Hopp til innhold

Norske turistar bergar reiselivet – enn so lenge

Norske turistar har redda reiselivet i Lofoten i sommar, men når hausten kjem er fleire avhengige av at utlendingane fyller bestillingsbøkene.

Sakrisøy rorbuer i Lofoten

Norske turistar held utleigarar som her på Sakrisøy flytande i sommar. Kva som skjer etter fellesferien, avheng av reiseråda.

Foto: Thomas Fure

Fredag klokka tolv legg regjeringa fram nye reiseråd. Vi vil då få svar på kva land vi nordmenn kan besøke og ikkje minst kven som kan besøke oss.

Men hittil i år er det bubilar og campingvogner med norske skilt som har strøyma ut på vegane og skapt køar og timevis med venting på ferjeleier.

Alle desse nordmennene som ferierer i eige land har redda levebrødet for mange innan reiselivet. Men når hausten kjem ser det mørkare ut.

Sakrisøy rorbuer i Lofoten

Når snøen og kulda kjem til Sakrisøy i Lofoten, håpar dei som driv med utleige av rorbuer at det kjem utlendingar som kan fylle bestillingsboka og halde rekneskapen i pluss.

Foto: René Ringnes

Nokre er avhengig av utlendingane

– Det er ikkje nokon stor pågang etter fellesferien er over og folk er attende i jobb. Då ser det mørkt ut, seier Marcus Engen.

Han driv med utleige av rorbuer på Ballstad i Lofoten. Han har eit håp om nokre kurs og konferansar på hausten, og kanskje at nokre nordmenn avviklar ferien noko seinare.

Men at det vert behov for utanlandske turistar når hausten og vinteren kjem, er han ikkje det minste i tvil om.

– Det er alfa og omega for vår del.

Marcus Engen

Marcus Engen kan smile over god butikk i sommar, men fryktar at både reiseråd og dyre flybillettar kan leggje ein brems på haustsesongen.

Foto: Kari Skeie / NRK

... medan andre greier seg

Therese Larsen driv med opplevingsturisme i Lofoten. Fisketurar, spekkhoggarsafari og fjellturar står på menyen for dei som vil gjere meir enn å berre sjå på naturen.

Ho seier også at det vanlegvis er søreuropearane som plar stå for brorparten av bestillingar på hausten.

Therese Larsen i Aqua Lofoten Coast Adventure

Therese Larsen meiner at erfaringane frå koronakrisa kan vere ein vekkar for opplevingsturismen.

Foto: Kjersti Fossåskaret Eltoft / NRK

– Det er jo nokre av dei som tviheld på bookingane sine og ventar på om dei får lov til å reise eller ikkje, men om det kjem til å utgjere noko stort for oss trur eg ikkje.

– Vi er berga med nordmenn. Vi klarar oss gjennom denne krisa her, vi, seier Larsen.

Ho seier dei har greidd seg so godt at dei ikkje har behov for nye gjestar før neste sommar.

Larsen seier også at aktivitetsturismen har lært noko nytt av denne sommaren. Ho meiner ein no har sett at ein ikkje treng fylle heile døgnet med bestillingar, men at ein kan tilpasse tilbod og at dei som driv kan ha meir normale arbeidsdagar, sjølv i høgsesongen.

Sakrisøy rorbuer i Lofoten

Då hue-vêret kjem attende til Lofoten, kjem ikkje Larsen til å fortvile.

Foto: René Ringnes

Håpar likevel på nye reiseråd

Mina Dyrkorn Færden er driftsleiar for Sakrisøy rorbuer på Reine i Lofoten. Ho fortel at fleire utanlandske turistar også held fast på bestillingane sine hjå dei. Nokre har planlagd Noregsbesøket i over eitt år.

– Vi skjønar jo godt at dei vil på ferien dei har gleda seg til, so om dei får besøkt oss, tykkjer vi det er veldig koseleg.

Men mangel på folk er der ikkje. Ho og fleire andre overnattingsstadar har opplevd å bli ringd opp midt på natta av norske turistar som ikkje har nokon plass å sove.

– Vi prøvar so godt vi kan. I Moskenes har vi som driv med overnatting ei eiga facebookgruppe der vi spør om nokon har ledige overnattingar, seier Færden.

– So sommaren er berga for dykk uansett kva som skjer med reiseråda i morgon?

– Ja, det bankar vi i bordet for.

Men etter fellesferien spørst det om utlendingane kan komme for å fylle behovet når nordmennene må attende på jobb.

Mina Dyrkorn Færden ved Saksisøy rorbuer.

– Det er veldig mange som kjem utan å ha booka ferien sin, men slik har det vore fleire år, seier Færden.

Foto: Privat