Hopp til innhold

Knut og Lene angrar på cruiseferien: – Tykte vi var veldig flinke som heldt oss i Noreg

Ekteparet sit innesperra på skipet «SeaDream 1» som ligg i karantene til kai i Bodø etter at en tidlegare passasjer testa postivt på Covid-19.

Knut Johannesen og Lene Bjørlo om bord på SeaDream 1 i Bodø havn.

Knut Johannesen og Lene Bjørlo er sett i karantene på lugaren. Sjølv fortel dei at dei har det fint etter forholda, med servering på døra.

123 passasjerar og 85 mannskap er i karantene om bord SeaDream 1 i Bodø.

Det var ikkje slik Knut Johannesen og Lene Bjørlo hadde sett føre seg å bruke ferien.

– Det er jo trist å sitte inne på ein lugar, det er ikkje slik vi hadde sett dette føre oss, men mannskapet gjer absolutt det beste ut av moglegheitene her, seier Bjørlo.

SeaDream 1 til kai i Bodø.

SeaDream 1 til kai i Bodø. Oppe på kaia står telt der mannskap og seinare i kveld passasjerar skal bli testa for covid-19.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Ein annleis ferie

Ekteparet frå Oslo fortel at dei vanlegvis reiser til Spania om sommaren. Det gjekk jo sjølvsagt ikkje i år, men på ferie ville dei.

Etter å ha fått høyre korleis bror til Bjørlo hadde det på eit tidlegare cruise med SeaDream, vart dei entusiastiske.

– Vi heiv oss på med ein gong, seier ho.

– Vi tykte vi var veldig flinke som skulle halde oss i Noreg, seier Bjørlo.

Avisa Nordland prata med paret først.

Men draumen om å svømme i bassenget, ete på restauranten og gå i hamn på veg sørover for å oppdage norskekysten, fekk ein brå stopp før cruiseskipet kom til Bodø i natt.

– Her har vi mista alle moglegheiter til for eksempel å køyre vasskuter og slike ting. Alt er lagt på is. Vi får ikkje lov til å gjere nokon ting, seier Bjørlo.

Basseng ombord SeaDream 1

Basseng og fleire aktivitetar er vanlegvis eit trekkplaster på slike cruise, i tillegg til storslått natur. Men for passasjerane på SeaDream 1 vart det ikkje slik.

Foto: Privat

Ny informasjon i kveld

Tidlegare i dag vart det kjend at det berre var mannskapet som skulle bli testa for covid-19. Seinare vart dette endra og alle passasjerane skal også bli sjekka.

Tidlegare sa smittevernlege hjå Bodø kommune, Kai Brynjar Hagen, til NRK at det er liten sjanse for at dei reisande vert sjuke:

– Mannskapet har vore i kontakt med den som seinare fekk ein positiv prøve, so det er desse vi vil teste først. Passasjerane er jo nye om bord og har ikkje hatt nokon direkte kontakt med den smitta.

Ida Pinnerød og Kai Brynjar Hagen på kaia i Bodø

Smittevernlege Kai Brynjar Hagen og Bodø-ordførar Ida Pinnerød (Ap) var tidlegare i dag på kaia for å halde auge med situasjonen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Ut frå det totale biletet er sannsynet veldig lågt for at det faktisk er noko smitte om bord, sa Hagen.

Enn so lenge skal det ikkje vere nokon med symptom om bord.

Klokka 18:00 skal passasjerar og mannskap få ny informasjon om nokre av mannskapet er smitta. Passasjerane sine prøvar kjem ikkje til å vere klare enno.

SeaDream 1 til kai i Bodø.

Helsepersonell held på å teste passasjerar og mannskap om bord SeaDream 1. På kaia kan ein sjå telta der testane vert gjort.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Men enn so lenge får ikkje Johannesen og Bjørlo gå i land, og må berre halde seg i lugaren sin.

– Nei for oss er jo det kjempesynd, men vi må jo berre følgje dei reglane som er. Det trur eg alle innfinn seg med, at slik er det, seier Bjørlo.

– Angrar de på at de tok turen då ting vart som dei vart?

– Nett no gjer vi jo det. Men vi får ikkje ta alle sorger på forskot. Vi har litt galgenhumor i det heile, det må vi ha.

På tur med SeaDream 1

Johannesen og Bjørlo seier dei fekk eit flott cruise frå Tromsø til Bodø, og at dei fekk gå i land på mellom anna Henningsvær i Lofoten.

Foto: Privat

Vil vurdere om passasjerane får reise heim

Dei reisande som vart testa i dag kjem til å få svar so fort som råd, opplyser kommunen.

– Om passasjerane som ikkje er smitta ynskjer å forlate skipet, kjem dei til å få løyve til det?

– Det er ei vurdering helsemyndigheitene vil gjere saman med oss, seier ordførar i Bodø, Ida Pinnerød (Ap).

– So er det viktig for meg å understreke at vi sjølvsagt vil gjere alt vi kan, saman med reiarlaget og andre myndigheiter, for å sjå til at det eventuelt skjer på ein forsvarleg og god måte, seier Bodø-ordføraren.