Hopp til innhold

Topp for sopp i sør – heten øydela i nord

Medan soppentusiastar i store delar av landet nærmast boltrar seg i sopp etter ein regnfull sommar, er det knapt sopp å sjå i skogen i nord.

Kantareller og andre sopper ligger i en kurv. Soppkniven ligger øverst.

Mykje regn i sør har ført til masse sopp i skogen, til stor glede for soppentusiastar. Men i nord er soppen nærmast fraværande.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Soppentusiastar i heile landet har dei siste vekene gått ut i marka og starta soppsesongen. For sopplukkarane i nord ventar det dessverre skuffelse.

Det er nemleg nærast ingen sopp å finne.

DSC04305

Det er ikkje mykje sopp å skryte av i nord i år.

Foto: Ida Harr Overland / NRK

Sol og varmt vêr har vorte godt teke imot av nordlendingane i sommar, men er også eit teikn på ein dårleg sopphaust.

– For soppen har det eigentleg vore katastrofe, seier Eva Espeland, leiar i Tromsø Sopp- og nyttevekstforeining.

En voksen kvinne med turklær og briller står ute, men en kurv i hånden. Kvinnen smiler mot kamera.

Eva Espeland i Tromsø Sopp- og nyttevekstforeining skal slite med å fylle opp kurven sin med sopp i år.

Foto: Ida Harr Overland / NRK

Langvarig tørke og høge temperaturar gjer at soppen held seg nede i bakken. Dermed blir det lite å plukke for soppbegeistra nordlendingar.

Les også Fleire blir hekta på sopp: – Eg et det heile sesongen

Sopptur Kårvåg

Bognar av sopp i sør

I resten av landet har situasjonen vore ein heilt annan.

Eit mykje våtare vêr har kanskje vore ein skuffelse for dei med sommarferie, men har samtidig gitt soppen ein pangstart på sesongen, ifølgje Pål Karlsen, dagleg leiar i Noregs sopp- og nyttevekstforeining.

– Det har vore ein heilt utruleg bra sesongstart i dei andre landsdelane så langt, seier Karlsen.

En kurv med masse sopp i står på bakken. Marka er dekket i gress og sopp

På Austlandet er marka full av sopp.

Foto: Privat

Ulike soppar treng ulike ting, men dei aller fleste trivst best i eit litt fuktig vêr, forklarer Karlsen.

Men det kan også bli for mykje av det gode. Regnar det for mykje, kan det også øydeleggje for soppen.

Pål Karlsen, leder i Norges Sopp- og nyttevekstforbund.

Medan soppen blir borte i nord, får soppentusiastar andre stader i landet kan glede seg over ein god soppsesong, seier Pål Karlsen i Noregs sopp- og nyttevekstsforeining.

Foto: privat

– Soppen kan drukne rett og slett. No håpar vi på berre litt regn innimellom, for å bevare soppsesongen på ein skikkeleg fin måte, seier Karlsen.

Les også Forskar meiner det ligg i DNA-et vårt å halde sankestadene hemmelege

Multer

Kallar på regn

Espeland klagar ikkje på det gode vêret i nord, men som soppentusiast håpar også ho på eit litt meir variert vêr.

– Veksling mellom regn og litt varme er nok det beste. Ikkje for mykje og ikkje for lite, seier ho.

Espeland har allereie vore ute fleire gonger å sett etter sopp. Ho har fleire gode tips på vegen.

1. Lær deg nokre få soppar

Finn ut korleis nokre enkle soppar ser ut, så veit du kva du skal sjå etter i skogen.

– Kantarell og piggsopp er fine nybyrjarsoppar, seier Espeland.

Sopp på 1,2,3,

Slik ser ein kantarell ut.

Foto: NRK

2. Bruk hjelpemiddel

Noregs Sopp- og nyttevekstforbund har utvikla Digital soppkontroll, der du kan få hjelp til å finne ut om soppen du har funne er etande.

I tillegg er det fleire lokale soppforeiningar som arrangerer soppkontroll i sesongen.

– Kvar søndag kan du komme til Tromsø museum, og spørje om soppen du har plukka, seier Espeland.

3. Ver kreativ med tillaginga

Det er mange ulike matretter ein kan bruke sopp i. Espeland behandlar også soppen sin for å få han til å halde lengre.

– Ein kan både sylte og tørke soppen. Slik har du sopp heile året, om det er dårleg eller bra sesong, seier ho.

Les også Plukking og behandling av sopp

Sopp