Hopp til innhold

- Smarttelefonar skapar sjalu born

Foreldre som ikkje klarar å halde fingrane vekke frå mobilen kan gjere at borna mister evne til empati, meiner psykolog.

mobil

- Foreldre bør tenkje over egen mobilbruk, meiner psykolog Bjørnar Olsen. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Med smarttelefonar tek det berre eit sekund å vere på nettet, og mange foreldre klarar ikkje å la vere å sjekke Facebook eller korleis vêret blir neste dag, samtidig som borna fortel ein historie.

Dette meinar psykolog Bjørnar Olsen frå Psykologforeninga ikkje berre kan gjere borna sjalu, men også svekke evna til empati.

– Mange born rapporterar at dei blir sjalu, dei blir sinte og frustrete. Men dei uttrykkjer det ikkje.

Hør reportasje fra Marienlyst skole:

Olsen fortel at dette kan få konsekvensar ved at borna risikerar å bli sjølvsentrerte.

– Det å forstå andre mennske krev eit nærvere over tid. Og dersom me heile tida går ut av dette nærveret så utviklar ikkje me vår evne til empati.

Nesten alle får seg smarttelefonar

Ni av ti telefonar som som vert seld er smarttelefonar, og det er venta at enno fleire vil skaffe seg ein slik telefon i løpet av sommaren. Med lett tilgang til Internett sit me dermed meir og meir bøyd over mobilskjermen. Dette trur dagleg leiar i organisasjonen Barnevakten, Øystein Samnøen, kan gjere at born kjenner seg avvist.

Øystein Samnøen

Øystein Samnøen i Barnevakten meiner det å kjenne seg avvist er tungt for mange born.

– Born søkjer oppmerksomhet og bekreftelse, og eg trur born fort merker dersom det er eit mønster at foreldra er veldig oppteken av ein skjerm sjølv om dei er i same rom. Det trur eg kan føre til at born, og også tenåringar, kan kjenne seg avvist.

– Kva trur du det gjer med borna?

– Å bli avvist er noko som er tungt å oppleve for mange born, og det bør vere ein tankevekkjar for korleis vaksne er medviten på sine eigne medievanar.

Trur du dagens foreldre tenkjer over dette?

– Eg trur dei ønskjer å vere medviten om det, men samtidig representerar dei trådlause mediene veldig mange moglegheiter, og dermed moglege fallgruver.

Anbefalar familiereglar

Samnøen trur at det er lett å gløyme seg ut i kvardagen, då freistinga til å «bare sjekke e-posten» gjer at ein ubevisst nedprioriterar borna. Ei løysing på dette kan vere å ha eit felles regelverk om mediebruk i familien.

– Eg trur det er nyttig å ha rammer som set litt grenser, og eg trur også me vaksne treng det. Det er lurt å snakke saman i eit felles familieråd om korleis ein brukar media.

Han meiner at det er vktig at foreldra lagar reglar, ikkje berre for borna, men også for seg sjølv.

– Det er viktig å tenkje på korleis me skal bruke media til dømes når me et saman. Det kan det vere nyttig å ha nokre felles tankar om.

Samnøen meiner ein bør vere ekstra oppmerksom når det gjeld små born. Han trur det vil vere nyttig for foreldra å seie klart i frå til borna om at det no er arbeidstid, og forklare at dei då ikkje vil vere like tilgjengelege.

– Eg trur det kan vere vanskeleg å forstå, særleg for dei yngre borna, kvifor mamma og pappa er «inni den skjermen», i staden for å vere saman med dei. Difor er det lurt å vere tydeleg overfor borna og forklare at dei treng å tid for seg sjølv til å lese litt eller å arbeide på telefonen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger