Hopp til innhold

Til kamp for fakta

BODØ (NRK): Forskarar over heile verda fryktar for retorikken til USA sin nye president. No skal dei marsjere i tog for å syne si misnøye.

Asbjørn Røiseland, professor ved Nord universitet.

UROA: Asbjørn Røiseland er professor ved Nord universitet, og er uroar seg for demokratiet om vitskapen missar integritet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Demokratiet vert svekka utan vitskapen, seier Asbjørn Røiseland, professor ved Nord universitet i Bodø.

Mange forskarar reagerer på den nye presidenten i USA, Donald Trump. Han er ein kjend fornektar av menneskeskapte klimaendringar, anti-elitist og ikkje redd for å sei det han meiner.

No mobiliserer menneske over heile verda seg i ein "march for science", ein vitskapsmarsj, for å syne si misnøye med den 45. presidenten.

Vil skape merksemd

– Folk må vite å skilje mellom god og dårlig kvalitet på kunnskap, difor er det viktig at me står opp for det me trur på.

Ingrid Bay-Larsen er forskingsleiar på Nordlandsforsking, og ein av initiativtakarane for ein forskingsmarsj i Nordland.

– Me ser at fakta og vitskapleg kunnskap vert sett på sidelinja, og at reine løgner får stadig større spelerom i samfunnet og i politikken. Slik går det ikkje an å ha det, seier Bay-Larsen.

– Om ein kan konstruere si eiga verkelegheit og ta avgjersler basert på løgn, fer me fort av garde i feil retning, seier Bay-Larsen.

Ingrid Bay-Larsen

VIKTIG DEBATT: Ingrid Bay-Larsen er oppteken av at forsking skal ha ei viktig rolle i samfunnsdebatten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Formar sin politikk

Donald Trump har ikkje sete lenge som president i USA, men formar no sin politikk. Innan vitskap, klima og miljø endrar han kursen forgjengaren Barack Obama sto ved:

I tillegg er presidenten framleis aktiv på sin private Twitter-konto, som var kjelde til mykje nyhendestoff gjennom valet. Ein skribent for den svært konservative nettstaden Breitbart News, Milo Yiannopoulos, besøkte Berkeley-universitetet i California i slutten av januar. Før talen hans braut opptøyar ut på universitetet, og Yiannopoulos måtte avlyse arrangementet sitt.

President Donald Trump var lite nøgd med at Yiannopoulos blei hindra i å tale, og truga universitetet med å fjerne den offentlege stønaden deira.

Laster Twitter-innhold

– Eg vil lette på restriksjonane kring arbeidsskapande naturressursar, sa Trump under ein pressekonferanse tidlegare i vinter. Han ynskjer å opne for meir kol-, olje- og gassindustri på amerikansk jord.

Donald Trump vil ikke ha klimasamarbeid om han blir president sa han i Gettysburg i dag.

VIL LETTE PÅ REGLANE: Presidenten vil lette på restriksjonar og reglar som bremsar olje-, kol- og gassutvinning.

Fryktar for forskinga si

Fleire forskarar har byrja å sikkerheitskopiere arbeidet sitt, i frykt for at Trump sin administrasjon skal fjerne dei. Nettstaden Climate Mirror dukka opp kort tid etter at meteorolog og spaltist Eric Holthaus tok til orde for ein felles database av forsking og data om klimaendringar.

Laster Twitter-innhold

– Noko som verka litt paranoid før, blei plutseleg potensielt realistisk, eller i det minste noko ein ynskjer å sikre seg mot, seier Nick Santos, ein miljøforskar ved University of California i Davis, til The Washington Post.

– Har all grunn til å frykte Trump

– Eg tykkjer det er svært flott at Trump utfordrar desse menneska. Forsking og vitskap er ein ting, men dei må ha litt avstand for å sjå heile biletet.

Hans Jørgen Lysglimt Johansen er partileiar i Alliansen. Dei har ikkje nokon fastsett klimapolitikk, men Johansen har sjølv sterke meiningar om temaet.

– Eg er ingen klimaekspert, men det er heilt klårt at fleire brukar dette klimahysteriet til å rane til seg makt og pengar, seier Johansen.

Partileiaren meiner at vitskapsfolk altfor lenge har hatt makt og innverknad i samfunnet, men ikkje fått den kritikken dei burde møte. Difor tykkjer han godt om meiningane Donald Trump no frontar.

Hans Jørgen Lysglimt Johansen

KRITISK: Partileiar Hans Jørgen Lysglimt Johansen er glad for at nokon retter eit kritisk blikk på forskarar og vitskapen.

Foto: NRK

– Desse sokalla vitskapsfolka har fått raljere og herje med frykt i dette klimahysteriet ei god stund, utan å møte motbør. Dei kjenner seg heva over all kritikk ved å bruke vitskapen dei sit på som argument, seier Johansen.

– Bør eit slikt kritisk syn på vitskapen, som no er ein del av offentleg politikk i USA, få fotfeste i Europa også?

– Ja absolutt! Denne galskapen med krev enorme mengder midlar som andre menneske treng. Det er det glade vanvit!

Dei har all grunn til å frykte at Trump skal rydde opp i dette her, for det treng å ryddast opp i.

Hans Jørgen Lysglimt Johansen

Motstand byrjar i det små

– Det er me som enkeltpersonar som må gjere ein forskjell, steg for steg, seier Asbjørn Røiseland.

Dei er nett ferdige med sitt fyrste møte; tre forskarar og professorar på eit halvmørkt kontor. Om dei får med seg fleire til å marsjere, står att å sjå.

Eit mørkt kontor

BYRJAR I DET SMÅ: Nett som hovudrørsla i USA byrja med ein anonym internettkommentar, byrja også engasjementet i Bodø i det små.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vitskapsmarsjen skal haldast 22 april, same dag Parisavtalen vart underskriven i 2016, og den årlege markeringa av global oppvarming, «Earth Day».