Rolf Reikvam (SV) vil skilje kyrkja heilt frå staten. (Scanpix-foto)
- Eg har ikkje tru på modellen som blir skissert i innstillinga. Dette er ei bastardordning som eg ikkje trur vil overleve så lenge, seier kyrkjepolitisk talsmann i Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam.
- Det verkar som om utvalet manglar tillit til Vårherre, når dei meiner at staten må vere så sterkt inne, seier han vidare.
Reikvam meiner at det rette er eit fullstendig skilje mellom stat og kyrkje.
Han seier at SV vil arbeide for eit kompromiss når innstillinga no skal diskuterast.