NRK Meny
Normal

Raudt krev alle etterretnings-korta på bordet

– No må EOS-utvalet på Stortinget få alle fakta på bordet når det gjeld samarbeidet mellom amerikansk og norsk etterretning, seier nestleiar i partiet Raudt, Marielle Leraand.

Generalløytnant Kjell Grandhagen

Partiet Raudt stolar ikkje på at sjefen for E-tenesta, Kjell Grandhagen, snakkar sant om overvakingssamarbeidet med USA.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Ho stolar ikkje på at leiaren for E-tenesta, Kjell Grandhagen, har presentert den fulle sanninga om det norsk-amerikanske etterretningssamarbeidet. Derfor er det viktig at Stortinget får alle opplysningar om dette, slik at EOS-utvalet kan finne ut kva som er sant og kva som ikkje er sant, meiner ho.

– Må leggje fram bevis

Marielle Leraand

Marianne Leraand er nestleiar i partiet Raudt.

Foto: Brage Aronsen / Rødt

Leraand viser til at The Guardian-journalisten Glenn Greenwald, som har jobba tett på den tidlegare tilsette i den amerikanske etterretningstenesta NSA, Edward Snowden, står fast på at NSA har overvaka Noreg og nordmenn. Snowden har offentleggjorde store mengder hemmelegstempla informasjon om NSA sine aktivitetar.

– E-tenesta må leggje fram handfaste bevis på at nordmenn ikkje blir ulovleg overvaka, korkje av dei eller av NSA. Fram til det skjer er det påstand mot påstand og umogleg å vite kven som snakkar sant, legg Raudt-nestleiaren til.

Leraand meiner det er viktig å få etterretningstenestene inn under demokratisk kontroll. Ho meiner det er ein grunnleggjande menneskerett å ikkje bli overvaka utan ein klar mistanke.

LES OGSÅ: Solberg: – Ikkje rart eller overraskande

LES OGSÅ: Dagbladet: – Vi kan ha misforstått

– Naive om overvaking

– Vi må slutte å vere naive når det gjeld faren for ulovleg overvaking. Om vi berre held fram kosepraten med USA, kjem vi ingen veg. USA lovde oss seinast i sommar at Noreg ikkje hadde noko å uroe seg for. Slik kjem dei til å halde fram heilt til vi byrjar å stå opp for oss sjølve og stille tøffe spørsmål til dei. Og krevje ærlege svar, seier Marielle Leraand til NRK.no

Ho krev at regjeringa må fryse etterretningssamarbeidet med USA fram til alt har kome fram i saka. Det må dei gjere, meiner ho, for å vise at dei tek saka på alvor.

LES OGSÅ: Solberg: – Nå må vi roe oss ned

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger