Hopp til innhold

Kven kan Thea låne sykkel av? Testar løysing for digital bod

Å låne ting er ikkje berre bra for lommeboka og miljøet. Det kan også gjere deg mindre einsam, meiner forskar frå FHI. No kan ein ny app gjere det enklare å låne ting du trenger.

Thea Wedege har rutete skjerf, mørkt hår i fletter og sort jakke. Hun smiler til kameraet. I bakgrunnen ser man sykler og en studentbolig.

Thea Wedege har verken plass eller råd til alt ho trenger, men ho veit ikkje kven ho skal spørje om å låne det.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg skulle gjerne hatt eit strykejern eller ein sykkel, men eg veit ikkje kven eg skal spørje, seier Thea Wedege.

Studenten frå Vennesla flytta nyleg til Bodø. Som student har du ikkje alltid moglegheit til å ta absolutt alt du treng med i flyttelasset.

– Det er ikkje så lett å få plass til alle tinga du trenger i ein liten studenthybel. I tillegg er det ikkje alt eg har råd til å kjøpe, seier ho.

Men det er ikkje berre, berre å få lånt ting heller.

Thea kjenner ingen i blokka som ho kan låne av, sjølv om det burde vere gode moglegheiter for at nokon til dømes har ein sykkel eller eit strykejern tilgjengeleg.

Thea Reddel App

Thea Wedege bur i studentbustad på Mørkved i Bodø. Som mange andre studentar har ho ikkje plass til alt ho treng i leilegheita si.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Mange ting blir ståande att

Det bur om lag 600 studentar i Mørkvedlia Studentpark, der Thea bur.

Monica Jotun, leiar for bustadutleige ved Studentinord, seier dei har et motsett problem når studentane drar.

Altfor mange ting blir ståande att.

– Studentane må kjøpe inn ein av alt. Når dei flytter ut blir ofte mykje ståande att. Det er eit forbruk som er unyttig for studentane eller miljøet, seier ho.

Monica Jotun har lyst langt hår og rosa skjerf. Hun står foran en rød studentbolig og smiler til kameraet

Monica Jotun, leiar for bustadutleige ved Studentinord, seier det blir ståande att mykje etter studentane når dei reiser frå studentbustadene. Det bruker dei mykje ressursar på å kvitte seg med.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Også med tanke på at studentane sin økonomi er pressa, meiner ho det er behov for løysingar som gjer det lettare å dele.

– Kvifor ikkje starte her i studentbustadene, spør ho.

Og det er nettopp det Eirill Pettersen Buvik vil prøve å finne ei løysing på.

Les også Vil innføre motivasjonsbrev for å bli student: – Mange velger ikke studier av rette grunner

Tre studenter som ser i kamera i et sammensatt bilde

Ein digital bod

Buvik er trebarnsmor og har om lag motsett problem som studenten Thea. Ho har ein bod full av ting og utstyr, men veit ikkje kven ho kan låne bort til.

– Eg har oppdaga at det ikkje er nokon stad eg kan få sagt ifrå til nettverket mitt om at dei kunne låne frå meg. Og heller ikkje ein plass der eg kunne spørje om å låne ting.

Difor har ho blitt gründer og laga ein app som ho beskriv som ein «digital bod».

Eirill Pettersen Buvik har mørkeblå kåpe og brunt hår oppsatt. Hun står foran parkeringsplassen på Mørkved Studentboliger og smiler til kameraet.

Eirill Pettersen Buvik er gründer ein app ho har kalla Reddel. Sjølv beskriv ho appen som ein blanding mellom sosiale medium og finn, berre at ein kan låne ting heilt gratis.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Konseptet er at vi lager eit digitalt delingssamfunn som skal gjere det lett for folk å dele ting i nettverket sitt, seier ho.

Ideen er at folk kan lage små samfunn i nettverket med familie, ein venegjeng, naboar, idrettslaget ein foreldregruppe eller burettslaget, til dømes.

Slik ser den nyutvikle appen Reddel ut. Ein person skrollar nedover ei side med bilde av ulikt turutstyr ein kan låne gratis

Slik ser appen Reddel ut på innsida. Brukarane kan skrolle gjennom dei ulike tinga ein kan låne frå sitt nettverk.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Du bestemmer sjølv kva du vil dele frå din digitale bod, og kva du deler med kven.

Etter kvart skal appen òg få ein funksjon der ein kan leige ut ting ein til dømes vil folk skal vere forsiktig med.

Forskar: – Ikkje sikkert det har ein klimaeffekt

Tom Julsrud er forskingsleiar ved Cicero. Gjennom prosjektet «UPSCALE» prøver han å forstå dei ulike kjensla knytt til deling og låning.

– Ideen om å dele har vakse og folk har blitt betre til å dele på ein del område som gjenbruksstadar på nett, seier han.

Forskinga viser at særleg yngre er flinkare til å sjå at dei kan låne utstyr dei treng, sjølv om det førebels berre er eit mindretal som låner framfor å kjøpe.

