– Eg trur ein må vere ærlege og stille spørsmålet: Var det rett å gå for femårig integrert utdanning?
Det seier prorektor ved Nord universitet, Levi Gårseth-Nesbakk, etter at søkartala frå Samordna opptak viste krise for lærarutdanningane.
Søkjartala har nemleg gått ned med 21,8 prosent. Nedgangen rammar både grunnskolelærar- og lektorutdanningane.
Prorektoren i Nord meiner ein bør vurdere den femårige integrerte utdanninga.
– Kanskje det kunne ha vore ein tre pluss to-modell, eller liknande type alternative tankar for å gjere det litt mindre skummelt å måtte gå inn på fem år i ein smell, seier Gårseth-Nesbakk.
Prorektor ved Nord universitet Levi Gårseth-Nesbakk er skuffa over at søkjartala til lærarutdanninga går ned.
Foto: Bente H. Johansen / NRKVed Nord universitet er tala dramatiske. Det er berre 29 søkarar som har grunnskuleutdanning som førsteval. Dei har plass til 55.
– Vi er skuffa over at lærarutdanninga går ned. Det har vore slik nokre år og det held fram slik, hos oss akkurat som nasjonalt.
– De har jo hatt eit eige prosjekt for å rekruttere til desse utdanningane. Fungerer ikkje det?
– Eg trur ikkje vi skal seie at det ikkje fungerer, men det gir ikkje dei effektane vi ønsker.
Vil ikkje utelukke endring
Stortingsrepresentant og medlem i utdannings- og forskingskomiteen, Maren Grøthe (Sp) vil ikkje utelukke ei endring, men trur at den femårige utdanninga blir verande.
– Vår inngang er nok at vi må gjere det vi kan for å betre den utdanninga som no er blitt til.
Ho meiner det framleis må stillast høge krav til det å vere lærar, men at dei kanskje burde sjå på ulike modellar.
– Eg tenker at det er verdt å vurdere ho, for no må alle krefter samlast for å rekruttere fleire og for at vi skal ta eit løft for lærarutdanninga.
Maren Grøthe (Sp) seier det aller viktigaste er å starte diskusjonen om kva som må til for å rekruttere fleire lærarar.
Foto: NRKOg det skal Kunnskapsdepartementet no gjere, ifølge statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).
Sist veke sende dei eit forslag til endring av rammeplanane til lærarutdanninga på høyring.
Det er ikkje ein tre pluss toårig modell dei har foreslått, men han seier forslaget innheld endringar som skal gjere utdanninga og praksis-delen meir fleksibel.
– Og skal til dømes gjere det lettare å ta med seg andre fag inn i utdanninga. Nettopp for å kom i møte noko av den kritikken som det forslaget botna i. At utdanninga kanskje har blitt oppfatta som litt for rigid, seier Hoel.
Han seier at organiseringa av utdanninga kan vere ein av faktorane til dei låge søkjartala, men han trur også det er andre grunnar som ligg utanfor utdanninga.
– Vi må stå saman om å snakke læraryrket opp. Det er viktig å snakke opp skulen og kor givande det er å jobbe med barn i skulen. Det løfte i status og omdømme som eg trur verkeleg kan hjelpe oss framover.
– Feil veg å gå
På andre sida er Margret Hagerup i Høgre tydeleg på at utdanninga verken burde kortast ned eller endrast på.
Ho er også stortingsrepresentant og sit i utdannings- og forskingskomiteen.
– Det å senke krava til lærarutdanninga er feil veg å gå for å rekruttere fleire. Vi ser at denne integrerte mastergraden både har løfta lærarane sin kompetanse, status og lønn. Ein såg også at ein hadde auking i søkartala fram til 2019, seier Hagerup.
Margret Hagerup (H) skjønar at det er bekymring kring dei låge søkjartala, men ho meiner det bør vurderast andre tiltak.
Foto: Kjersti Hetland / NRKDet var Høgre som innførte den femårige lærarutdanninga i 2017.
Hagerup seier bakgrunnen for å innføre femåring mastegrad var blant anna at lærarane skulle vere oppdatert på forsking og vere i stand til å prøve ut nye undervisningsmetodar i klasserommet.
– Vi meiner at det fører til at elevane møter gode lærarar i klasserommet.
Må løfte omdømmet
Leiar i Utdanningsforbundet i Nordland Anita Karlsen meiner også at det er ein dårleg ide å kutte ned utdanninga til ein treårig bachelor.
– Eg tenkjer det er feil veg.
Karlsen seier det er høge krav til lærarane når det kjem til kompetanse på metodikk, didaktikk og pedagogikk. Det er også krav til å kunne skulehistorie og det å drive skuleutvikling.
– Eg kan ikkje sjå at du får tid til det, i tillegg til faga, på berre tre år.
Ho meiner løysinga på rekrutteringsproblematikken er å løfte omdømmet til lærarane, gi dei tid til å gjere jobben og auke lønna.
– Det er mange faktorar, seier Karlsen.