Hopp til innhold

Fleire franskmenn stumpar røyken

Stadig fleire franskmenn stumpar røyken. Men enno tenner nesten 20 prosent av den vaksne befolkninga seg minst ein røyk kvar dag.

Dei ti siste åra har det vore ein markant nedgang i talet på franske røykarar. Sidan 2014 har andelen daglege røykarar falle frå 28,6 prosent til 18,2 prosent i fjor. Det skuldast mellom anna dyrare tobakk, fleire røykfrie område og store helseåtvingar på pakkene.

I Noreg har talet på daglege røykarar gått kraftig ned dei siste tiåra. I 2024 var andelen 8 prosent for begge kjønn, viser tal frå SSB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no