Hopp til innhold

Klimaforskarar fryktar Trump – kopierer all forsking og lagrar det på trygge stader

USAs neste president Donald Trump, som ikkje stolar på klimaforskarane, har skapt frykt i amerikanske fagmiljø.

Donald Trump vil ikke ha klimasamarbeid om han blir president sa han i Gettysburg i dag.

VIDEO: Donald Trump vil ikkje ha klima-samarbeid.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Mange er redde for at viktige klimadata skal forsvinna under den komande Trump-administrasjonen, skriv Washington Post.

For få dagar sidan sa Donald Trump at «ingen veit eigentleg» om klimaendringane er reelle.

Blant anna slike utsegn, og at Trumps folk har bedt Energidepartementet om namn på folk som har jobba med klimaendringar, har sett ein støkk i amerikanske klimaforskarar.

Washington Post skriv at fleire forskarar har begynt å kopiera dokument om klimaforsking og klimadata til uavhengige servarar, slik at dei ikkje risikerer at det skal bli sletta frå serverar som blir kontrollert av styresmaktene.

Blant anna har University of Pennsylvania hatt møte for å fokusera på korleis ein kan lasta ned så mykje statleg data som mogleg dei neste dagane, og så sikra at det blir lagra ein trygg stad.

– Før verka det litt paranoid

Universitet i Toronto i Canada har til og med planlagt eit arrangement den 17. desember som skal hjelpa til med dette.

– Noko som verka litt paranoid for meg før, har plutseleg blitt meir realistisk, og det er noko du vil sikra deg mot. Å gjera dette kan same kva berre vera ein god ting. Vonleg vil alt framleis vera lagra der det er i dag. Men me planlegg for at det ikkje blir det, seier Nick Santos, ein miljøforskar ved University of California til Washington Post.

Ein Trump-rådgivars forslag om at NASA ikkje lenger skal driva med klimaforsking er også eit faresignal – NASA har i dag eit av verdas sterkaste fagmiljø på klimaforsking.

Michael Halpern er leiar i interesseorganisasjonen Union of Concerned Scientists og seier til den amerikanske avisa at Trump har utnemnd ein gjeng med klima-konspirasjonsteoretikarar.

– Dei har lenge fått vatn i munnen berre av tanken på at føderale klimaforskingsprogram skal stoppast. Det er heller ikkje utenkeleg at dei vil fjerna sjølve dataa som dei ikkje er samde med, seier Halpern.

Eit døme på kva Trump har sagt om den globale oppvarminga:

Laster Twitter-innhold

Trump vil ikkje kommentera

Washington Post presiserer i saka at korkje Trump eller nokon av hans folk har sagt at dei har tenkt å sletta eller endra klimadata som ligg lagra. Trumps folk ville heller ikkje kommentera saka overfor Washington Post.

– Det er ikkje langt mellom å vera paranoid og førebudd, og forskarane gjer det beste dei kan for å førebu seg, avsluttar Halpern.

Les også:

SISTE NYTT

Siste nytt