Hopp til innhold

Har fri tilgang til norskekysten

254 russiske navigatørar har fri tilgang til norskekysten. Det meiner Norsk Losforbund er ein tryggingsrisiko.

Det russiske skipet Akademik B. Petrov i nærleiken av Gjøa-feltet

VEKTE OPPSIKT: Det russiske skipet Akademik B. Petrov i nærleiken av Gjøa-feltet førre veke.

Foto: Privat

– Forsvaret vaktar oljeinstallasjonane våre, samstundes let vi russiske sjøfolk fritt segle innanriks i Noreg. Det blir berre feil, seier formann i Norsk Losforbund, Johannes Sivertsen.

Fleire losar har sidan invasjonen av Ukraina i februar vegra seg mot å gi russarar såkalla farleisbevis, fortel Sivertsen.

Eit farleisbevis gir navigatørar lov til å segle skip over 70 meter innanfor den norske grunnlinja. Dermed slepp skipa unna losplikta.

For to år sidan oppdaga ein los om bord i eit russisk fartøy at det fanst bilete av det norske etterretningsskipet «Marjata» på brua, i fylgje Bergens Tidende.

Ved biletet stod det på russisk «Styrmann, slik ser fienden ut. Før inn følgjande i den svarte loggboka: Dato, tidspunkt, posisjon, kurs, hastigheit.»

Russiske styresmakter skal ha oppmoda russiske sjøfolk om å ta farleisbevis.

Forbundet har heilt sidan mars kravd at farleisbevisa blir fråtekne russarane, slik at losar kan kome om bord.

– Losen er den einaste offentlege tenestemannen som kan kome om bord og sjå på tilhøva. Vi kan melde frå om alt frå merkelege seglasar til forskjellige mistenkelege ting, seier Sivertsen.

Nye Marjata

Det norske etterretningsskipet «Marjata» som vart sett i drift i 2017.

Foto: Tore Stensvold/Teknisk Ukeblad

Russarar får farleisbevis som normalt

I vår sende Losdirektøren ut eit brev der han minna losane på at dei er offentlege tenestepersonar, og at Kystverket har plikt til å utføre oppdraget.

I fylgje Kystverket får russarar farleisbevis som normalt. Losforbundet er misnøgd med situasjonen.

– Vi har saker titt og ofte der folk vegrar seg, og vil ikkje dette, seier Sivertsen.

Forskar og lærar ved Sjøkrigsskolen, Ståle Ulriksen, er blant dei som har påpeika at russiske fartøy kan segle utan los.

– Alle russiske skip blir rekna blant staten sine instrument. Det er naivt å tru at slike fartøy ikkje blir brukte i spionasje og kartlegging. Fullstendig naivt, har Ulriksen sagt til VG.

Heimevernet på Kårstø i Tysvær i Rogaland

Heimevernet på Kårstø i Rogaland etter at tryggleiken rundt olje- og gassinstallasjonar vart innskjerpa i haust.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Reiarlag kvittar seg med russiske sjøfolk

Fleire hundre russarar jobbar om bord på norsk skip. Desse kan gå ei usikker framtid i møte.

Eit av dei større norske reiarlaga NRK har snakka med, seier dei ynskjer å erstatte russiske sjøfolk med anna mannskap.

I tillegg jobbar om lag 2000 russiske sjøfolk på norske skip i utanriksflåten.

– Vi ventar at det vil bli meir krevjande å bruke russiske sjøfolk. Dette skuldast både innstrammingar i innreise, og utfordringar knytte til utreise frå Russland etter mobiliseringa, seier administrerande direktør Harald Solberg i Rederiforbundet.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil ikkje stille til intervju om saka.

I ein e-post skriv statssekretær Vidar Ulriksen (Ap) at regjeringa har vurdert å suspendere russiske farleisbevis, men har landa på at tiltaket vil ha avgrensa effekt.

– Det vil ikkje påverke uønskt aktivitet utanfor grunnlinja, eller mindre fartøy som ikkje er lospliktige. Dessutan er mange fartøy med russisk førar norske skip, skriv Ulriksen.

Men i fylgje Losforbundet opnar lovverket for å innføre los på fartøy under 70 meter.

Gass bobler opp i Østersjøen fra lekkasje på gassrøret Nord Stream

Gassbobler frå lekkasjen i Nord Stream 2 røyrleidningen i september.

Foto: det danske forsvaret / Reuters

Meiner ein ser gjennom fingrane

Opposisjonen på Stortinget har lenge etterlyst strengare reglar for russiske skip i norsk farvatn. Førre veke kom regjeringa kritikarane delvis i møte.

Russiske fiskefartøy skal no berre gå innom tre norske hamnar, der dei også vil bli kontrollerte.

Stortingsrepresentant Dagfinn Olsen (Frp) er statslos av yrke, og meiner det vil vere tryggast for Noreg å innføre losplikt.

– Det er heilt utruleg at ein ser gjennom fingrane med dette. Vel vitande om at norske losar over år har rapportert om spesielle hendingar.

Olsen har sjølv som statslos opplevd ting som vekkjer mistanke:

– Enkelte russarar spør om ting som er unaturleg å spørje om. Installasjonar på fjelltoppar, aktivitet på Bodø Lufthamn, og vi veit at russarar har uttalt at dei har fått beskjed frå russiske styresmakter om å gjere seg kjent på norskekysten.

Stortingspolitiker Dagfinn Olsen fra Frp

Stortingspolitikar Dagfinn Olsen (Frp).

Foto: Mathias Mikalsen / NRK

– Ville fått negative følgjer

Kystrederiene, som organiserer reiarlag langs kysten, er negative til å ta ifrå russarane farleisbevisa.

Dei fryktar for auka kostnader og ventetid på los, og meiner det kan truge forsyningssikkerheita til Noreg.

– Det vil få ganske så alvorlege følgjer. Ikkje berre for reiarlaga og bemanninga. Dette er ikkje sjøfolka sin krig. Vi må halde fast ved at dette er vanlege innbyggarar som har eit levebrød, og som sender pengane heim til familiane sine, seier administrerande direktør Tor Arne Borge.

Borge seier norske handelsskip seglar langs faste korridorar og langs skipsleia. Rutene er bestemt av reiarlaga.

– Vi må ikkje blande desse saman med russiske forskingsskip, og kanskje også fiskefartøy.