– Summen som vi har bedt om for å lage ei sjølvbeteningsløysing, er sju millionar kroner over statsbudsjettet. Vi har ikkje dei pengane no. Eg skjønnar ikkje kva vi skal la vere å gjere for å finansiere dette utan eksterne midlar, seier administrasjonsdirektør Jan Rune Fagermoen i Kyrkjerådet til Vårt Land.
Eit uvisst tal menneske som ikkje er medlemmer av Den norske kyrkja, har fått valkort til kyrkjevalet i september.
Melde seg ut to gonger – likevel medlem
NRK fortalde onsdag om Marte Elice Kjølstad, som har meldt seg ut av kyrkja to gonger. Likevel fekk ho nyleg valkort til kyrkjevalet i posten.
– Eg er verken døypt eller konfirmert i kyrkja. Det er merkeleg at eg kan vera medlem av noko eg aldri har hatt noko tilknyting til.
- LES OGSÅ:
Ba om rapport
Torsdag gav kulturminister Thorhild Widvey (H) Kyrkjerådet frist til 10. oktober med å komme med ein rapport om kva for tiltak som er gjennomførte sidan kyrkjevalet i 2009, for å betre kvaliteten på medlemslistene.
- LES OGSÅ:
Stortingspolitikar og medlem i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen Anders Tyvand (KrF) meiner at det ikkje er så mykje som kan og bør gjerast frå politisk hald for å rydde opp.
– Den norske kyrkja har fått dei omstillingsmidlane dei har bedt om. Eg forventar at dei gjer sitt beste for å rydde opp i dette, seier Tyvand til avisa.