Hopp til innhold

Strandryddingas Harald Hårfagre har fått kreft og mister skjegget: – Gir ikkje opp

Rolf-Ørjan Høgset ville ikkje klippe skjegget før frivillig strandrydding var garantert stønad. No har han fått kreft, og vil i staden samle alle strandryddarane i riket.

Rolf-Ørjan Høgset frå In the Same Boat i sjukesenga med langs skjegg.

Skjegget til Rolf-Ørjan Høgset frå In the same boat, har blitt stort medan han har venta på pengar til strandryddarane. No vil det falle av før han får det.

Foto: Privat

Rolf-Ørjan Høgset har på eit vis har han blitt strandryddinga sitt svar på Harald Hårfagre.

Han skulle nemleg ikkje klippe skjegget før han hadde fått ein statleg garanti på at frivillige strandryddarar ville få dekt kva det kostar å få rydda plast langs norske strender.

Men no har Høgset fått kreft. Sannsynlegvis vil han miste både hår og skjegg.

Likevel gir har ikkje opp. Som den historiske hårfagre kongen kjempar han no for å samle alle dei frivillige strandryddarane i Noreg.

Mindre pengar til frivillig strandrydding

Rolf-Ørjan Høgset drar seg gjennom skjegget.

Det er framleis ein del, men det vil bli mindre. Han er i gang med behandlinga for beinmargskreft.

Rolf-Ørjan Høgset frå In the Same Boat ved sjukesenga med langs skjegg.
– Sannsynlegvis vil eg miste både hår og skjegg.
Rolf-Ørjan Høgset frå In the Same Boat ved sjukesenga med langs skjegg.
– Det første eg tenkte var, korleis skal eg bli ferdig no?

– No forsvinn skjegget mitt. Det kan ikkje lenger vere eit symbol, seier Høgset, som er leiar for den ideelle organisasjonen «In the same boat».

Det heile starta i 2018. Då debatterte han med Ola Elvestuen (V) som på den tida var Klima- og miljøminister.

Strandryddarane hadde blitt førespegla ei stor rekning etter å ha samla søppel langs norske strender. Dei måtte betale avfallsselskapet, sjølv om dei hadde rydda strendene frivillig.

Då vakna eit stort engasjement for søppelrydding. Særleg etter sakene om plastkvalen på Sotra. Nærmare 600 000 frivillige rydda søppel i 2021.

Rolf-Ørjan Høgset frå In the Same Boat på tokt med headset i båt.
– Plasten har kome på dagsorden. I Noreg bruker vi meir enn 1,5 milliard på tiltak som har med plastforsøpling å gjere, seier Høgset.
In the same boat på strandrydding
Men problemet, ifølge han, er at ein ikkje klarer å nytte verdien som ligg i den frivillige innsatsen med disse pengane.
In the same boat på strandrydding
Dei frivillige mister pengar i årets statsbudsjett, seier Høgset. Tilskotet til ideelt arbeid er redusert med 20 millionar kronar.
Søppel ved strand i Norge
Det trass i at 2022 er frivilligheitas år.

– Vilkåra for den frivillige innsatsen, grasrota, det lokale entreprenørskapet og gründerskapet aukar ikkje. Og det er her det vert gjort størst innsats, seier Høgset.

Fagavdelinga ved Klima- og miljødirektoratet stadfestar at tiltak mot marin forsøpling har blitt redusert med 20 millionar kronar. Det er blitt gjort for å styrke andre miljøtiltak.

– Det finst også andre stader å søke pengar for å rydde plastsøppel, mellom anna frå Handelens Miljøfond og fleire andre private aktørar, seier Jo Randen, kommunikasjonsansvarleg ved Klima- og miljødepartementet.

In the same boat på strandrydding

Sidan 2011 har om lag 8000 onn avfall blitt rydda av frivillige viser rydderapporten for 2020 frå Hold Norge Rent.

Foto: In the same boat

No ser det ikkje ut til at skjegget vil vare heilt til Høgset har fått ein garanti.

– Det er litt trist, men eg har ikkje tenkt til å gi opp, seier strandryddaren.

– Eg har saman med andre eldsjeler tatt initiativ til å danne ei foreining der mange av aktørane som driv med ideelt arbeid er med.

Foreininga Bølgen

Rolf-Ørjan Høgset har samla strandryddarar frå både organisasjonar og bedrifter frå heile landet i foreininga «Bølgen».

Ein av dei er Noregs Miljøvernforbund. Dei er den miljøorganisasjonen som jobbar breiast, og strandrydding er berre noko av det dei driver med.

– Intensjonen er at om fleire peiker på dei same problema får vi meir tyngde på det, seier leiaren i Noregs Miljøvernforbund, Ruben Mjelde Oddekalv.

Sjølv om «Bølgen» har sitt utspring i strandryddemiljøet, håper han at dei med tida vil romme meir.

Ruben Mjelde Oddekalv, leder i Norges Miljøvernforbund, på strandrydding.

Oddekalv fortel at Noregs Miljøvernforbund opplever å bli knebla av søknadsfristar når dei til dømes planlegg skuleturnéar med strandrydding. Det er for lite føreseieleg for dei om dei får pengar eller ikkje.

Foto: Norges miljøvernforbund

– Dei som spring frå søknadsfrist til søknadsfrist bruker utruleg mykje tid på sidespor. Det vi ønsker er å gjere gode ting for miljøet, seier han.

Ved å stå samla i ein organisasjon håpar han at alle strandryddeorganisasjonane får eit meir langsiktige perspektiv, og ein ikkje må starte på nytt med tom pengesekk kvar sesong.

Har satsa alt

Men det er ikkje berre ideelle organisasjonar som blir del av den nye foreininga for strandryddarar. Også bedrifter som Skjærgårdservice AS som held til i Stord blir medlemmar.

– Å stå i ein foreining innanfor miljøet med maritim forsøpling er ein styrke. Både politisk og for å få rettar som organisasjon, fortel leiar Åge Valdal-Østensen i Skjærgårdservice AS.

– Den store jobben er å få finansiering for å kunne gå ut og rydde. For oss som er eit AS er det enno vanskelegare å få.

Skjærgårdservice AS på strandrydding
Skjærgårdservice AS har ikkje frivillige strandryddarar. De har mannskap som skal ha løn, og båtar og utstyr dei må investere i. Det kostar pengar. Og dei pengane må dei skaffe sjølv.
Skjærgårdservice AS på straendrydding
Difor har dei skrive avtale med føretak som Aker Solutions på Stord og oppdrettsnæringa for å rydde avtalte område for avtalt sum.
 Leiar Åge Valdal-Østensen i Skjærgårdservice AS.
– Drivkrafta mi er ikkje pengar, det er å gjere noko mot marin forsøpling.

Valdal-Østensen har nemleg satsa både hus og heim på bedrifta si, men det er ikkje pengar som er målet.

– Forsøpling av havet er eit problem vi kjem til å ha i sikker 40 år. Om vi må kjempe for kvar krone for å få lov til å jobbe for det vi brenner for er veldig slitsamt.

– Kor viktig er skjegget til Høgset frå «In the same boat» i denne kampen?

– Eg trur skjegget er viktigare for Rolf-Ørjan enn for nokon av oss, men eg trur det å vere organisert med eit felles mål og stå saman er viktig. Vi står sterkare som eit lag.

Rolf-Ørjan Høgset In the same boat

Rolf-Ørjan Høgset håper han få rydda mykje meir søppel før kreften tar knekken på han.

Foto: In the same boat

Vil rydde alle strendene

No er det særleg eit mål som held Rolf-Ørjan Høgset frå «In the same boat» gåande gjennom den tøffe behandlinga.

Eg håpar at eg får rydde litt til før kreften tar knekken på meg. Målet er at alle strender i Noreg skal vere rydda minst ein gong før 2025. Eg vil vere med å ta min del.

Vil du lære meir om kongen Harald Hårfagre? Lytt her: