Hopp til innhold

Edderkoppar søv og drøymer: – Kan seie noko om kvifor REM-søvn oppstod

Ein heilt fersk studie viser at edderkoppar drøymer i REM-søvn. Forskar meiner det kan vere eit fellestrekk ved alle levande vesen.

Sovende edderkopp

LIKT: Forskarar har funne ut av edderkoppar søv på eit vis som liknar menneske – og drøymer.

Foto: Daniela C. Roessler / AP

Augo sig att, du blir døsig og plutseleg er du i drøymeland.

Lenge trudde ein det berre var menneska som kunne gjere dette.

Men no viser ny forsking at til og med edderkoppar sannsynlegvis drøymer når dei søv.

Det gjer at forskarar no mistenker at drøyming er ein eigenskap som alle dyr har til felles.

– Viser teikn til REM-søvn

Denne veka gjorde forskarar frå Tyskland eit forbausande funn hos hoppe-edderkoppar.

Eit team ved Universitetet i Konstanz i Tyskland observerte edderkoppane når dei sov.

– Det vi har sett er at hoppeedderkoppar viser teikn til noko som likar på REM-søvn, seier åtferds- og evolusjonsøkolog Daniela C. Roessler til nyheitsbyrået Ap.

Sovende hoppeedderkopp i REM-søvn

Dei tyske forskarane observerte edderkoppane i nattlys medan dei sov. Slik kunne dei observere rørsle i pupillane.

Foto: Daniela C. Roessler / AP

REM-søvn blir ofte kalla drøymesøvn.

Men vil det seie at edderkoppar drøymer når dei søv?

– Eg trur personleg at dei har visuelle drøymer. Men det vil vere vanskeleg å vitskapeleg prove, seier forskaren.

Les også Forskarar meiner å ha funne den perfekte lyden å vakne til

Ung kvinne med sovemaske.

Viktig for å tilarbeide kjensler

Søvnforskar Rune Enger fortel at draumar er ein måte å rydde inntrykk og impulsar for nervesystemet under REM-søvn.

Då er kroppen heilt slapp og ein ligg urørleg, men pupillane rører seg mykje.

– Hos menneske ser REM-søvn ut til å vere viktig for å tilarbeide kjensler og kan difor vere viktig for å finslipe sosiale interaksjonar, seier Enger.

Men edderkoppen er meir primitive skapningar enn mennesket.

Korsedderkopp

Edderkoppar har om lag 100.000 nerveceller. Menneske har om lag 100 milliardar hjerneceller.

Foto: Iselin Fjeld / NRK

I tillegg er ikkje edderkoppar så veldig sosiale.

– Kvifor er REM-søv viktig for edderkoppar?

Ein kan tenkje seg at det er enkelte typar minner som må spelast av hos edderkoppane for at dei skal hugse, men at dei må skru av kroppen så dei ikkje spring ut i ein farleg situasjon, seier forskaren.

– Det kan vere at dette er noko som liknar REM-søvn og varetek dei same funksjonane.

Rune Enger, søvnforsker ved UiO

Søvnforskar Rune Enger fortel at ein finn noko ein trur representerer søvn i alle artar dei har sjekka. Sjølv hos dyr som ikkje har eit sentralt nervesystem.

Altså kan søvnen vere viktig for at dyr som edderkoppar hugsar og lærer av ting dei har opplevd.

– Det å hugse noko vil vere av veldig stor verdi også for ein enkel skapning, seier Enger.

Stor husedderkopp, hann

Under søvn trur forskarane at dei nervecellene som var aktive då ein var vaken blir spelt av igjen. På den måten blir minner lagra. 

Foto: Glenn Halvor Morka

Blekksprut skiftar farge når dei drøymer

Og det er fleire dyr som fell i ein slik drøymesøvn. Også på havets botn.

– Vi veit at blekksprutar har REM-søvn, seier forskar Gro van der Meeren i Havforskingsinstituttet.

Dei søv aldri meir enn halvannan time, men i den tida har dei jamleg drøymerykk.

Svømmende blekksprut

Det er ikkje sikkert om alle blekksprutar søv og drøymer. Dei blekksprutane som svømmar konstant kan dei ikkje halde i akvarium for å forske på. Difor veit dei ikkje korleis dei søv.

Foto: Nils Aukran /

Og korleis ein veit at blekksprut har REM-søvn?

Dei skiftar farge.

– Pupillane beveger seg og sugekoppar trekker seg ut og saman. Det same gjer musklane og fargen endrar seg i bølger over kroppen, fortel forskaren.

Vanlig åttearmet blekksprut

Blekkspruten bruker også fargane til å kommunisere på dagtid når dei jaktar, gøymer seg eller leiter etter make.

Foto: Erling Svensen

– Det er neppe tvil om at blekksprutane også bruker søvnen til å filtrere og rydde i nerveimpulsar og inntrykk, seier van der Meeren.

Trur alle dyr drøymer

Når ein har oppdaga REM-søvn hos både pattedyr som menneske, på blautdyr som blekksprut og leddyr som edderkopp meiner forskaren ein ikkje lenger kan tenkje på draumar som eineståande for menneske.

Forskar Gro van der Meeren i Havforskingsinstituttet

Forskar Gro van der Meeren i Havforskingsinstituttet

Foto: Tom Kjøde

– Når ein ser såpass forskjellige dyr i REM-søvn begynner ein å lure på om drøymesøvnen er noko dei fleste dyregrupper har.

– Om det kjem frå ein felles stad i evolusjonen, har det begynt tidleg, seier forskaren.

Les også Mysteriet på havbotnen: Finst «sjømonster» som kan flytte ti tonn kabel

3O8Bom8yIhU

Torbjørn Ekrem, professor i evolusjonsbiologi ved NTNU, meiner det er meir sannsynleg at draumar har utvikla seg fleire gonger i utviklinga av liv.

Han trur det har utvikla seg hos dyr når hjernekapasiteten har auka.

– Pattedyr, blautdyr og leddyr er heilt forskjellige greinar på livets tre. Kanskje har dei med avanserte hjernar større moglegheit for å få slik drøymeaktivitet, seier han.

Hvaldimir ligger i vannskorpen. I bakgrunnen er snødekte fjell. Hvaldimir har munnen åpen og de skimter dårlige tenner.

Forskarar har forska på tannkval for å finne ut om dei har REM-søvn. Men sidan dei søv med ein hjernehalvdel om gangen, trur ikkje forskarane at dei drøymer.

Foto: Inge Wegge / One Whale

Professor i zoofysiologi, Lars Folkow, peiker likevel på at det sannsynlegvis er eit pattedyr som ikkje drøymer: Kvalen.

– Om det er nokon arter som ikkje drøymer er dei sannsynlegvis å finne hos kvalane, seier Folkow.

Kval søv nemleg berre med ein hjernehalvdel av gangen.

Dei må vere til stades for å kome opp for til dømes å puste. Då treng dei delvis medvit. Difor får dei diverre ikkje oppleve draumar.

Pelssel på Bouvetøya

Når pelsselen ligg på land viser han teikn til REM-søvn, men i havet vil den eine hjernehalvdelen ha lågare aktivitet enn den andre, slik som kvalen.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Forskarane frå Tyskland trur at oppdaginga av REM-søvn hos edderkoppar kan gi fleire svar også om menneskeleg REM-søvn.

Det er søvnforskar Rune Enger einig i.

– Det kan kanskje si noko om kvifor REM-søvn oppstod i evolusjon. Om ein har det både i ein edderkopp og i menneske, kan ein tenkje seg at søvnen rommar fleire funksjonar.

Les også Fant sovende kjempehval på ei grunne i Lofoten: – Ser ut som en flytende tømmerstokk

Sovende spermhval i havet.