Gjennom
har Jan Harsem fronta arbeidet for å betre tryggleiken til sjøs, og han er langt frå nøgd med måten reiarlaget bak «Costa Concordia» har drive informasjonsarbeid på etter ulukka.LES OGSÅ:
Jan Harsem er leiar for Stiftelsen Skagerak, ein interesseorganisasjon for tryggleik til sjøs.
Foto: Jarl Rehn-Erichsen / SCANPIXStiftelsen Skagerrak er ein organisasjon som arbeider for betre tryggleik til sjøs. Bakgrunnen for å starte opp var fleire alvorlege skipsulukker på 1980- og 1990-talet, «Herald of Free Entrerprise» utanfor Belgia, «Estonia»-havariet i Austersjøen og «Scandinavian Star» i Skagerrak.
LES OGSÅ:
Var med på «Scandinavian Star»
Jan Hersem, som sjølv var om bord på «Scandinavian Star» ulukkesnatta, seier at det altfor lenge hadde vore vanleg å skulde på menneskelege feil ved alvorlege ulukker på sjøen.
Stiftelsen Skagerrak byrja å arbeide for å utvikle nye tryggingssystem som kan fange opp ulukkesårsaker på andre måtar enn å klandre dei som arbeider om bord, slik det er gjort i tidlegare generasjonar.
Dette er bakgrunnen for arbeidet med ISM-koden. ISM er ei forkorting for International Safety Manangement, og hovudpoenget med denne er å slå fast at skipstryggleik skal vere rotfesta i heile organisasjonen, altså heile spekteret frå dei som arbeider om bord til reiarlag og eigar.
Kaptein Francesco Schettino har fått hard kritikk etter grunnstøytinga.
Foto: STRINGER/ITALY / ReutersISM-koden er implementert i den store internasjonale sjøtryggleikskonvensjonen SOLAS, som står for Safety OF Life At Sea.
– Handlar om liv og død
– Poenget er at vi har eit internasjonalt rammeverk som ansvarleggjer den totale organisasjonen, som spesifiserer at reiarlaget har hovudansvaret for tryggleiken. Dette handlar om liv og død, og då er det frustrerande å sjå at verdas største cruisereiarlag no driv ein kampanje mot kapteinen, som om denne internasjonale avtalen ikkje finst, seier Jan Hersem.
Han meiner at reiarlaget har sleppt altfor lett unna i denne saka, og at dei ved å skulde direkte på kapteinen nærmast dokumenterer at dei ikkje har forstått ISM-koden.
– Reiarlaget bør ikkje sleppe unna med dette. Då er arbeidet for tryggleik til sjøs sett mange år tilbake, seier han.
Redningsarbeidarar blir heiste ned til «Costa Concordia» frå helikopter.
Foto: VINCENZO PINTO / AfpHersem legg til at om kapteinen er så udugeleg som reiarlaget har framstilt han, så seier dette også mykje om det reiarlaget som har gitt han jobben.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Kan ikkje skulde på kapteinen
– Det er tryggingssystemet til «Costa Concordia» som har gått på grunn, og ein kan ikkje leggje skulda på ein kaptein. Det er ikkje slik vi tenkjer tryggleik på sjøen lenger, seier han.
Stiftelsen Skagerrak har sendt brev der dei har peika på dette til sjøfartsstyresmaktene i Noreg, Sverige og Danmark, samt til
, Den amerikanske kystvakta og Den europeiske maritime tryggingsbyrået.I brevet til dei nordiske sjøfartsstyresmaktene blir det bede om at den skandinaviske skipskontrollen må setje i verk tiltak for å sikre at cruisereiarlaga følgjer ISM-koden.
Ber om dokumentasjon
, The Paris Memorandum of Understanding on Port State Control, som har 27 medlemsland i Europa og i Nord-Amerika, blir i eit beden om å gjennomføre tiltak for å dokumentere at cruisereiarlaget Carnival Coorporation har implementert ISM.
Stiftinga ber også om ei vurdering av om ISM-koden er tilfredsstillande implementert i næring, hamnestatar og flaggstatar.
Paris MOU har gitt tilbakemelding om at dei vil ta opp spørsmålet Stiftelsen Skagerak har reist på det neste møtet sitt.
VIDEO: Sjå dykkarar inne i vraket av «Costa Concordia».