Hopp til innhold

Sel del av populær Lofoten-strand til fleire millionar: – Telefonen har ikkje stått stille

Den populære turiststranda blei kjøpt for 900.000. No kan ein del av ho bli di viss du er villig til å punge ut 9,5 millionar.

Rambergstranda Lofoten

TIL SALS: Denne tomta ligg ute for sal. Og det med tungt hjarte, ifølge eigaren.

Foto: Proaktiv Eiendomsmegling Nord

Dei siste åra har sal av øyer i Nordland fått seg ein real oppsving.

I 2022 blei minst ti øyer lagt ut for sal, berre på Helgeland i Nordland.

No kan du nok ein gong kapre deg ein turistkjær eigedom:

Rambergstranda i Flakstad tronar høgt på lista over populære strender i Lofoten.

Prisantydinga er på 9,5 millionar kroner. Då får du 4690 kvadratmeter strand med på kjøpet.

Det er nesten like stort som ei fotballbane.

– Telefonen har ikkje stått stille

Innsalet i Finn-annonsen er enkel: «Stor tomt med fantastisk beliggenhet».

Nettopp det er årsaka til at eigedomen er verdt 9,5 millionar kroner, ifølge eigedomsmeklar Kimmy Kristoffersen. Eigedomen blei lagt ut for sal for to dagar sidan.

Rambergstranda Lofoten

Rambergstranda i Lofoten

Rambergstranda i Lofoten er ein populær turistattraksjon.

Rambergstranda Lofoten

Rambergstranda i Lofoten

Rambergstranda Lofoten

Rambergstranda i Lofoten

Rambergstranda Lofoten

Rambergstranda i Lofoten

– Eg har sete i telefon og svart på SMS sidan eg vakna i dag tidleg.

Etter ein litt treig første dag, har ikkje førespurnadane latt vente på seg.

– Eg fekk ein del i går, men i dag har ikkje telefonen stått stille, seier Kristoffersen.

Ifølge han har det vore selt ein og annan tomt i Flakstad tidlegare. Men aldri av ein slik karakter.

– Er det større eigedomar som kjem ut for sal, står det gjerne eit hus eller eit gardsbruk på det.

Kimmy Kristoffersen er meklar for salet av Rambergstranda

Kimmy Kristoffersen, eigedomsmeklar i Proaktiv Eigedomsmekling Nord.

Foto: Proaktiv Eiendomsmegling Nord / Studio Hjelm

Både private og offentlege interessentar har tatt kontakt. Nokre av dei lokalt i Lofoten, men mesteparten utanfrå, opplyser Kristoffersen.

Det var Lofotposten som først omtalte saka.

32.000 kvadratmeter

Tomta er på nesten 32.000 kvadratmeter og med på kjøpet følger di eiga sandstrand til 3850 kvadratmeter.

Eigedomen strekker seg på begge sider av E10. Heile stranddelen er på rundt 10 mål, der ein kan bygge ut 40 prosent av arealet, mens fjelldelen er på rundt 22 mål.

Stranddelen er regulert til bustadføremål, som vil seie at ein kan bygge på vanleg måte etter søknad.

– Ein kan ikkje bygge noko på stranda eller stenge av eit friområde. Det er sjølvsagt avgrensingar til kva ein kan gjere med sjølve stranda, seier Kristoffersen.

Les også Megleren har aldri opplevd lignende: En hel skjærgård er til salgs

Allmenningen

Allemannsretten gjer nemleg at alle har rett til ferdsel til fots i utmark. Det same gjeld strandsona langs sjøen.

I 1965 blei det innført forbod mot bygging i strandsona. Etter plan- og byggingslova er alle tiltak i strandsona i utgangspunktet forbode.

Kommunane har lov til å bestemme om det skal bli gitt dispensasjon frå forbodet, eller om dei i kommune- og reguleringsplan skal gjere unntak frå denne avgjersla.

Ein del av eigedomen er likevel sett av til bustadbygging, ifølge Kristoffersen.

– Det er jo ein stor eigedom der mykje av det er sett av til bustadbygging. No er det jo godkjent ein rammesøknad på ein bustad på oversida av eigedomen.

Les også Var skyldig seks øre og solgte øya – nå er prisen to millioner

Store Futøya for salg i Rødøy kommune

Eigedomen er i dag eigd av kunstnar Galina Manikova, som har hatt planar om å bygge opp eit kunstsenter på området.

No ser ho seg nøydd til å legge inn årene.

Sel eigedomen etter avslag

– Eg har forstått at dette er sluttstrek. Eg får ikkje til å etablere det som eg har jobba for i åtte år. Eg har ikkje noko val enn å avslutte prosjektet, seier Manikova.

Galina Manikova

Galina Manikova blei uteksaminert frå Art Academy Bezalel i 1979.

Foto: Privat

Dei åtte åra ho har eigd eigedomen har ho forsøkt å få til eit senter for alternativ fotografi, som er det ho lever av.

Ho fekk positive signal frå kommunen, før Flakstad kommune etter kvart avslo planane.

– Kommunestyret gjorde eit vedtak i 2021 der dei ønska minihusfeltet og kunstsenteret velkome og bad oss om å legge fram eit forslag. Det har kosta mykje pengar og det har tatt nesten to år å få svar på dette, og svaret var no negativt, seier Manikova.

Kjøpte for 900.000

No er leilegheita ute for sal, med ei prisantyding på 9.5 millionar kroner.

Då ho kjøpte tomta i 2015, var det for 900.000 kroner.

Men Manikova har ikkje trua på bedrifta kjem godt ut av det.

– Dei som antydar at eg har store gevinstar i saka, dei tar grundig feil.

– Vi har brukt veldig mykje pengar. Så eg tvilar på at bedrifta kjem godt ut av det. Men vi får sjå med tida.

Ho trur at potensialet for å utvikle eigedomen er der.

– Men for min del er den ikkje-eksisterande.

NRK har etter publisering presisert i tittel og ingress at det er snakk om deler av stranda.

Les også Internasjonal interesse for øde øy: – Telefonen har gått varm

Bjørnøya i Rødøy til salgs.