Hopp til innhold

Frp-politikar ber justisministeren ta grep for å sikre vegane i nord

Per-Willy Amundsen (Frp) vil ha meir pengar til UP.

Trafikkaos i Reine i Lofoten.

Trafikkaos i Reine i Lofoten.

Foto: Martin Giæver / NRK

Sommaren 2020 i Nord-Noreg kjem nok til å bli hugsa for trafikk. Mykje trafikk.

Tusenvis fleire bilar enn normalt på vegane, sprengt kapasitet på ferjene, og ei 60 prosent auke i fartsbøter.

Tidlegare denne veka døydde ei eldre kvinne i ein frontkollisjon på E6.

Men trass i alt som skjer har Utrykkingspolitiet same ferieavvikling og same megd patruljar på vegane som vanleg.

Travle bilistar langs vegane i Nord-Noreg kan skape farlege situasjonar, som her i Lofoten tidlegare denne veka.

Ber departementet gripe problemet

– Eg tykkjer det hadde vore naturleg for justisministeren å ta nokre grep no. Det vil eg sterkt oppmode ho om å gjere.

Per-Willy Amundsen er medlem i Justiskomiteen på Stortinget og den einaste frå den nordlegaste halvdelen av landet.

Alle nordmennene som ferierer i eige land gjer mykje godt for dei som driv med overnatting og turisme.

– Sånn sett er det jo bra for reiselivsnæringa, men det betyr også at politiet openbert ikkje er rusta for å handtere situasjonen godt nok. Og det har eg stor forståing for, seier Amundsen.

Per-Willy Amundsen Arendalsuka

Amundsen seier han på lengre sikt ynskjer å fremje forslag om løyve til å ha fleire patruljar på vegane. Men dette gjeld budsjettåret 2021, ikkje situasjonen ein opplev no.

Foto: Torstein Bøe / NPK

Det er Politidirektoratet som er løyvingsmakt for Utrykkingspolitiet.

Likevel meiner Amundsen at det er tenleg å gå rett til departementet.

– Mi erfaring er vel kanskje at Politidirektoratet ikkje naudsyntvis gjer slikt utan å få ei politisk føring.

– Om ikkje Politidirektoratet klarar å gjere det på eiga hand, går det an å hjelpe dei med det, og justisministeren kan ta det initiativet. Og det håpar eg ho gjer, seier Amundsen.

Ferieavvikling i ferierushet

– Dei fleste vi bøtelegg for fart er folk som er på besøk her, som er på ferietur og skal til og frå.

Geir Harald Marthinsen er sjef for Utrykkingspolitiet i Nord-Noreg. Han seier dei har teke 60 prosent fleire for fartsovertredingar denne sommaren enn tidlegare år.

Marthinsen meiner det hadde vore gildt med fleire patruljar på vegane, men at UP rettar seg etter realitetane og jobbar med dei ressursane dei har.

På spørsmål om kor mange patruljar UP har i Lofoten, eit område som har dobbelt so mange bilistar i år som ein vanleg sommar, kan han ikkje svare. Politiet plar ikkje opplyse om kor mange dei har på vegane, forklarar han.

Geir Harald Marthinsen, UP-sjef i nord

UP-sjef Geir Harald Marthinsen oppmodar reisande til å setje av nok tid til køyreturen og ikkje stresse slik at ein vert ei fare for andre.

Foto: TOR FARSTAD

– Vi har patruljar som dekker både Ofoten, Vesterålen og Lofoten og som bevegar seg på tvers av grensene sine. Det gjer til at vi har patruljar som er ute til meir eller mindre alle døgnets tider.

– Men so skal vi heller ikkje stikke under ein stol at det er ferietid også for oss, seier Marthinsen.

Han forklarar at Utrykkingspolitiet prøver å late patruljebilane vere i drift heile sommaren gjennom. Det gjer dei ved å la dei som er på patrulje i lag ikkje tek ferie samstundes.

– På den måten kan vi vere ute i trafikken, men det seier seg sjølv at vi ikkje er like effektive med éin tenesteperson i bilen som vi er med to, seier Marthinsen.

Utrykningspolitiet på kontroll i Bodø.

Utrykkingspolitiet i Nord-Noreg har teke 60 prosent fleire i fartskontroll i sommar enn tidlegare. Dei fleste er turistar, seier UP-sjefen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Politidirektoratet: – Ikkje har fått førespurnad

Politidirektoratet stadfestar at dei ikkje har fått noko førespurnad om auka løyve til UP i nord.

– Lokale patruljar løyser også mykje, som ein ser i media i heile Noreg. Om det dukkar opp problem er det heile politiet og ikkje berre UP som kan stille med ressursar.

Runar Karlsen er fagdirektør for trafikk hjå Politidirektoratet.

– Direktoratet ser ikkje at det er ytra noko trong for auka mannskap, og syner til at kvart enkelt distrikt sjølve kan vurdere dette. Kvart distrikt vurderer også sine utfordringar og handlar etter det, seier Karlsen.

NRK har vore i kontakt med Justisdepartementet, men grunna ferieavvikling har dei ikkje hatt høve til å ta stilling til Amundsen si oppmoding.

UP-sjef Runar Karlsen

Karlsen understrekar at UP ikkje løyser alle oppgåver på vegane, men at dei føl med. Dette er tydeleg av dei rekordmange reaksjonane UP fortel om i nord, meiner han.

Foto: KJartan Rørslett / NRK