Hopp til innhold

Planlegg rusklinikk for 13-åringar: – Regulert sal av cannabis vil ikkje hjelpe ungdom

Venstre ønsker eit prøveprosjekt der kommunar kan selje cannabis. – Det motsette av kva ungdommane treng, torar ordføraren i Noregs kanskje mest liberale kommune.

Bø-ordfører Sture Pedersen, Møkland russenter

– Eg meiner behandling er det beste tilbodet, seier Bø-ordførar Sture Pedersen (t.h.) her på synfaring på tomta kor den nye klinikken skal byggast.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

På Venstre sitt landsmøte i helga kom det fram at dei ønsker at kommunar skal kunne selje cannabis, på linje med eit vinmonopol.

Forslaget får ordføraren i Noregs kanskje mest liberale kommune til å steile.

– Det er overhovudet ikkje aktuelt, seier ordførar Sture Pedersen (H).

Bø i Vesterålen har mellom anna blitt kalla Noregs Monaco.

– Sjølv om vi ønsker å vere ein liberal kommune er dette eit drastisk forslag. Det er heilt uaktuelt å tenke i slike baner.

Pedersen fortel om unge heilt ned i 13-årsalderen i Vesterålen som slit med narkotika.

Det er ein av grunnane til at kommunen planlegg å opne eit nytt russenter.

– Behandlingstilbodet i Nordland dag er alt for dårleg. Difor legg vi no til rette for ein rusklinikk for ungdommar 13 og 18 år, som skal fange opp heile Nord-Norge.

Sturle Pedersen, ordføreren i Bø, og Rebekka Stangeland viser frem planene for å åpne en rusklinikk på Bø. De holder frem et ark.

Rebekka Stangeland, dagleg leiar i Aurora omsorg og Sturle Pedersen, ordførar i Bø, held fram planar på papir for ein rusklinikk på Møkland i Vesterålen.

Foto: Bente H. Johansen

Han trur det ein treng for å handtere ruspolitikken betre er ei haldningsendring rundt rus.

– For det første må ein sleppe å kome i slike situasjonar. Så må ein legge til rette slik at dei unge kan vere opne for sine problem. Eg meiner behandling er det beste tilbodet, seier Pedersen.

Les også Fem personer i 20-årene siktet etter grovt narkotikabeslag

Politiet utenfor Salten og lofoten tingrett i 2. april. Fem siktet og varetekstfengslet i angivelig narkobeslag.

– Den illegale marknaden er døgnopen

Mats Hansen, fylkesleiar i Nordland Venstre frå Rana er ein av dei seks personane i utvalet som har forma ut partiet sitt nye valprogram.

Han meiner Venstre sitt forslag ikkje vil vere til hinder for tiltak som rusklinikken for unge i Bø.

Han trur nemleg mange unge ikkje tør å spørje om hjelp når dei har rusproblem, nett fordi det er ulovleg.

– Unge tør ikkje ringe ambulansen ved overdose fordi dei kan få bot eller bli sett i fengsel. Når det er ulovleg er terskelen for å søke hjelp mykje høgare, seier han.

Kommunar kan søke om ulike forsøksordningar

Venstre sitt nye valprogram består av seks kapittel. Det siste kapittelet handlar om helsepolitikk. Der finn ein kulepunktet om at kommunar kan innføre regulert sal av cannabis.

Mats Hansen, Rana Venstre

Mats Hansen i Rana Venstre meiner fleire skjebnar er øydelagt av straff i forbinding med cannabis, enn cannabis i seg sjølv.

Foto: Venstre

Men til no er det ikkje lov å selje cannabis i Noreg. Verken regulert eller uregulert.

– Men det finst ei lov i Noreg der kommunar kan søke om ulike forsøksordningar.

Les også Politiker vil slippe narkostraff – mener religionen gir han lov

Øystein Meier Johanessen

– For dei kommunane som ønsker å prøve det, kan dette vere eit verkemiddel for å pushe ruspolitikken i ei betre retning, seier Mats Hansen.

I Nordland er det ingen kommunar med ordførar frå Venstre.

– Trur du det er mange kommunar som kjem til å søke om å få regulere sal av cannabis?

Les også Han vil utrede offentlig salg av cannabis

Seilmaker Bjørn Økern

– Uavhengig av om Venstre har høg eller låg oppslutning trur eg ikkje det er veldig aktuelt for mange kommunar. Oslo og Bergen har til dømes brukarrom, og har tilrettelegging som kan handtere det.

Mange distriktskommunar vil difor ikkje vere skikka for å opne for regulert sal, peiker Hansen på.

Hovudgrunnen til at Hansen og Venstre vil opne for regulert sal er at dei meiner det er for lett å få tak i narkotika i dag.

– I dag er det ein stor illegal marknad for cannabis som er ope heile døgnet. Det er inga aldersgrense verken for dei som kjøper eller sel, og pengane går til kriminelle, seier han.

Bildet viser noe av beslaget politiet gjorde av ferdig pakket marihuana, tiltenkt salg.

Bildet viser noko av beslaget politiet gjorde av ferdig pakka marihuana, tiltenkt sal.

Foto: Politiet

– Stadig yngre ungdommar sel cannabis for å tene pengar. Det fungerer openbert ikkje med forbod slik vi har i dag.

Det dei ønsker seg er difor eit monopol på cannabis, på lik linje med eit vinmonopol.

– Om vi legaliserer cannabis kan vi regulere kva som blir selt, og kven som får kjøpe det. Slik det er i dag er cannabis berre ein «snap» unna.

Synest du regulert sal av cannabis bør vi lovleg?

Kriminelle miljø har monopol

Ida Gudding Johnsen, nestleiar i Nordland Venstre, seier ho heller ikkje har høyrt om kommunar i Nordland som vil opne for regulert sal av cannabis.

Men ho peiker på at politikarane i Bodø nyleg har blitt einige om ein ny lokal ruspolitikk. No skal dei jobbe med å gå over frå straff til hjelp.

Ida Gudding Johnsen

Ida Gudding Johnsen nestleiar i Nordland Venstre trur ikkje det er aktuelt for kommunar i Nordland å opne for regulert sal av cannabis.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Vedtaket på landsmøtet er eit uttrykk for utolmodet. Ein ser at ruspolitikken har gått i feil retning lenge. Det er høge overdosetal og lett tilgang til rus hos ungdom, seriar Johnsen.

Ho peiker på at dei i Canada, i fleire statar i USA og i mange land i Sør-Amerika allereie har regulert marknadane sine. I tillegg står Tyskland på trappene for å gjere det same.

– Fleire ser at måten dei har latt kriminelle miljø få monopol ikkje har gjort tilgangen mindre. Men for Bodø sin del er det ikkje noko stort rop om å bli prøvekommune.

Les også Joakim mener medisinsk cannabis er det eneste som hjelper – blir nektet medisinen i fengsel

cannabis

Les også Mann i 20-årene dyrket frem 80 cannabisplanter

Cannabisplanter i Bodø