Sal av øyer har aldri vore så populært som no. I alle fall på Helgeland.
I fjor fekk salet av den første øya, Bjørnøya, stor merksemd.
No har fleire kasta seg på ballen.
På berre eit år har marknaden på øyer firedobla seg på Helgeland.
Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge seier at han har inntrykk av at det er fleire som sel øyer no – i heile Noreg.
– Nokon har selt for mykje meir enn dei hadde trudd dei kom til å få. Det gjer at fleire får ideen om å selje, seier Lauridsen.
Ti øyer til sal på eitt år
På Helgeland begynte det med Bjørnøya.
Nokre veker seinare låg Futøya til sal.
Begge blei selt sommaren 2021.
Bjørnøya og Futøya var dei første av øyane som vert selt i fjor sommar.
I år ligg det tre nye øyer for sal.
Dei ligg her:
Brokholmen og Løvøya har begge takst på 1,5 millionar, medan Allmeningen er prisa til 1,8 millionar kronar.
Og i løpet av sommaren vil atter fem øyer kome på marknaden.
Med andre ord har ti øyer og øygrupper blitt lagt ut for sal på berre eitt år.
– Eg trur absolutt det er ein sjanse for å få selt alle øyene. Det er stor interesse for dette, seier Kristine Langfjell i Rede Eiendomsmegling.
Kristine Langfjell i Rede Eiendomsmegling seier at det er meir enn 60 personar som er interessert i kvar av øyene som ligg for sal.
Foto: Rune Nilsen / Rune Nilsen– Kvifor er det blitt så populært å selje øyer nett no?
– Det som er spennande er at vi ikkje veit kvifor det har blitt ein trend. Dette er ikkje noko som har vore vanleg før i fjor.
Likevel trur ho mediemerksemda for dei to øyene dei selde har litt å seie.
– Eg trur ikkje folk har tenkt på at slik eigedom har nokon verdi før no.
Nasjonalt finst det ikkje eit register som viser kor mange øyer som er blitt selt. Men fleire eigedomsmeklarar som NRK har snakka med stadfester trenden.
– Ikkje Manhattentilstandar
Då den første øya, Bjørnøya, blei selt var 250 personar interessert i å kjøpe ho.
19 kom med bod på øya som korkje veg, avlaup, vatn eller straum.
Til slutt blei ho selt fire gongar over prisforslaget, 4,3 millionar.
Den tidlegare eigaren, Bjørn Pedersen, var nøgd.
Ikkje berre for den nette summen, men òg fordi han sjølv ikkje hadde kapasitet til å ta over øya.
– Eg kjenner ikkje på at eg starta det heile. Eg synest berre det er artig at ting kan kome til nytte. Øyene berre ligg der, og ingen gjer noko med det, seier Bjørn Pedersen.
Den som til slutt kan kalle øya si er tyske Peter Barbulla og dottera Patricia.
Dei kjøpte øya usett, men med store planar for ein «unik feriedestinasjon» med 100 hotellsenger og 56 utleigehytter.
Patricia Barbulla kjøpte øya på Helgeland usett. For 14 dagar sidan fekk ho for første gong sjå kva ho hadde kjøpt.
Foto: Peter Barbulla / privatBarbulla håper øya vil bidra til meir turisme på Helgeland, men det er likevel viktig at lokalbefolkninga får noko att.
– Bjørnøya har tidlegare vore allment tilgjengeleg, men likevel ikkje. Det var ikkje mogleg å legge til her med båt. Det skal vi gjere noko med no, seier Barbulla.
– Men kan det bli for mykje, om alle som kjøper øy tenkjer som dykk?
Slik skal Bjørnøya etter kvart sjå ut etter planane til familien Barbulla.
– Helgeland er enno ei uoppdaga perle. Det ville vore hyggeleg om turismen kunne dele seg over eit litt større område. Det kan bli litt mykje for Lofoten, og Helgeland er relativt underutvikla, seier Barbulla og legg til:
– Ingen bør bygge for seg sjølv, berre for å ha det til eigen familie.
Den tidlegare eigaren trur planane om øya vil styrke både kysten og kommunen.
– Førebels, før det vert Manhattentilstandar, trur eg Helgeland berre har godt av det.
– Kan etablere private sonar
Fredrik Holth, dosent og forelesar i plan- og bygningsrett ved NMBU, seier det ikkje er problematisk i seg sjølv at øyer skiftar mellom private eigarar.
Spørsmålet er heller kva som er intensjonen med å kjøpe ein øy, og kva som kjem i kjølvatnet av dette.
– Så lenge vi er i strandsona er det eit generelt byggjeforbod i hundremeterssonen.
Fredrik Holth, dosent ved NMBU, seier det kan vere skummelt om kommunepolitikarane for lett gir ut dispensasjonar for bygging i strandsona.
Foto: Anne Lognvik / NRKOg det skal vere vanskeleg å gje dispensasjon til bygging i strandsona, fortel dosenten.
Forbodet er nemleg gamalt. Allereie på 50-talet såg ein at nedbygging av strandsona gjekk på kostnad av natur og friluft. Forbodet vart også stramma inn ved ei lovendring i 2008.
Betyr det at kven som helst kan ferdast i områda, sjølv om øyene skiftar eigar?
Både ja og nei.
– Viss dei som kjøper øyene får løyve til å byggje ut på øya, skiftar områda karakter. Det vil kunne påverke allmenta si moglegheit til å bruke områda, seier Holth.
Han fortel at det nemleg er denne typen byggetiltak som etablerer private soner.
– Det er alltid ein fare for retten til å ferdast og ta opphald snevrast inn, om ikkje kommunepolitikarane sørger for å ta omsyn til dette i deira vedtak.
I 2019 hadde Sivilombodet ein gjennomgang av tre kommunars dispensasjonspraksis i strandsona. Der kom det fram at det var store manglar i grunngjeving, innhald og forståing for loven.
Kristine Langfjell i Rede Eiendomsmegling minner òg om at det ikkje er sikkert at du kan gjere kva som helst, sjølv om du kjøper ei øy.
Dei fleste øyene av dei ubygde øyene er nemleg ikkje regulert. Det vil seie at dei har ein planstatus som seier at det skal vere brukt til landbruk, natur og fritid.
– Det vi undersøker før vi sel ei øy er kva det inneber. Er det byggeforbod, viktige viltområde, regntråkk i området eller ulike fuglearter, kan det gjere regulering utfordrande seinare.
Ho legg til at kjøparane må sende inn spesielle dispensasjonssøknadar om dei vil bygge innanfor strandsona.