Hopp til innhold

Soppkontrollørar identifiserer ikkje fleinsopp: – Vil ikkje bryte lova

Noregs mest myteomspunne sopp er ikkje pensum for soppkontrollørane.

Fleinsopp

MYTEOMSPUNNE: Det er kjent at fleinsoppen har blitt brukt av nordmenn heilt sidan vikinganes tid. Likevel vil ikkje soppkontrollørane fortelje deg om det er den du har funne.

Foto: Alexander Horn / Colourbox

Mange er ute og fyller kurvene sine med sopp i disse dagar.

Men om du kjem med fleinsopp i kurven og spør ein soppkontrollør, vil du ikkje få svar på kva du har funne.

Soppkontrollørane veit det kanskje ikkje, for fleinsopp er korkje matsopp eller lett å forveksle med matsopp. Difor er ikkje soppen på lista over dei 154 soppane dei skal kjenne.

Men om dei veit det, vil dei likevel ikkje seie det.

– Dei vil ikkje vere med å bryte lova. Det er ein kultur på at ein ikkje vil, sjølv om ein kan.

Det seier Lene Johansen, soppkontrollkoordinator i Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Fleinsopp

Fleinsopp er klassifisert som ein av dei mindre skadelege rusmidla, ifølge Organisasjonen Tryggere Ruspolitikk.

– Kultur på å ikkje ville seie

Fleinsopp er ulovleg i Noreg. Ifølge Narkotikaforskrifta § 5 er både anskaffing, oppbevaring og bruk forbode.

I sommar fekk ei kvinne 6000 kr for å ha oppbevart fleinsopp i bilen.

Det meiner Johansen i Norges sopp- og nyttevekstforbund, gjer at dei soppsakkyndige held munn. Sjølv om dei veit kva sopp folk kjem med i kurven.

Lene Johansen, Soppkontrollkoordinator ved Norges sopp og nyttevekstforbund

– Vi får alle førespurnader om dette på privaten. Eg har fått det fleire gonger. Men eg har førebels ikkje hatt kjennskapen til å hjelpe til, seier soppkontrollkoordinator Lene Johansen.

Foto: Privat

Men det er ikkje nokon regel som seier at kontrollørane ikkje kan opplyse folk om at dei har funne fleinsopp, korkje offentleg eller hos Norges sopp- og nyttevekstforbund.

– Det er litt teit at vi skal vere ein ekspertorganisasjon på sopp, også kan ikkje våre kontrollørar identifisere ein av dei mest myteomspunne soppane i norsk kultur.

– Det er tull. Då vert vi ikkje ein kunnskapsorganisasjon, og det er jo det vi er, seier Johansen.

Les også Håkon sitter «barnevakt» for fremmede som ruser seg på MDMA og fleinsopp

Håkon sitter ved siden av sengen der kunden ligger.

– Naivt å tru folk ikkje vil ruse seg

Organisasjonen Tryggere Ruspolitikk har på sine nettstader informasjon om ulike rusmiddel. Kvar haust opplever dei ei enorm auke av søk på fleinsopp.

– I statistikken kan det sjå ut som at ingen bruker fleinsopp, men på våre nettsider eksploderer interessa kvar september, seier dagleg leiar Ina Spinnangr.

Ina Roll Spinnangr, daglig leder Tryggere Ruspolitikk

Ina Roll Spinnangr, dagleg leiar i organisasjonen Tryggere Ruspolitikk trur det er langt fleire som plukkar og bruker fleinsopp enn ein veit frå spørjeundersøkingar.

Foto: Pernille Sandberg / Pernille Sandberg

– Det er ganske naivt å tru at folk ikkje vil ruse seg, viss ein held tilbake informasjon.

Ho meiner målet må vere tryggast moglege rammar, uansett kva rusmiddel det er snakk om.

Har du prøvd å plukke fleinsopp nokon gong?

Giftinformasjonen: – Folk ringer inn

På små stader blir soppkontrollørar gjerne ringt opp frå legevakta når dei får inn folk som er forgifta av sopp, fortel Johansen i Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Men om dei er forgifta av fleinsopp eller ein anna type sopp det er lett å forveksle fleinsopp med, kan ikkje kontrollørane svare på.

Fleinsopp ved Vårlivarden

Dei fleste soppane som liknar fleinsopp, men som ikkje er det, vil stort sett gi diare og gjere deg oppblåst, ifølge giftinformasjonen ved FHI. Unnataket er den svært giftige spiss giftslørsoppen.

Foto: Erik Waage / NRK

Giftinformasjonen ved FHI har òg opplevd at folk ringer og er usikre på om dei har spist fleinsopp eller om dei har forveksla soppen med ein annan.

– I slike tilfelle må vi utelukke om dei har fått i seg giftige soppar som krev sjukehusoppfølging, seier Anita von Krogh, seniorrågjevar ved Giftinformasjonen hos FHI.

Men giftinformasjonen har ikkje registrert at det har skjedd forgiftingar som følge av at soppkontrollørar ikkje har identifisert fleinsoppen.

Les også Denne bør du ikke børste, men vaske

kantarell

Trur tabuet snur

Organisasjonen Psynapse jobbar no med å få fleinsopp av lista med ulovlege rusmiddel, med kampanjen «frigjer Naturen».

Det er absurd at det er fullt lovleg å plukke svært giftige planter og soppar, medan ein risikerer straff om ein plukkar ein sopp med rusgivande effekt.

Jørn Mjelva, styreleiar i Psynapse

Fleinsoppen hamna på narkotikalista i 1981. Mjelva meiner det skjedde på eit svakt grunnlag og med mangelfull saksbehandling.

Psynapse meiner at å kriminalisere plukking av fleinsopp er ein uforholdsmessig inngriping i allemannsretten, og retten til privatliv.

Jørn Kløvfjell Mjelva, styreleder i Psynapse.

Jørn Kløvfjell Mjelva, styreleiar i organisasjonen Psynapse, seier kriminaliseringa av fleinsopp aldri var gjenstand for ein brei høyring. Berre farmasøytisk institutt ved UiO og politiet fekk uttale seg.

Foto: Jonas Been Henriksen

I tillegg gjer det at folk kan få i seg farlege soppar, om soppkontrollørar risikerer å gjere seg medskuldige i lovbrot ved å identifisere dei.

– Det er ein fordel om soppkontrollørar kan gi beskjed om folk har plukket feil for å unngå at folk får i seg for eksempel spiss giftslørsopp.

Les også Politiker vil slippe narkostraff – mener religionen gir han lov

Øystein Meier Johanessen

Meiner du det bør vere ulovleg å plukke fleinsopp?

Koordinatoren for soppkontrollørane i Noreg, Lene Johansen, meiner at det kjem til å vere vanskeleg for kontrollørane å endre praksis. I alle fall så lenge vi held fram å ha eit uavklart forhold til russtoffet i fleinsopp.

Likevel trur ho tabuet med å snakke om og lære bort sopp som fleinsopp er i ferd med å snu.

– Det er eit generasjonsskifte i organisasjonen no. Fleire meiner det er eit behov for at vi skal opplyse om dette, seier Johansen.

Trygdekontorets rus-spessial. VB der Øystein Meier Johannessen tester fleinsopp.

I Trygdekontorets rus-spesial testar politikar Øystein Meier Johannessen frå Hemnes kommune i Nordland fleinsopp.

Les også Forskar meiner det ligg i DNA-et vårt å halde sankestadene hemmelege

Multer