Tom Erik Julsrud

– Forbruket i Noreg er framleis aukande. Det er uklart i kva grad slike delingsappar faktisk bidreg, seier Tom Julsrud, forskingsleiar ved Cicero.

Foto: Privat

Han fortel at det allereie finst ein del appar som til dømes bildelingsappar og appar for mat på marknaden.

I tillegg finst til dømes allereie appen Hygglo der ein kan leige ut tinga sine, og låneordningar som Bua eller Turbo.

– Det viktigaste er at stadene der ein kan låne ligg ganske nært der du er. I tillegg er det viktig at folk føler at det er trygt og at det blir nok brukarar, seier Julsrud.

Skjermdump av Nabohjelp

Til dømes OBOS har tidlegare hatt ein app kalla «Nabohjelp». Det såg ut til å bli ein suksess, men no har prosjektet stoppa opp kanskje fordi dei ikkje fekk nok brukarar. Men ein kan framleis låne og dele innafor burettslaga i den nye VIBBO-appen, fortel Julsrud.

Men det er framleis usikkert kva effekt slike appar har på klima- og miljø.

Det er nemleg ein risiko for at dei som nyttar lånetilboda berre gjer det for å bestemme seg for om dei vil kjøpe gjenstanden på eit seinare tidspunkt.

– Viss det skal ha ein klimaeffekt må det vere fordi folk faktisk lar vere å kjøpe noko.

Det som derimot er sikkert er at sosiale miljø blir påverka når vi deler.

– I nabolag der det er mykje deling er det sosiale også betre. Delearenaer kan vere viktig for å bygge opp gode lokalmiljø, seier forskaren.

Les også Daniel (27) lever av det han finner selv

Daniel Singh Bal har på seg blå strikkegenser og grønn strikkelue. Han har sort skjegg og hår og smiler mot en grønn og en lilla kråkebolle han holder i hendene.

Kan hjelpe mot isolasjon

Leila Torgersen er psykolog og jobbar for tida som forskar på Divisjon for psykisk helse, Nasjonalt folkehelseinstitutt ved FHI.

Ho trur appen òg kan motverke einsemd.

– I gamle dagar kunne ein låne ting av naboen og samstundes slå av ein prat. Det er det få som gjer i dag, seier ho.

Ho seier at nettfellesskap er ein kjelde for folk til å treffe folk og motverke isolasjon.

Les også Nytt reknestykke: Studentane går i minus kvar månad

Adrian Hansen. Nord universitet. Mørkvedlia. Studentbolig.

Men det føreset at studentane faktisk møter kvarandre med den nye appen.

– Å møte folk i verkelegheita gir ein heilt anna type kontakt. Om dei berre legg ting att i ein bod, vil det ikkje fungere på den måten.

Marte Reddel App

Marte Aas Hauge, leiar for Studentliv, har tidlegare vore student ved Nord Universitet og er nå prosjektleiar for Studentinord.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

I Mørkvedlia får dei moglegheit til å gjere begge deler. Dei kan både legge tinga i boden i kjellaren eller ha det heime hos seg sjølv, fortel Marte Aas Hauge, leiar for Studentliv.

– Studentane kan dele og låne slik dei vil. Om dei vil ha besøk på døra eller bruke boden som ein mellomstasjon. Men det er berre dei som bur i blokka som har tilgang.

I tillegg kan ein booke fellesareal i blokka med Reddel-appen.

Les også Ny studie: Sosiale medier gir ikke økt risiko for angst og depresjon

Illustrasjonsbilde mobiltelefon.

Låner bort puslespel

No er appen i ein test-modus, og studentar som Thea ved Nord-universitet får prøve ut appen som eit pilotprosjekt i studentbustadene.

– Det er veldig greitt for meg å ha tilgang til den. Det eg ikkje fekk med meg då eg flytta, og ikkje har råd til, kan eg låne via appen.

Reddel app Thea

Thea Wedege lånar vekk puslespelet sitt og håpar å kunne låne eit ho ikkje allereie har pusla av andre studentar. Slik kan ho også kanskje få nye vener, meiner ho.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

I tillegg har Mørkvedlia Studentpark oppretta ein bod der studentane kan hente eller legge ting de vil låne eller låne bort.

I denne boden har Thea mellom anna lagt eit puslespel. Det låner ho ut gjennom appen. Til gjengjeld håper ho at ho kan låne andre puslespel av sine medstudentar.

– Også håper eg at eg kan få lånt meg ein sykkel.

Og kanskje kan Thea også få nye vener om ho låner noko frå nokon.

Les også Kuljit (17) og hennar generasjon er i mindretal i Nordland: – Skiljet var historisk

Kulit Kauman har mørkt hår og mørkebrune øyne og smiler til kamera. Hun har nesering, svart skinnjakke og grå ullgenser. I bakgrunn er det flere ungdommer som skal stemme på skolevalg.