Hopp til innhold

Regjeringa vil la universiteta tene meir pengar på utdanning

Regjeringa vil late universitet og høgskular ta betalt for vidare- og etterutdanning. Arbeidarpartiet meiner det er ei utholing av norske prinsipp.

Nord universitet

Universitet og høgskular, slik som Nord, vil i framtida kanskje kunne ta betalt for enkelte utdanningar. Det skapar reaksjonar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I dag kan ikkje høgskular og universitet ta betalt for spesielt tilrettelagt vidare- og etterutdanning. I alle fall ikkje om dei vil nytte innhald frå dei vanlege utdanningane. Det vil regjeringa endre.

Dei vil late institusjonane ta betalt for nokre vidare- og etterutdanningar. Det er dette punktet som skapar reaksjonar.

– Vi må gjere det lettare for folk å ta etter- og vidareutdanning, ikkje vanskelegare og dyrare.

Øystein Mathisen er stortingskandidat hjå Nordland Arbeidarparti. Han fryktar det nye forslaget frå Kunnskapsdepartementet (KD) bryt med gratisprinsippet for høgare utdanning.

Nord universitet

I dag kan universiteta nytte stoff og personale frå den ordinære utdanninga i vidareutdanning, men dei får ikkje ta betalt for det. No vil Kunnskapsdepartementet endre dette.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fryktar pengefokus og klasseforskjellar

– For oss er det kjempeviktig at moglegheita for utdanning og kunnskap skal vere gratis og lik for alle, seier Mathisen.

Ap-politikaren er uroa for at folk som har vore i arbeid, men som treng påfyll av utdanning, må ta rekninga sjølv.

Han speglar den uroa fleire av svara på høyringa uttrykker: at små og mellomstore bedrifter ikkje vil ha råd til å sende sine tilsette på etter- eller vidareutdanning, og at dette kan bidra til eit «større klasseskilje basert på økonomi og kunnskap».

Øystein Mathisen, tredje stortingskandidat frå Nordland Arbeidarparti

Øystein Mathisen fryktar ei økonomisk barriere mot vidareutdanning vil føre til auka sosiale forskjellar.

Foto: Privat

– Gratisprinsippet må ligge fast, det er noko av det viktigaste vi har, spesielt no når vi må vidareutdanne fleire.

Han fryktar at dette er starten på ei ny ordning med å ta betalt for utdanning

– Vi er spesielt uroa for universitet som Nord, som allereie skulle ha vore sterkare finansiert.

– Om ein no lagar denne moglegheita, kan ein berre be universiteta sjølv om å skaffe eigne inntekter. Då vert det ein jobb for universiteta å tene pengar og drive business. Det er ikkje hovudoppgåva deira. Det skal vere utdanning, forsking og formidling, seier Mathisen.

Nord universitet

Mathisen fryktar at universitet som Nord i framtida kan bli nøydd til å flytte fokus frå undervising og forsking til å tene pengar for å halde seg flytande.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Avviser kritikken

Henrik Asheim (H) er forskings- og høgare utdanningsminister og statsråd i Kunnskapsdepartementet. Han avviser at nye, betalte studiar vil bidra til auka sosiale forskjellar.

– Nei, eg er ikkje einig i det.

Asheim fortel at den nye ordninga vil gjere at Lånekassen kan gje lån til det skulepengane kostar, sjølv om den som søkjer er i full jobb.

– Universiteta og høgskulane våre utviklar jo veldig mykje bra undervising for heilgradsstudentane som går gratis på høgare utdanning, og vi meiner dette også må kunne brukast på dei som tek etter- og vidareutdanning.

– Kritikarane dine meiner dette er starten på å hole ut og til slutt kvitte seg med gratisprinsippet i høgare utdanning. Er det det de held på med?

– Nei, ikkje i det heile teke, svarar Asheim.

Han understrekar at gratisprinsippet, at alle skal ha tilgang på utdanning utan at det kostar noko, er lovfesta, og at dei ikkje har lagt fram planar for å endre dette.

Henrik Asheim, Arbeids-og sosialminister.

Henrik Asheim er viss på at den planlagde endringa vil gagne både universiteta og næringslivet.

Universitetet sjølv positive

Nord universitet sjølv delar ikkje Arbeidarpartiet sitt syn. Dei kjem til å sende sitt eige høyringssvar, og støttar KD sitt forslag.

– Dette er jo ikkje eit tiltak, slik vi ser det, for å byrje krevje pengar på alle moglege studietilbod i Noreg.

Levi Gårseth-Nesbakk

Nord vil byrje å ta betalt for nokre utdanningar om dei får lov. – Men det betyr ikkje at vi kjem til å byrje krevje betaling for alle grunnstudiar, ein må halde desse tinga åtskild, seier Gårseth-Nesbakk.

Foto: Nord universitet

Levi Gårdseth-Nesbakk er prorektor for utdanning ved Nord universitet. Han meiner det i høgare utdanningssektoren er kjend at det er vanskeleg å levere etter- og vidareutdanning fordi det er ressurskrevjande.

I dag har dei ikkje får lov til å bruke innhald frå den vanlege undervisinga i desse utdanningane – og ta betalt for det. Det vil KDs forslag endre på.

– No må vi stadig kome opp med nye ting, ofte på kort tid. Då er det vanskeleg å få det utvikla skikkeleg og kvalitetssikra.

Han meiner at kompetansepåfyll vert meir og meir viktig i tida som kjem.

– Det at folk vert tilsett og jobbar i 40 år og får gullklokke... ein skal ikkje sei at den tida er forbi, men det er jo ikkje det som er vanleg lenger, seier Gårdseth-Nesbakk.

Nord kjem til å gjere seg nytte av ei slik ordning, om den går gjennom.

Studiestart Nord Universitet 2020

Nord universitet trur ei eventuell ny ordning vil gjere det lettare for dei å tilby vidare- og etterutdanning.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK