Hopp til innhold

124 politifolk søkte seg til distriktskommune med 2700 innbyggjarar

Om få dagar går kontrakten til dei 400 mellombelse koronastillingane i politiet ut. Då vil fleire hundre politifolk truleg stå utan jobb. – Helt forferdeleg, mener Politiets Fellesforbund.

Innahvet politistasjon i Hábmera suohkan/Hamarøy kommune. Politija Politjja Bulkke

124 kvalifiserte søkarar søkte seg til éin fast stilling på Hamarøy. Politiets Fellesforbund meiner det lover dårleg for nyutdanna politifolk.

Foto: Elena Junie Paulsen / NRK

Nyleg gjekk søknadsfristen for éi fast, ledig stilling ut på Innhavet politistasjon i nordlandskommunen Hamarøy.

No ligg ein tjukk søkarbunke med 124 søkarar på pulten til politisjefen.

– Det har blitt ganske vanleg dei siste åra. Det er mange ledige politifolk der ute, seier lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Nordland, Marina Sørgård til NRK.

politioverbetjent Marina Sørgård ved Narvik politistasjon.

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Nordland, Marina Sørgård, er bekymra for at politifolk kjem til å søke seg til andre yrke.

Foto: Markus Thonhaugen / NRK

For det er ikkje første gong dette skjer. Høge søkartal har vore trenden ein god stund.

– Eg synest det er helt forferdeleg. Sånn situasjonen er i dag vil det ikkje vere nok ledige jobbar til dei som utdannar seg no. Eg fryktar at nokon av dei blir arbeidsledige.

Det var Avisa Nordland som omtalte saka først.

Har alltid hatt ein plan B

Daniel Sinnes, studentrådsleder ved PHS avd. Bodø

Daniel Sinnes har alltid hatt ein plan B.

Foto: Privat

Daniel Sinnes er politistudent. Han meiner dei fleste som studerer på politihøgskulen bør ha eit alternativt yrke i tankane etter utdanninga.

– Eg har alltid hatt ein plan B viss eg ikkje får jobb etter utdanninga, seier Sinnes, som òg er studentrådsleiar i Politihøgskolen i Bodø.

Han trur det er naturleg at politistudentane har andre yrke i kikkerten.

– Det er ikkje alle som får jobb etterpå. Vi kan ikkje forvente oss det, og noko må vi jo leve av.

Sinnes trur mange politistudentar kan bli overraska over kor vanskeleg det er å få seg jobb etter studiane.

408 nyutdanna politistudentar frå 2021-kullet hadde politijobb ved utgangen av august, men berre 13 heldige gjekk inn i fast stilling.

– Eg trur mange vil føle det som eit slag i trynet. Dei piner seg på skulebenken i fleire år, også får dei den i fleisen etterpå. At det ikkje er jobb.

– Eg synest det er rart at dei år etter år vel å utdanne fleire enn dei treng. Det er oppskrifta på å få mange nyutdanna som ikkje finn seg jobb etter studia.

Mange ledige stillingar i politiet

Ifølge Marina Sørgård, lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Nordland, kan snart fleire hundre politifolk stå utan jobb i Noreg.

Det vart oppretta 400 mellombelse stillingane i politiet i samanheng med koronapandemien. Mellom anna dei som har vakta grensa.

Kontrakten deira utløpar om få dagar. Sørgård fortel at dei enno ikkje veit om dei har jobb etter nyttår.

– Det blir nok endå fleire ledige no. Dei nyutdanna studentane skal mellom anna konkurrere med dei som no blir arbeidsledige.

Det er allereie mange i politiet som går i vikariat og andre mellombelse stillingar i politiet. Dei som går arbeidsledig kjem på toppen av dette.

Men det er ikkje mangel på jobbar i politiet. Problemet ligg i at det ikkje er pengar til å opprette stillingane, fortel Sørgård.

– Budsjettsituasjonen til politidistrikta gjer at ein ikkje får tilsett nok folk. Difor vert nokon tilsett i korte vikariat, men faste stillingar får dei ikkje oppretta. Det er ikkje pengar til det.

Den som får jobben i Hamarøy kommune må også flytte til kommunen. Det gjer at den fråflyttingstruga kommunen i alle fall får éin innbyggar til.

Ordfører Britt Kristoffersen i Hábmera suohkan/Hamarøy kommune

Ordføraren i Hamarøy, Britt Kristoffersen, ser ikkje berre lyst på det høge søkartalet til kommunen som er truga av fråflytting.

Foto: Elena Junie Paulsen / NRK

Hamarøy-ordførar Britt Kristoffersen synest likevel det høge søkartalet har ein viss bismak.

Det er ikkje berre gledeleg å sjå at det er så mange politifolk som står utan arbeid, men det er jo hyggeleg at dei ønsker seg til Hamarøy. Den eine som får jobben kjem til å trivst, seier ho.

Hit søkte 124 kvalifiserte søkarar seg til ledig politistilling. Sjølv om mange andre vel å flytte frå kommunen.

Ho peikar på at det er moglegheiter for at politiet kan opprette fleire stillingar på Hamarøy. Kommunen har nemleg ikkje full dekning på vaktordninga i politiet.

– Om dei vil opprette fleire stillingar får fleire av dei jobb, foreslår Kristoffersen.

Sørgård i Politiets Fellesforbund peiker då på at ansvaret ligg hos politikarane og i tildelinga til budsjetta.

Regjeringa har vedtatt å vidareføre budsjettposten for dei 400 stillingane som vart oppretta med korona.

Men politidistrikta står fritt til å bruke pengane som dei vil, og mange politidistrikt slit med etterslep i mellom anna utstyr.

Sørgård meiner pengane bør bli øyremerka til tilsetting.

– Den nye regjeringa har lova oss fleire tilsette ute i patrulje i distriktet. Det er der behovet er.

Politistudenter

Samanlikna med tidlegare år, er det liten forskjell i talet på nyutdanna i fast jobb, men målt i prosent er trenden for rask fast tilsetting fallande.

Foto: Marianne Lund Buset

Statssekretær Erik Idsøe i Justis- og beredskapsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei har stor forståing for at nyutdanna politi har vore bekymra for framtida.

– Eg kan ikkje gå god for tala som presenterast her, men på generelt grunnlag vil regjeringa ha fleire politifolk og at fleire får faste stillingar.

Idsøe poengterer at faste stillingar gjev betre lokalkunnskap og ein betre teneste for folk i nærmiljøet.

Løyvinga til dei 400 stillingane er varig. I tillegg ynskjer vi i statsbudsjettet for neste år løyvingane til politiet med 200 millionar kroner for å få fleire politifolk i heile landet.

Vert ikkje skremt av dårleg jobbtilbod

Politistudenten Sinnes i Bodø trur likevel at mange unge ønsker å bli politi.

– Eg trur vi er mange som er motivert til å bli politi, sjølv om jobbsituasjonen er som han er, seier Sinnes.

Marina Sørgård, lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Nordland, set no sin lit til at politikarane trår til.

– Eg håper at politikarane no løyver pengane som er nødvendig får å få dei som no er ledige ut i arbeid som politifolk før vi mister dei. Det er mitt store ønske.