Hopp til innhold

Sjukefråvær og vinterstorm pregar Widerøe: – Juletrafikken har vore krevjande

I desember var det rekordmange som melde om luftvegssymptom. Saman med vinterstormar, har dette skapa utfordringar for Widerøe.

Folk går om bord i et Widerøe-fly i snøstorm

Sjukefråvær, uvêr og låg etterspurnad har prega resultatet til Widerøe i desember.

Foto: Sondre Sandbakken

I desember var luftfarten prega av forseinkingar og vinterstormar.

Bodø Lufthamn måtte stenge grunna uvêr, noko som gav fleire timar forseinkingar. Det same opplevde Oslo Lufthamn, som også var stengd i ei kort periode grunna is og snø.

Flyselskapet Widerøe hadde heile 230 vêrkanselleringar i perioden 22. desember til 2. januar. Det er dobbelt så mange som i 2019. Det er spesielt kortbaneflyplassane i Nord-Noreg og på Vestlandet som har vore ramma av vêret.

Men det er ikkje berre vêret som har seinka flyavgangane.

Eit ekstraordinært høgt sjukefråvær der Widerøe har fått helse på covid, influensa og norovirus. Det har medført bemanningsmessige utfordringar i desember.

Det bekreftar selskapet til NRK.

Stein Nilsen, adm dir Widerøe

Stein Nilsen, administrerande direktør i Widerøe.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

I denne vintersesongen så køyrer vi litt lågare produksjon enn det vi normalt har i vinterperioden, så vi har resursar vi kan setje inn dersom det skulle bli behov for det. Vi følger situasjonen frå dag til dag, seier administrerande direktør i Widerøe, Stein Nilsen.

Sjukdom, uvêr og låg etterspurnad har prega resultatet til selskapet. Det vart ein svak desember, seier Nilsen.

– Juletrafikken i 2022 er det mest krevjande vi har sett i nyare historie.

Følgt råda

Nilsen seier at dei har følgt råd og signal frå helsemyndigheitene.

Trass at korttidsfråværet har vore høgt, har lojale tilsette gjort konsekvensane blant dei reisande minimale, ifølge Nilsen.

– Det har gått betre enn forventa. Vi har kansellert under 2 prosent av avgangane grunna sjukefråvær. Det handlar også om at alle i Widerøe har stilt opp når dei eigentleg skulle ha hatt fri med tanke på at alle skulle få kome heim til juleferie.

Les også Du kan få koronavirus og influensa samtidig: – Et ekstra poeng å ta influensavaksine i år

Vaksine blir satt inn i armen.

– Kan du seie noko om kor terskelen ligg for å melde seg sjuk i Widerøe?

– For dei som er ute å flyr flya så er det ganske strenge reguleringar. Vi har eit omgrep som heiter «fit to fly» og vi er oppteken av at dei som jobbar hos oss gjer individuelle vurderingar og skikka til å fly. Det er alltid flytryggleiken som er hovudfokus for oss.

– Korleis har trafikken vore?

– Trafikken innanriks og etterspurnaden etter flyreiser set seg på det som er 10 prosent under det vi hadde i 2019. Det er vi litt skuffa over, men det heng saman med at det er litt økonomisk uro, høg prisstigning og denne type ting som gjer det meir krevjande å prioritere reiseverksemd, seier han og legger til:

Så lenge vi kjem oss igjennom denne vinteren som er prega av litt mørke omgivnadar, så trur vi at vi kjem inn i ein veldig sterk sommarsesong.

Les også Tora (22) risikerer å bli 26 timer forsinka hjem til jul

Tora Løvseth (22) på Bodø Lufthavn

Rekordmange med luftvegssymptom

Det har vore ein strevsam haust og førjulstid prega av sjukdom for mange av oss.

Det er også rekordmange som melder om luftvegssymptom.

Heile 38 prosent av befolkninga oppgav i desember at nokon i husstanden er forkjølte, eller at dei mistenkte koronasmitte hos nokon dei budde saman med.

Ein gut nyser og ei sky av snørr og spytt kommer ut av munnen og nasen.

Rekordmange melder om at nokon i husstanden er forkjølte eller mistenker koronasmitte.

Illustrasjon: Gorm Kallestad / NTB

Det er høvesvis 16 og 24 prosentpoeng høgare enn i desember 2021 og 2020, og er ny rekord. Det kjem fram i Norsk koronamonitor frå Opinion.

Koronasmitten ser ut til å flate ut etter høgtida, men influensatoppen – og med det virustoppen – er enno ikkje nådd. Det fortel assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad til NRK.

På legevakta i Bodø har dei kjent trykket på dette.

Det har nesten vore ein luftvegspoliklinikk i jula. Det var rikeleg tilfang av pasientar med hoste, forkjøling, vondt i halsen, vondt i ledd og musklar, seier kommuneoverlege i Bodø Raymond Dokmo.

Han seier det har vore mykje influensa, korona og RS-virus.

Kommuneoverlege i Bodø kommune, Raymond Dokmo.

Kommuneoverlege i Bodø kommune, Raymond Dokmo.

Foto: Per-Inge Johnsen

Det er litt meir enn normalen.

Dokmo seier det handlar om at vi er inn i ein influensasesong og at vi har vore isolert, som har gjort at vi ikkje har vore utsett for desse virusa som før.

Det gjer at vi ikkje har den immuniteten som vi tidlegare har hatt. Så folk blir minst like sjuk som dei har vore før.

Låg terskel for sjukemelding

Både SAS og Norwegian merkar også at smitten i samfunnet aukar.

– Vi tek høgde for sjukefråvær ved å ha kabintilsette og pilotar på såkalla standby, som kan kallast inn på kort varsel ved til dømes sjukdom. Det er derfor sjeldan at drifta blir påverka, sjølv om dette naturlegvis kan skje i enkelttilfelle, seier pressesjef i SAS Tonje Sund.

Når det gjeld tilsette i lufta, spesielt kabintilsette, så er det generelt sånn at av omsyn til helse og tryggleik skal det vere låg terskel for sjukmelding, ifølge Sund.

Tonje Sund, pressekontakt i SAS

Pressesjef i SAS Tonje Sund seier at flyselskapet også har merka at smitten i samfunnet aukar.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

– Ein kan ikkje jobbe i lufta om ein har luftvegsplager, av omsyn til både den tilsette og kunden, seier ho.

Medan Flyr har hatt lågt sjukefråvær. Det skriv direktør for samfunnskontakt og kommunikasjon i flyselskapet Lasse Sandaker-Nilsen i ein e-post til NRK.

– Vi har generelt sett hatt lågt sjukefråvær samanlikna med kva som er vanleg i luftfarten, også blant kollegaer i cockpit og kabin, skriv han.