Hopp til innhold

Polsk lastebil stengde E10 tre gangar på eit døgn

Bilbergaren seier den lastebilen ikkje var skodd for forholda: – Det vi kallar for greie sommardekk.

Bilberging på vogntog ved Kåringen på E10

Her sit den raude lastebilen fast ved Kåringen i Lødingen kommune.

Foto: Jens Andre M. Birkeland

I løpet av eitt døgn blei E10 i Nordland stengt fleire gonger på grunn av ein og same lastebil.

Klokka ni om morgonen tysdag blei den polskregistrerte lastebilen ståande på E10 ved Kåringen i Nordland.

Vegen blei stengd i fleire timar, skriv Bladet Vesterålen.

Rett før klokka 14 blei vegen opna igjen og køyretøyet var berga.

Men knappe ei mil lenger nord sette lastebilen seg fast igjen.

– Omtrent då vi var kome tilbake til Sortland fekk vi kontrabeskjed frå Vegtrafikksentralen at same lastebil hadde sett seg fast igjen.

Det seier Håvard Hansen i bilbergingstenesta Assistanse Nor. Han hjelpte den polske lastebilen to gonger i tysdag, først ved Kåringen og seinare ved Kanstadbotn.

Han seier det er fleire grunnar til at lastebilen har hatt problem.

– For det første så er ikkje kunnskapen om å køyre på vinterføret tilstrekkeleg til stades. Og for det andre er det altfor dårleg kjettingutrusting. Det er kjettingar, men det er for dårleg.

Ifølge han var også vinterdekka som lastebilen køyrer på dårlege. Dei er lovlege, men det er ikkje det vi køyrer med her i Norden, seier Hansen.

– Det er det vi kallar for greie sommardekk.

Bilberging på vogntog ved Kåringen

Bilbergar Håvard Hansen hjelpte lastebilen to gongar på ein dag.

Foto: Bengt Are Pettersen

– Kaos

Det har vore eit vêromslag i Nordland dei siste dagane, og det har komme mykje snø på kort tid. Dette seier Hansen også kan ha bidratt til problema.

– Vi har hatt berre vegar store delar av mars, og så har vi plutseleg fått vinter igjen.
Så det kan også vere ei medverkande årsak. Det er påskeutfart i tillegg, så det blir jo kaos.

– Det er så mykje bilar på vegen at det blir jo kaos når eit køyretøy stoppar opp. Då stoppar alt.

– Kva seier sjåføren når de kjem og reddar han for andre gongen på ein dag?

– Nei, han seier ikkje mykje. Han kan jo ikkje engelsk.

Kø etter Bilberging på vogntog ved Kåringen på E10

Det vart kø då lastebilen trengde hjelp ved Kåringen på E10.

Foto: Jens Andre M- Birkeland

Men Hansen opplever at lastebilsjåføren er fortvilt. Og han sjølv veit ikkje kva han skal tenke om situasjonen.

– Dette er noko som gjerne skjer med sjåførar frå sør- og Aust-Europa som kjem hit med utanlandske køyretøy. Dei er ikkje nødvendigvis heilt skodde og utstyrte til å køyre etter dei forholda som vi har her oppe.

Les også Selskap slutter å betale fartsbøter for 100.000 sjåfører – UP jubler

En liten skjerm i bilen lyser opp med skriften "Ingen registrert fare eller kontroll."

Stengde også veg måndag

Ifølge Bladet Vesterålen skal den same lastebilen også ha hatt problem ved Lakså i Evenes måndag ettermiddag.

Då stengde køyretøyet eitt felt på E10.

Tysdag ettermiddag blei lastebilen taua av Hansen til Vegvesenet sin trafikkstasjon i Gullesfjord.

Vidare tok politiet, med hjelp av tolk, avhøyr av sjåføren, ifølge operasjonsleiar i Nordland politidistrikt, June Strand Jensen.

– Er det ofte at de hjelper desse utanlandske sjåførane?

– Ja, det er jo ein del her inn til Vesterålen. Det er gjerne når det er veromslag,
og det blir dårleg føre at vi hjelper dei, avsluttar Hansen.