Hopp til innhold

Forskarar meiner å ha funne den perfekte lyden å vakne til

Slit du med å stå opp om morgonen? Australske forskarar meiner dei har lyden som kan hjelpe deg.

Ung kvinne med sovemaske.

Å VAKNE BEST: Ved mindre heimekontor og at vi ikkje kan rulle ut av senga og rett inn i Zoom-møtet, blir det viktig å sørge for at vi er på toppen av vekkarklokke-gamet, meiner forskarane.

Foto: Schutterstock

– Å vakne groggy om morgonen kjennest aldri rett. Korleis vi vaknar kan påverke humøret vårt og utsiktene for dagen, men også vår kognitive prestasjon, skriv forskarane sjølve.

Dei to australske forskarane ved RMIT University gjorde tidlegare ein studie om korleis ulike lydar påverkar måten vi vaknar.

No har dei laga ein alarm dei meiner skal vere den perfekte lyden å vakne til.

Du kan høyre han her:

Forskarane, Stuart McFarlane og Adrian Dyer, har desse tre vilkåra for den perfekte ringetonen:
1: Han har ein melodi det er lett å nynne med til
2: Han har ein dominant frekvens på rundt 500 Hertz
3: Han går ikkje for raskt og ikkje for sakte (100-120 slag per minutt er det ideelle)

Viktig å vakne riktig

– I nokre tilfelle kan det å vakne omtåka vere potensielt farleg fleire timar seinare, fordi det reduserer prestasjonen til å ta kritiske avgjerder, skriv forskarane.

Dette er nokre av funna frå studien:

  • Dei som brukar alarmar med meir melodisk preg, opplever å kjenne seg mindre «tåkete» enn dei med ein meir standard pipe-lyd som alarm.
  • Jo meir harmonisk deltakarane opplevde melodien dei vakna av, jo mindre trøytte følte dei seg etterpå.
  • Dei som brukte ein god, gamaldags alarm med pipe-lyd følte seg trøyttare.

Norsk søvnforskar: – Skeptisk

Elisabeth Flo-Groeneboom er psykolog og professor ved UiB, og kjenner godt til studien det er snakk om.

Ho forskar sjølv på søvn, og er både skeptisk til og underhalden av tanken på den perfekte alarmtonen.

Elisabeth Flo-Groeneboom hos Lindmo 26.03.22

FORSTÅR BEHOVET: – All sympati til dei som treng eit par ekstra minutt før dei tar fatt på dagen, seier søvnforskaren Elisabeth Flo-Groeneboom.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det er ein morosam studie som vi intuitivt har lyst å tru på, og det er ikkje umogleg at ei riktig form for ringelyd er betre å vakne til enn andre.

Ho forklarar at dersom du har hatt ei dårleg natt, hjelper det nok ikkje så mykje om du har ei behageleg vekkarklokke.

– Kor utkvilt ein er, er nok eit viktigare moment enn ringelyden i seg sjølv, seier Flo-Groeneboom.

Kva er din føretrekte alarm?

Problemet er også at studien ikkje tar høgde for forskjellen mellom A og B-menneske, meiner ho.

Forskjell på A og B-menneske

For eksempel vil eit B-menneske, med ei døgnrytme som gjer at dei eigentleg ikkje er klare for å stå opp når dei må, ha større vanskar med å stå opp.

– Det vi kan sjå då er at dei vel ein grufull ringelyd som er smertefull å vakne til. Men dei vaknar i alle fall, seier ho.

Vekkerklokke

BRUTALT: – Om du blir vekt brutalt, kan du kveppe slik at kroppen går litt i krisemodus med for eksempel auka adrenalin. Det er ubehageleg, men resten av dagen vil kunne fungere bra uansett, meiner Flo-Groeneboom.

Foto: colourbox

A-menneske kan derimot klare seg med ein enklare og mildare ringetone.

I tillegg føler dei seg uansett meir opplagde fordi dei trass alt er menneske som ikkje har vanskar med å vakne og stå opp om morgonen.

Har god effekt på alle

Stuart McFlarane, som har laga alarmlyden basert på studien, meiner at Flo-Groeneboom stiller eit interessant spørsmål.

Han meiner at det ikkje finst forsking som tilseier at A- og B-menneske responderer forskjellig på lyden dei vaknar til.

– Men dette vil vere fascinerande å forske meir på framover, skriv han til NRK.

Han minner også om at forsking tilseier at folk flest ikkje er reine A- og B-menneske, men noko midt i mellom.

– Eg trur lyden kan ha god effekt på alle, men kanskje vere ekstra nyttig for nattuglene, skriv han.

– Når det gjeld søvntåka, vil ein lyd med melodi, i motsetnad til ein lyd utan melodi, vere nyttig for begge kronotypar.

Med det meiner han at lyden er gunstig for både A og B-menneske.

Å slumre eller ikkje slumre?

Uansett om du har ein alarm av den rolege eller meir støyande typen, kan det likevel freiste for mange å trykke på slumreknappen.

– Men hjelper det eigentleg å slumre?

– Det er ein del som tyder på at slumring om morgonen eigentleg ikkje hjelper noko særleg. Om du derimot har sove verkeleg dårleg, kan ein blund på 20 minutt i løpet av dagen vere fruktbar, seier Flo-Groeneboom.

Korleis ser din morgon ut?

Hei!

Takk for at du kom heilt ned hit. Har du tips etter å ha lese denne saka? Då kan du kontakte meg her: