Hopp til innhold

Har rydda stranda i sju år – no er det meir søppel enn då dei starta

Fleire stader i Noreg har strandryddarane funne meir søppel enn tidlegare. Men dei ser ikkje berre negativt på utviklinga.

Mye søppel ligger i en vik i en strand i nordland. Det er alt fra vannflasker til klesdunker og beholdere for vaskemiddel, barberskum og fiskeriredskaper.

Sjølv om strender i Nordland, som her på Vega, har blitt rydda i sju år, er det no meir søppel enn nokon gong. Det kan bety at havet blir reinare, meiner strandryddarane.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / In the same boat

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Strandryddarane i «In the Same Boat» har sidan 2017 rydda den norske kysten.

I fjor var mange stader så godt som ferdigrydda.

Difor var det ein stor overrasking då ryddarane kom tilbake i år.

Det var nemleg meir søppel enn nokon gong.

Rolf-Ørjan Høgset

Høgseth beskriv kysten litt som ein sil som siler søppelet ut frå havet. – Om det ikkje hadde vore så mykje vêr i vinter, hadde ikkje denne søpla kome inn.

Foto: In the same boat

Dei driv med systematisk og profesjonell strandrydding. Slik får dei nøyaktige data for kor mykje forsøpling det er langs kysten over tid.

Nokre stadar peikar seg ut med meir søppel enn andre:

Første gong dei store øyværa på ytre kyst av Nordland blei systematisk rydda, blei det funne opp til 250 kilo plastforsøpling per kilometer. Men utfordringane held fram.

Nokon stader har strandryddarane no funne fire gonger meir plast enn då områda blei rydda i fjor.

På Vega fann dei 160 kilo søppel per kilometer strandsone i 2023. I år rydda dei same sone for 795 kilo.

– Det same gjeld frå Mørekysten til Nordkapp, seier Rolf-Ørjan Høgset i In The Same Boat.

Kvifor er det meir søppel no?

Strandryddarane i In The Same Boat har ein teori.

– Vi har visst i fleire år at det ligg mykje søppel og flyt i havet. I vinter har det vore to store stormar etter kvarandre. Då kjem søppelet som ligg langt der ute inn mot land, seier Høgset.

Strandryddere rydder en vik på Vega i Nordland. De har på seg grønt regntøy og blå plastikkhansker og går med store platssekker som de fyller med søppel.

Mange av strandryddarane er engasjert i Rydd i tide-programmet, på oppdrag frå Handelens Miljøfond. Dei får pengar frå plastposane som blir selt i Noreg.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / In the same boat

Men meir søppel på strendene er ikkje berre negativt.

Høgset fortel at denne gongen ligg søppelet oppå vegetasjonen langs strendene.

– Sånn sett er det lettare å rydde no enn første gong vi rydda. Det går ikkje an å sjå det på nokon anna måte, viss ikkje gir ein berre opp.

I tillegg trur han at dei forsøpla strendene kan tyde på at norskekysten no har eit reinare hav. Fagfolka støttar han delvis.

Les også Dyr i vernet område lider på grunn av plastsøppel – SV krever svar fra minister

Død måke i Saltstraumen utenfor Bodø

– Vinterstormane ryddar ikkje

Både seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik og oseanograf Jon Albertsen ved Havforskningsinstituttet trur den store mengda søppel kjem av ekstremvêr.

Eg trur at klimaendringane, med meir ekstremvêr, bidrar til at meir søppel blir blåst på havet eller frakta til havet på grunn av auka nedbør og flaum. Det kan vere ei forklaring på at meir søppel også strandar langs kysten, seier Grøsvik.

Mye søppel ligger i en vik i en strand i nordland. Det er alt fra vannflasker til klesdunker og beholdere for vaskemiddel, barberskum og fiskeriredskaper.

Det er lett for strandryddarane å få vekk den nye søpla som har kome inn med vinterstormane. No ligg nemleg søpla oppå vegetasjonen.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / In the same boat

Men om dette gir eit reinare hav, er forskarane mindre sikre på.

Det er nok ikkje slik at vinterstormar «ryddar» vekk avfallet i havet. Uvêr vil ofte spreie avfallet meir rundt, slik at det enten søkk ned, eller blir rive vekk frå hovudstraumane og da eventuelt strandar, seier Albertsen.

Uansett meiner dei at strandrydding er eit viktig tiltak for hav- og strandsonene.

Les også Mikroplast fra Europa går i en evig «loop» via kysten av Norge og opp i Nordishavet

Slik mener forskerne at mikroplasten beveger seg rundt i polishavet.

Etterlyser meir stønad frå staten

Den årlege posten på statsbudsjettet for tiltak mot marin forsøpling har sidan 2021 blitt redusert frå 80 millionar til 30 millionar.

Mye søppel ligger i en vik i en strand i nordland. Det er alt fra vannflasker til klesdunker og beholdere for vaskemiddel, barberskum og fiskeriredskaper. Noen strandryddere i grønt regntøy, lue og blå hansker står i bakgrunnen.

Strandryddarane seier det hastar å få rydda strendene. Det er både for å verne fugl og dyr, og for å sørge for at plasten ikkje blåser ut på havet igjen.

Foto: Røf-Ørjan Høset / In the same boat

– Det er rart at dei reduserer innsatsen for å få rydda hav og strender når det stadig kjem meir forsking om kor farleg søppel og plast er for oss, seier Høgset.

Leiar for marin forsøpling i Miljødirektoratet, Håkon Arctander, meiner derimot at Noreg har fokus på, og brukar mykje pengar på marin forsøpling.

Noreg legg betydelege ressursar inn i styrkinga av kunnskapen om farane ved mikroplast. Noreg bidreg til betydeleg innsats til opprydding gjennom nordiske og internasjonale samarbeid.

Mye søppel ligger i en vik i en strand i nordland. Det er alt fra vannflasker til klesdunker og beholdere for vaskemiddel, barberskum og fiskeriredskaper.

Arctander i Miljødirektoratet seier Noreg, som ein av leiarane for dei globale plastforhandlingane, ønskjer å forby ei rekkje helse- og miljøfarlege kjemikaliar som finst i plast. Dei jobbar mellom anna tett på Kina for å få ned plast i havet.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / In The Same Boat

Heller ikkje statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet er einig i kritikken.

Det har aldri vore brukt så mykje pengar på opprydding på norske strender som no. Det stemmer at løyvinga til marin forsøpling er redusert i statsbudsjettet, men talet på kroner som blir brukt til strandrydding i Noreg er større enn nokon gong, skriv ho i ein e-post til NRK.

Bjørnstad trekker fram fleire initiativ frå private som bidreg til å betala for ulike oppryddingsprosjekt.

Les også Strandryddere: – Forunderlig at dette har fått lov til å pågå i årevis

Flere hundre røde plastballer, omgitt av hvit plast i småbiter, ligger i fjæra på etter å ha blitt knust i møte med kystlinjen.

Håper fleire blir motiverte til å rydde

Mange av strandryddarane er organisert i Rydd i tide-programmet. Det er finansiert av Handeles miljøfond.

Pengane kjem frå plastposane vi kjøpar.

Ifølge styreleiaren i In the Same Boat må dei no intensivere ryddeinnsatsen for å få unna søppelet før det blåser på havet igjen.

Dei håper mengdene med søppel som no ligg på norske strender vil motivere fleire til å vere med å rydde.

– Jobben må berre bli gjort. At det kjem inn så mykje no, betyr at vi berre må fortsette å rydde. Mykje som flyt rundt vil fortsette å flyte inn i åra framover, seier Høgset.

Hvordan havner egentlig kondomer, skosåler og ketsjupflasker i fjæra? Ingen vil innrømme at de kaster, men Line går under vann og under jorda for å finne svar. Når hun plutselig finner tre døde dyr på ei strand, skjønner hun at noe må gjøres. Men hva?

Korleis hamner eigentleg kondom, skosolar og ketsjupflasker i fjæra? Line går under vatn og under jorda for å finne svar.

Les også Eirik (24) vil ha sporløs turisme: – Ser forsøpling på hver eneste tur jeg går

Eirik Sønstevold

Les også Søppelet i havet er en tapt sak, mener forskere: – Ingen vits i å rydde opp der

Dykking etter søppel i havet