Hopp til innhold

Klimaverstingen har fått herje i fleire år – no veit forskarane kvifor

Ny forsking syner at overfiske på 60-talet bidrog til dei undersjøiske ørkenane som no ligg utanfor norskekysten.

Steinbit i tareskog

Steinbiten var lenge rekna som ein ufisk og kasta over bord. På midten av 60-talet endra dette seg, og det kan ha bidrege til kråkebollens herjingar.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei siste tiåra har hordar av glupske kråkebollar ete opp mil på mil med tareskog.

Tareskog som var verd 15 millionar kroner per kvadratkilometer, og ikkje minst lagra millionar av tonn med CO₂.

Ny forsking syner at det truleg var vår iver etter å fiske steinbit og torsk på 60-talet som gav dei piggete sjødyra overtaket.

Det syner kor viktig det er å ta vare på økosystema våre, meiner forskarane.

Marin ørken som følgje av kråkebollar

Slik ser havbotnen ut mange stadar langs norskekysten. Kråkebollane har forsynt seg grovt og lèt etter seg ein undersjøisk ørken utan liv.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

– Vi forstyrra økosystemet

Vanlegvis skal økosystemet i ein tareskog sjå slik ut:

  • Tang og tare dominerer. Dei bitt opp CO₂ og er mat for dyrelivet
  • Beitarar, som kråkebollen, et på tara
  • Rovfisk som steinbit, kysttorsk og hyse et kråkebollane igjen
  • Menneskje fiskar rovfisken

Dette er altso målet. Men den nye forskinga, som består av nye analysar av gamle data, syner at det var nett vår rolle i dette krinslaupet som rota det til.

Fiskebåt i Stamsund i Svolvær, (16.10.1946)

Vi har alltid fiska mykje, som her frå Stamsund i Svolvær i 1946. Det nye på 60-talet var at vi fiska utanfor sesong og på nye stadar – som i tareskogen.

Foto: Anders Beer Wilse / CC

På 1960-talet endra fisket seg, og vi byrja trekke opp både steinbit, torsk som ikkje var skrei og hyse.

– Då alle dei fiskeartane vart svekka gjennom hardt fiske vart denne funksjonen, å ete kråkebollar, svært svak, seier Even Moland, ein av forskarane bak studien.

– Til slutt var det ingen som kunne halde ved like den funksjonen og då greidde kråkebollen å få overtaket.

Mangfald er viktig

– Økosystemet vart forstyrra av overfisket, seier Moland.

Han meiner dei nye funna tydeleggjer behovet for å halde oppe gode økosystem, og vere bevisste då vi gjer inngrep som kan påverke eitt eller fleire ledd i næringskjeda.

– Det er veldig mange som lurar på kva vi skal leve av etter olja. Det er jo veldig enkelt: mat, seier Moland.

Even Moland

Even Moland seier at Havforskingsinstituttet arbeidar for å betre forstå og følgje med på økosystema i havet.

Foto: Tomas Berger / NRK

Og nett det å ikkje fiske for mykje er, paradoksalt nok, ein viktig del av det å skaffe nok mat:

– Det er økosystem som er intakte og som leverer tenester som gjer at våre etterkomarar kan leve gode liv. Då er det heilt avgjerande at vi brukar beste tilgjengelege kunnskap til å rette opp i dette.

I tillegg seier han at det løner seg å late fiskebestandar bli verande robuste.

– Det er so mykje lettare, krev so mykje mindre innsats, å hauste frå sterke bestandar, seier Moland.

Tareskog

Tareskogen bitt opp CO₂ i svære mengder. I tillegg er den heim for dyr og plantar av mange slag. So lenge kråkebollen ikkje står utfordra.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Strammare verning

Moland seier han og medforfattarane av studien meiner funna syner at ein må ha ei heilskapleg tilnærming til fiskeriforvalting.

Det heilskaplege biletet der heile økosystemet er undersøkt må med, meiner dei.

– Vi argumenterer også for det å innføre nokre permanente verneområde der naturen får vere heilt i fred. Her kan den naturlege tilstanden få utvikle seg uavhengig av fiske, og kan virke som ei slags forsikring mot feilslege forvalting, seier han.