Hopp til innhold

Anleggshjelmen som Sigbjørn (25) fann vekker oppsikt i Boston Globe

Sigbjørn Eide fann ein anleggshjelm i fjæra. Det viste seg at han hadde reist 5.300 km over havet. Det overraskar ikkje plastforskarar.

Sigbjørn Eide og annleggshjelmen fra Main i USA

Sigbjørn Eide frå Bindal har blitt strandryddarkjendis etter at han fann hjelmen. Innlegg om han har fått over 10.000 likarklikk.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein anleggshjelm funne på ein strand i Bindal i Nordland har vekka oppsikt i internasjonale medium som Boston Globe og New York Post.

Hjelmen hadde nemleg reist over 5000 km.

Det gjorde ein gut frå Harangsfjord i Bindal kommune verdskjent, same dag som han fekk vite at han hadde fått fast jobb som strandryddar.

Plastforskarane er derimot ikkje overraska over at ein plasthjelm kan gjere ein slik reise. Dei seier at det er mykje meir plast i havet enn vi er klar over.

Les også Her lager de mer mikroplast for å få mindre mikroplast i naturen

Forsker som lager mikroplastbiter

– Ganske utruleg

25 år gamle Sigbjørn Eide frå Bindal kommune hadde nett fått beskjeden om at han hadde fått jobb som strandryddar i Smøla kommune, då han rusla ned i fjæra.

Han skulle feire med noko han likar godt å gjere når han er heime. Rydde søppel i fjæra.

Det han fann gjorde han til kjendis blant strandryddarane allereie før første dag på jobb.

På ei lita seng av tang låg det nemleg ein anleggshjelm.

– Eg tenkte først at han kom frå ein stad i nærleiken, men eg syntest det var litt snodig med det amerikanske flagget på hjelmen, seier Eide til NRK.

Den unge strandryddaren pakka skatten i sekken, og sette i gong eit detektivarbeid. Då viste det seg at hjelmen hadde vore ute på ein lang reise.

Kartet viser hvor lang annleggshjelmen har reist
Hjelmen hadde nemleg flote frå Maine i USA til tangsenga i Harangsfjord.
– Eg blei litt forferda. Amerika er eit godt stykke unna, sier Eide.
Slik så annleggshjelmen ut da Sigbjørn Eide fant den i Harangsfjord
Eide tok kontakt med MaineDOT som eigde hjelmen.
Dei blei ganske overraska. Det gjorde at både New York Post og Boston Globe fekk nyss i funnet.
Annleggshjelm som har reist fra Main til Harangsfjord i Bindal
Sigbjørn Eide fortel at hjelmen var dekt i ukjente typer alger og tang frå reisa over havet.
Han veit ikkje kor lang tid reisa tok, men hjelmen var laga i 2016.

– Det er ganske utruleg at ein liten hjelm kan reise så langt, seier Eide.

Men det var kanskje ikkje tilfeldig at det var nettopp Eide som fann anleggshjelmen i tangsenga.

Han kjem nemleg på eit vis ein strandryddebygd.

Harangsfjord har berre 17 innbyggarar. Ein dag kvar vår går dei saman og plukkar søppel.

Etter at kvalen som var full i plast vart funne for nokre år sidan har også dei merkt eit større engasjementet for å rydde søppel på strendene.

Les også Strandryddingas Harald Hårfagre har fått kreft og mister skjegget: – Gir ikkje opp

Rolf-Ørjan Høgset frå In the Same Boat i sjukesenga med langs skjegg.

Mest effektivt å rydde strender

Men at anleggshjelmen frå Maine i USA hamna på ei strand i Noreg er ingen overrasking for Marthe Larsen Haarr, seniorforskar i Salt.

– Ein anleggshjelm held seg godt flytande. Då er det ikkje så overraskande at det klarer å kome seg så langt.

Ho er del av eit forskingsteam som har forska på kor mykje søppel det eigentleg er i verdshava. Og kvar det hamnar.

Grafen viser hvor det er gjort mest funn av søppel

Grafen viser at av det søppelet som har vore kartlagt i verda er det aller mest søppel på strendene.

Foto: EUROqCHARM prosjekt

Fleire modellar visar nemleg at mykje søppel er innom ein strand i løpet av sin reise. Men det betyr ikkje at det vert liggande der.

Difor er det mest effektivt å rydde det medan det er på stranda, fortel seniorforskaren.

Marthe Larsen Haarr seniorforskar i Salt

– Når ein ser at tettleiken er høgast på strendene, er det ein skånsam måte å få rydda søppel på, seier Marthe Larsen Harr, seniorforskar i Salt.

Foto: Espen Mortensen

– Forskinga er i steinalderen

Likevel er store mørketal på kor mykje plast som finst i hagane på kloden.

– Samanlikna med klimaforsking kan vi seie at forsking på plast i havet er i steinalderen, seier Kjersti Busch, dagleg leiar i Salt.

Kjersti Eline Tønnessen Busch

Kjersti Eline Tønnessen Busch er dagleg leiar i Salt. Dei har samla alt dei har funne av tilgjengeleg forsking på plast i havet frå heile verda for å få eit globalt bilete av mikroplastforureining.

Foto: Espen Mortensen

Eit av dei verkeleg store utfordringane er at forskinga er så fokusert på enkeltområde, særleg rundt Middelhavet. Det gjer det at forskinga ikkje er særleg geografisk spreitt.

– Det er stor skeivheit mot rike vestlege land fordi vi publiserer meir forsking. Difor veit vi meir om korleis det er her enn dei mindre utvikla områda i verda, seier Harr.

Kartet viser hvor det er gjort studier på søppel i verden

Kartet viser kvar det er gjort studiar på søppel i havet i verda. Haarr legg vekt på at det ikkje viser kvar det er mest søppel.

Foto: EUROqCHARM prosjekt

Men om forsking på plast i hava ligg så dårleg an, kvifor bruker vi ikkje meir pengar på å forske på det?

Sjur Nesheim analytikar i Handelens miljøfond stadfestar at forsking på plast i havet ikkje har vore finansiert på same vis som klimaforsking.

Likevel meiner han at arbeidet som vert gjort no er viktig for framtida.

– Det er mykje plast som allereie er i havet, men det er ikkje noko mot dei mengdene som kjem om vi ikkje gjer større tiltak, seier analytikaren.

strandrydding i Berlevåg

Gjennom programmet Rydd Norge skal dei rydde 40 prosent av ytre kyst og prioriterte vassdrag innan 2023. Det trur Sjur Nesheim i Handelens miljøfond vil gi viktig kunnskap om effektane plast har på miljøet.

Foto: Gunnvald Hansen / Privat

– Det at vi jobbar med forsking i Noreg på plastforsøpling hjelper på plastproblema i Noreg. I tillegg kan det vere overføringsverdi knytt til kvar plast samlar seg opp og kva som gjer at det samlar seg der, seier Nesheim.

Les også Søppelet i havet er en tapt sak, mener forskere: – Ingen vits i å rydde opp der

Dykking etter søppel i havet

Etter at Sigbjørn Eide fann hjelmen har han fått mykje merksemd. Han rekk ikkje å svare på alle meldingane han får på Facebook.

Og kjendisstatusen gir den unge strandryddaren meir motivasjon til å halde fram med å rydde strender.

– Eg kjem alltid til å rydde søppel. Det er ein stor del av meg. Strandrydding har vore ein hobby som no blir eit fulltids yrke.

Les også Vildes forskning kan gjøre strandryddingen mer effektiv

Vilde Sørnes Solbakken i felt