Hopp til innhold

Om få år kan ho bli overflødig som lærar – men det stoppar ikkje Amalie

Låge fødselstal og færre barn gjer at det allereie i 2025 vil vere eit overskot av lærarar i Noreg, viser tal frå SSB.

Amalie Pauline Steindal Johansen, student lærerutdanninga, Nord universitet.

Amalie Pauline Steindal Johansen seier ho blir litt skremd av å høyre om framskrivinga som SSB har gjort på lærarbehovet fram mot 2040.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Dagleg er det medieoppslag om lærarmangel og sjukepleiarmangel.

Men mens det blir fleire eldre å ta vare og vi vil ha behov for fleire sjukepleiarar, kjem vi faktisk til å ha behov for færre lærarar.

Årsak? Det blir født færre barn.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at vendepunktet skjer allereie i 2025.

Fram mot 2040 angir SSB eit overskot av lærarar. Det er berre for grunnskulelærarar at dei reknar eit underskot fram til 2025.

Ein må likevel lese tala med varsemd, skriv SSB. Det er usikkerheit i korleis befolkninga vil utvikle seg, og kor mange lærarar som blir utdanna kvart år.

Lærarar i rapporten er målt i tal årsverk og definert ut frå utdanning, ikkje yrke. Dette betyr at SSB tar utgangspunkt i og berre framskriv kvalifiserte lærarar.

– Skremmande

Amalie Pauline Steindal Johansen går første året på lærarutdanninga i Bodø.

Om fem år skal ho stå fremst i eit klasserom og utdanne unge vaksne.

Og ho blir litt betenkt når ho får høyre om spådommane frå SSB.

– Ein får høyre at det er så få studentar og så få ledige plassar. Så det høyrest ganske skremmande ut. Eg må nesten sjå det før eg trur det, seier ho.

Framskrivinga frå SSB seier ingenting om korleis lærarane er fordelt i landet. For mens meir sentrale strøk kan oppleve eit overskot av lærarar, kan små kommunar slite med mangel på søkarar.

Amalie Pauline Steindal Johansen, student lærerutdanninga, Nord universitet.

GJELD IKKJE ALLE: – Eg hadde eit ønske om at det hadde vore nokre lærarar som hadde fortalt kor bra yrket deira er. For det er sikkert ikkje alle lærarar som opplever det mange opplever, seier Amalie Pauline Steindal Johansen.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Amalie Pauline har allereie planen klar: Ho vil jobbe i distriktet når ho er ferdig utdanna.

– Eg har ein plan om å dra til Finnmark, busette meg der og jobbe. Eg har aldri vore der før og eg vil prøve noko nytt.

På lengre sikt vil ho heim til Vesterålen og jobbe som lærar der.

– Der tvilar eg på at det ikkje blir jobb å gå til. Eg veit det har vore veldig manko på folk der.

Ho trur derimot at studentar som vil jobbe i større byar som Oslo eller Trondheim kan få det trongare om jobbane dersom framskrivinga frå SSB slår til.

– Eg trur det kan bli et stort kappløp i dei store byane, men ikkje på dei små plassane.

Les også Brukte 60 millioner på å bevare utdanningen. Kun halvparten av studieplassene er fylt opp

Lærerstudenter på felleskjøkken på Nesna

– Utdanning av færre blir heilt feil

Trond Are Fjordtun er leiar i Utdanningsforbundet i Bodø og er sjølv lærar ved ein av ungdomsskulane i kommunen.

Han festar liten lit til framskrivingane frå SSB.

– Ein ser inn i krystallkula, og tidlegare har ein framskrive feil. Det er mange faktorar som er vanskelege å spå. Innvandring og trendar i barnefødslar kan snu fram mot 2040.

Difor meiner han at det blir heilt feil å skulle utdanne færre lærarar enn ein gjer i dag.

Trond Are Fjordtun snakker i megafon.

Trond Are Fjordtun i Utdanningsforbundet i Bodø var engasjert under lærarstreiken i fjor haust.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Dette er 17 år fram i tid. Vi må faktisk utdanne langt fleire lærarar.

I likskap med Amalie Pauline trur Fjordtun at distrikta framleis vil slite med å få tak i lærarar i framtida.

– Men dersom det blir eit overskot av lærarar vil kanskje fleire vere villige til å jobbe i «periferien». Sjølv arbeidde eg dei første åra etter enda utdanning på ein mindre skule på Kjerringøy nord for Bodø.

I framskrivinga kjem det fram at det er berre for grunnskulelærarar at SSB reknar eit underskot fram til 2025.

Etter det spår talknusarane at også denne gruppa vil vere i overskot.

Kvar tredje lærarplass står tom

På lærarutdanninga saman med Johansen er det tynt i rekkene.

I år står tre av fire lærarplassar ubrukt ved universitetet som ho går på i Bodø.

Ved Nord universitet står nesten to av tre lærarplassar tomme.

Heile landet opplever no flukt frå utdanningane og på landsbasis står kvar tredje plass ledig.

En kvinne i strikket flerfarget genser står foran en bokhylle

MER FRAMSNAKKING: Hanne Gravok saknar fleire av dei fine lærarhistoriene: – Eg veit det er mykje gull å hente.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

Samtidig har det vore mykje fokus på dårlege forhold for lærarane under lærarstreiken i haust.

No er spørsmålet om det verkar negativt på rekruttering at folk snakkar ned sitt eige yrke. Dette har nyleg vore tema på ein debatt i serien Lytring i Bodø.

Hanne Gravrok er prosjektleiar for Lærer i nord. Ho meiner alle har eit ansvar for å betre omdømet.

– For min del som jobbar med rekruttering til utdanninga er det viktig at alle bidrar i denne litt kritiske fasen vi er i no. Her må alle bidra positivt til å snakke opp det kanskje viktigaste yrket vi har.

Kunne du tenke deg å bli lærer?

Slit i distrikta

Også i distrikt som Rødøy er det vanskeleg å få tak i kvalifiserte lærarar, fortel oppvekstsjef i kommunen, Svend Leif Einvik.

– No ser vi at søknadsbunkane er blitt betydeleg slankare. Det er færre utdanna søkarar som melder seg til dei ledige jobbane vi har.

Lengre sør på Helgeland ligg grensekommunen Hattfjelldal.

Her har dei så få lærarar at kommunen ikkje meiner det er forsvarleg å ha elevar mellom 5.–7. trinn på éin av grendeskulane i Susendalen.

Der er det berre éin fast tilsett igjen. Resten er vikarar.

– Det er vanskeleg å få drifta til å gå rundt, seier konstituert kommunalsjef for oppvekst og kultur Lisbeth Krutnes.

Det gamle fiskeværet Myken i Rødøy kommune på Helgeland

VANSKELEG: Kystkommunen Rødøy på Helgeland opplever at det er vanskeleg å tilsette lærarar.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Og kommunen har tatt grep – utan særleg hell.

Før jul lyste dei ut to fulltidsstillingar som lærar i kommunen.

– Vi gav også eit tilbod til to stykk, men dei takka nei. Dei hadde fått jobb andre stader. Vi er ikkje den einaste kommunen som søker etter lærarar, seier ho.

Det same skjedde då dei lyste ut stillingane på nytt i januar. Aktuelle søkarar blei tilbode jobb, før dei i retur takka nei.

Krutnes trur læraryrket har fått eit dårlegare omdøme over tid.

– Ein høyrer om lærarar som vurderer yrka sine. Dei har vi hos oss også.

Les også Utdanningsforbundet antyder ny lærerstreik allerede neste år

Steffen Handal i Utdanningsforbundet

Vil lytte til innspel

På måndag har minister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe (Sp), kalla inn til det første av totalt seks innspelsmøte rundt om i Noreg.

Målet er å kartlegge dei viktigaste utfordringane som profesjonsutdanningane møter i framtida og diskutere forslag til løysingar. Det første møtet vil ta for seg nettopp lærarutdanninga i Noreg.

Statssekretær Sindre Lysø (Ap) fortel til NRK at han er glad for at Amalie har begynt på lærarutdanninga.

– Sjølv om det kan bli opplevd som krevjande og ein møter utfordringar, så får ein som lærar moglegheit til å bidra på ein fantastisk måte i barn og unge sitt liv.

– Har du konkrete idear til korleis rekrutteringa og vilkåra til lærarar kan betrast i Noreg?

– Vi og mange andre jobbar for å gjere læraryrket enno betre og styrke rekruttering. Vi jobbar no med ei tillitsreform i skulen. Saman med sektoren må vi gå gjennom lærarane og leiarane sine oppgåver, og gi større fagleg handlingsrom for lærarane.

En mann med dress og briller ser inn i kameraet og smiler. Han står foran en helt nøytral, brun trevegg.

4-KRAVET: Sindre Lysø (Ap), statssekretær i Kunnskapsdepartementet, peikar også på eit behov for å styrke laget rundt elevane, med fleire yrkesgrupper i skulen som kan vere med på å løyse oppgåvene. Med å fjerne 4-kravet i matematikk kan også fleire godt kvalifiserte lærarar få plass på utdanninga, ifølge Lysø.

Foto: Jens Driveklepp

– Vi har stipend til utdanning og rekruttering for at personar med relevant arbeidserfaring kan bli lærarar, og vi vil legge til rette for fleksible og tilgjengelege utdanningsmoglegheiter landet over.

Han fortel også at det i 2023 er løyvd rundt 1,6 milliardar kroner til vidareutdanning av lærarar og leiarar i skulen og viser til ordningar for å avskrive studielån, for eksempel viss du jobbar i Nord-Noreg.

I løpet av perioden januar-mars 2023 skal departementet ha seks innspelsmøte rundt om i landet. Her skal universitet, høgskular, studentar, organisasjonar og arbeidsliv delta.

Den komande stortingsmeldinga om profesjonsstudiane i høgare utdanning skal etter planen bli lagt fram våren 2024.

Les også Åpner for ekstraskole til streikerammede elever – Sondre (18) sier han ikke har tid til det

VGS-elev Sondre Hegreberg.

Les også Rektor: – Lærerstreiken er en av de største utfordringene noensinne

Rektor Nina Røvik. Bodø videregående skole. lærerstreik.