.

– Rettsoppmodingane går gjennom ganske mange ledd i Noreg før den går vidare til styresmaktene i USA. Der må den ein ny runde i byråkratiet. Deretter hamnar den i domstolen som skal handsama saka, fortel Hanssen.

Facebook ber om orsaking

Men Facebook tek sjølvkritikk på at dei ikkje har fått fortgang i prosessen i denne spesielle saka.

Talsmannen for Facebook i Norden fortel at selskapet har ei prioriteringsordning, der alvorlege saker som gjeld drap og barneporno kjem først, medan mindre grove lovbrot må venta lenger.

– Terrorsaka i Noreg er ekstrem. Eg kan ikkje forstå anna enn at den ligg høgt på prioriteringslista. At norsk politi har venta tre månader på svar er unormalt og beklageleg. Det må ha skjedd ei misforståing, seier talspersonen for det populære nettsamfunnet i Norden.

– Eg vonar at politiet vil ta kontakt med oss på ny for å fortgang i dette, legg han til.

Dette kan Facebook henta ut

Eit hemmelegstempla dokument som har lekt ut på internett avslører kva Facebook kan gje politiet om ein mistenkt eller sikta som har ein profil i nettsamfunnet. Ifølgje dokumentet kan politiet få ut:

  • ein «neoprint» - ein utvida profil
  • kontaktinformasjonen til brukaren
  • alle bilete lasta opp av vedkommande
  • bilete der personen er merka
  • Informasjon om grupper (medlemslister osv.)

I tillegg er det mogleg for Facebook å henta ut IP-adresser og informasjon om ein person sine rørsler og handlingar på Facebook, men desse loggane blir berre lagra i 90 dagar.

– Facebook er opptekne av å gå fram på riktig vis for å unngå urettmessige brot på personvernet, men ønskjer sjølvsagt å hjelpa politiet på ein effektiv måte, seier Fredriksson.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger