Hopp til innhold

– Det er eit ekstremt omfattande materiale

SENTRUM POLITISTASJON (NRK.no): Etterforskingsmaterialet i terrorsaka består i dag av nesten 80 ringpermar med totalt 38.500 sider utskrift, opplyser politiet om status i deira arbeid.

Ringpermar med etterforskingsmaterialet i terrorsaka

Her er nokre av dei nesten 80 ringpermane med politiet sitt etterforskingsmateriale. Stabelen veks i omfang for kvar dag som går.

Foto: Politiet

– De kan berre tenke dykk omfanget av den informasjonen som ligg der, seier etterforskingsleiar John Roger Lund.

Etterforskingmaterialet består i dag av blant anna:

  • 77 ringpermar med 500 ark per ringperm
  • 60 000 timar med videomateriale.
  • 27 avhøyr med Anders Behring Breivik på totalt 170 timar. Det har resultert i 815 sider utskrift.
  • Nesten 6000 beslag

– Politiet sine beslag utgjer eit ekstremt omfattande materiale, opplyser Lund.

På Utøya har politiet teke beslag i 294 mobiltelefonar, 117 kamera, 100 bærbare datamaskinar og 50 andre lagringseiningar.

– Mange av einingane er fuktskadde. Først må me identifisera einingane me har funne. Det er teke kopiar av innhaldet på desse. Me går no gjennom alt for å sjå om me kan finna noko der. Det er ein omfattande jobb og det er ikkje sikkert me vert ferdige med dette arbeidet før rettssaka startar, forklarar etterforskingsleiaren.

Meir enn 900 fornærma

Det er avhøyrt 490 vitne i samband med åtaket mot Regjeringskvartalet. 436 personar har meldt seg som fornærma.

Det er med andre ord 926 personar som er avhøyrde i Oslo-saka.

Det er dessutan 590 fornærma i Utøya-saka. Talet på vitne her er ikkje klart.

– Når det gjeld Utøya er hovudfokuset å kasta lys over handlingane og rørslene hans der, fortel etterforskingsleiaren.

Pressekonferanse på politihuset i Oslo

Det var politiadvokat Christian Hatlo og etterforskingsleiar John Roger Lund som møtte pressa på politihuset i Oslo i ettermiddag.

Foto: Ingunn Andersen / NRK

Nytt avhøyr av breivik denne veka

Det vil bli gjennomført eit nytt avhøyr av Breivik denne veka.

– Me i etterforskingsleiinga har moment som me ønskjer å snakka med han om, som me ikkje ønskjer å gå inn på no, uttalar Lund.

Det blir i tilfelle det første avhøyret på lenge. Ved førre avhøyr den 11.januar avbraut Breivik samtalen med politiet i fengselet, fordi han meinte han ikkje hadde fått innfridd krav om PC-bruk i fengselet.

Fredag førre veke gav Breivik etter, og opplyste via forsvararen sin, Geir Lippestad, at han likevel ville samarbeida med politiet, særleg fordi han ønskjer å kommentera det han meiner er feil informasjon i sakkunnigrapporten.

Kuttar i ressursane før påske

Politiet jobbar no med fleire ulike prosjekt relatert til terror-saka. Blant desse er utanlandsspora, vitneavhøyr, sosiale media, beslag, saksanalyse av Oslo og Utøya og videoprosjektet.

Lunde seier det er uvisst kva tid utanlandsprosjektet vil bli avslutta.

– Me har sendt ein rettsleg førespurnad til USA som me ikkje har fått svar på, seier etterforskingsleiaren som ikkje ønskjer å gå nærmare inn på kva type førespurnad dette er.

Før rettssaka kjem politiet til å kutta i ressursane i 22.7-eininga, som i dag er på rundt 75 personar.

– Me reknar med å skalera ned med ein 10-15 mann fram mot påske, opplyser Lund.

Politiet har allereie sluttført ein del prosjekt. Dei har kartlagt alle sikta som har vore i kontakt med Breivik, for å finna eventuelle medhjelparar. I tillegg ønskjer politiet å kartleggja kvar den sikta har vore.

– Så langt har me ikkje vore i nærleiken av å sikta andre personar, opplyser Lund.

Tiltalen er klar

Politiet informerte også kort om dagens fengslingsmøte, der Anders Behring Breivik blei dømd til varetektsfengsling i ti nye veker, fram til rettssaka mot han startar den 16.april.

– Då sit ein også automatisk fengsla under hovedforhandlingane, påpeikar Hatlo.

Politiet sender i dag sitt tiltaleforslag mot Breivik til statsadvokatane som skal føra saka i Oslo tingrett frå den 16.april, ifølgje NTB. Politiet meiner med andre ord at dei har god nok oversikt over bevisa og saka til at Breivik kan bli dømd i retten.

– Me har levert innstillinga no i ettermiddag og er i rute md tanke på oppstart 16.april, seier Hatlo på pressekonferansen.

Statsadvokatane, Svein Holden og Inga Bejer Engh, vil gå gjennom politiet sitt forslag til tiltale og gjera eventuelle endringar før dei sender saka til godkjenning hjå Riksadvokaten. Den endelege tiltalen skal etter planen vera ferdig i månadsskiftet februar/mars.

AKTUELT NÅ